Læremiddel i skulen

Lærer med to elever.
Lærarar og elevar må få avgjerande innverknad på utviklinga av neste generasjon læremiddel, meiner Utdanningsforbundet. Foto: Aksel Hjemstad

Digitale læremiddel av ulike slag utfordrar læreboka i stadig sterkare grad og fører med seg nye produsentar, nye produksjonsformer og nye måtar å distribuere læremiddel til skulane.

Læremiddel har alltid vore viktige arbeidsreiskapar for elevar og lærarar i norsk skule. Fram til nokså nyleg har læreboka stått i ei særstilling, og vi hatt ein stabil situasjon når det gjeld produksjon og distribusjon av lærebøker og tilleggsmateriell, med nokre få store forlag som dominerande aktørar i marknaden.

Digital utvikling av læremiddel

Dei siste åra har vi sett fleire teikn på at både læremiddelmarknadene og sjølve læremidla er i endring. Digitale læremiddel av ulike slag utfordrar læreboka i stadig sterkare grad og fører med seg nye produsentar, nye produksjonsformer og nye måtar å distribuere læremiddel til skulane. Utviklinga blir skunda på av fagfornyinga, som vil gjere det naudsynt å skifte ut læremidla i dei faga som blir berørte. I tillegg ser vi ein globalisering av læremiddelmarknaden der internasjonale produsentar søkjer innpass i den norske marknaden. Ingen kan sikkert seie korleis framtidas læremiddel vil sjå ut. Det som likevel er sikkert, er at lærarar og elevar må få avgjerande innverknad på utviklinga av neste generasjon læremiddel og i spørsmål knytte til produksjon og distribusjon av læremiddel.

Lærarar og lærarorganisasjonar må engasjerast

Dersom ikkje dei gruppene som faktisk bruker læremidla i det daglege, får vere premissleverandørar, vil vi heller ikkje lukkast med å lage læremiddel som er tilpassa behova i skulen. Derfor meiner Utdanningsforbundet at lærarar og lærarorganisasjonar må engasjere seg i problemstillingar knytte til læremiddel. I tillegg må styresmakter og produsentar leggje til rette for at folk i skulen kan påverke utviklinga. Læremiddel er eit stort og komplekst felt som rommar mange konkrete saksområde og problemstillingar.

Utdanningsforbundets åtte overordna prinsipp

For at det skal vere lettare for medlemmer og tillitsvalde å gå inn i og ta stilling til dei ulike problemstillingane, har sentralstyret vedtatt åtte overordna prinsipp for Utdanningsforbundets vidare arbeid med læremiddel i skulen.

Les også dei åtte overordna prinsippa i engelsk omsetjing:  Union of Education Norway's principles for development within the field of learning and teaching resources

Prinsippa skal liggje til grunn når Utdanningsforbundet engasjerer seg i og utformar konkrete forslag til løysingar på problemstillingar som omhandlar læremiddel og digitalisering:

  • Valfridom og valmoglegheiter for lærarar: For skular og lærarar må det vere reelt høve til å velje og tilpasse læremiddel etter den pedagogiske konteksten. All opplæring krev at læraren bruker profesjonelt skjønn for å tilpasse aktivitetane etter behova til barn, unge og vaksne. Det vil seie at val av læremiddel ikkje kan gjerast for langt unna klasserommet.

  • Leggje til rette for innovasjon og utprøving i arbeidet med å utvikle læremiddel: Utviklarar av læremiddel må ha vilkår og tidsmessige og økonomiske rammer som gjer at dei kan utvikle best mogelege læremiddel for framtidas skule. Lærarar og skuleleiarar må få gode vilkår for å prøve ut og vurdere læremiddel og til å samarbeide med og gi tilbakemelding til utviklarane.

  • Medverknad: Lærarprofesjonen må spele ei viktig rolle i alle avgjerder og all utforming av politikk knytte til læremiddel og læringsplattformer. Avgjerder på desse områda har stor innverknad på det daglege arbeidet til lærarane og det høvet dei har for å gjere ein best mogeleg jobb. Dette prinsippet er like viktig på overordna nasjonalt nivå som det er i problemstillingar knytte til det enkelte klasserommet. Dersom staten, kommunar og fylkeskommunar, private læremiddelprodusentar og andre tek avgjerder utan å lytte til behova som skular, lærarar og elevar har, vil resultatet blir dårlegare læremiddel. Elevar er primærbrukarane av læremiddel, og røynslene og synspunkta deira er verdfulle når lærarar, skular, kommunar og fylke tek avgjerder på dette området.

  • Kritisk vurdering av læremiddel: Skular, lærarar, kommunar og fylke er alltid nøydde til å vurdere læremiddel med eit kritisk blikk. Med ny teknologi og nye typar læremiddel, til dømes adaptive læremiddel, blir dette endå viktigare enn før. Eit læremiddel er alltid basert på eit læringssyn og eit syn på læringa og utviklinga hos barn og unge. Lærarar og leiarar, kommunar og fylke skal ikkje berre vurdere om eit læremiddel medverkar til læring innanfor eit spesifikt fagområde, men også om læremiddelet er i tråd med det overordna formålet og verdigrunnlaget for opplæringa. Kritisk vurdering av læremiddel krev kompetanse og tid og rom til å gjere jobben.

  • Samarbeid mellom dei ulike aktørane: Lærarprofesjonen, elevane, kommunar, fylke, staten og læremiddelbransjen har alle ei viktig rolle i arbeidet med å sikre gode læremiddel i norsk utdanning. Derfor må desse aktørane samarbeide og få til gode prosessar ut frå målet om å gi barn, unge og vaksne tilgang til best mogelege læremiddel som er i tråd med formålsparagrafen og læreplanverket.

  • Tilgjengelegheit og tilpassing: Alle barn, unge og vaksne som deltek i utdanning, må ha likeverdig tilgang til gode og relevante læremiddel uavhengig av funksjonsnivå, kva for kommune / kva for fylke dei bur i, kva for ein skule dei soknar til, og kva slags fag/utdanningsprogram dei har valt. Dei lovfesta rettane til nynorskbrukarar og brukarar av samiske og andre nasjonale minoritetsspråk må takast spesielt vare på. Det er styresmaktene som har det overordna ansvaret for å syte for dette.
     
  • Sikring av sensitive data og eigarskap til data som blir generert av læremiddel: Nye digitale læremiddel kan potensielt generere store mengder data om brukarane. Slike data må lagrast sikkert i tråd med lov om personvern og brukast varsamt på ein måte som tek vare på barn og unges interesser. Det er utdanningsinstitusjonane som må eige data som er genererte i utdanningsverksemd. Det vil seie at private firma ikkje kan bruke eller selje dataa i kommersiell hensikt. 

  • Krav til at tilbydarane av læremiddel i skulen driv i tråd med definerte etiske retningsliner: Leiarar, lærarar og pedagogisk støttesystem kan ikkje akseptere at utdanningsinstitusjonar kjøper inn frå læremiddelprodusentar som gjennom verksemda si medverkar til krenking av humanitære prinsipp og menneskerettar, kriminalitet, korrupsjon eller miljøøydeleggingar.