Lyst til å bli tillitsvald?

Å vere tillitsvald på arbeidsplassen inneber både å ha kollegaer i ryggen når du representerer dei, og å ha ein stor organisasjon i ryggen når du treng det. Har du lyst til å bli tillitsvald?

Rolla som tillitsvald er spanande og lærerik. Som tillitsvald jobbar du saman med og representerer kollegaene dine.

Med Utdanningsforbundet i ryggen arbeider du for å vareta lønns- og arbeidsvilkåra til medlemene. Saman jobbar vi for å gi barn, unge og vaksne ei god og likeverdig utdanning. Å vere tillitsvald er difor svært viktig og svært meiningsfullt! 

Å vere tillitsvald gir moglegheiter 

Å vere tillitsvald på arbeidsplassen gir deg høve til å:

  • Påverke gjennom medråderett
  • Lære ved å delta på kurs i tillitsvaldopplæringa
  • Løyse problem og dilemma i ein engasjert fellesskap

Som tillitsvald er du ikkje åleine

Vi er mange tusen tillitsvalde, fordelte på arbeidsplassar, kommunar, fylke og nasjonalt. Du blir del av eit stort nettverk der du får:

  • God opplæring
  • Høve til å delta på kurs og samlingar med jamne mellomrom
  • Støtte frå tillitsvalde i kommunen din og fylket ditt

10 gode grunnar til å vere arbeidsplasstillitsvalgt

  1. Du får auka visshet og kunnskap om eigen profesjon og fagbevegelsens rolle i samfunnet frå det lokale til det internasjonale.
  2. Du bidrar til å bygge eit fagleg og sosialt felleskap på din arbeidsplass.
  3. Du får moglegheit til å påverke din og dine kollegaers arbeidskvardag.
  4. Som tillitsvald i Utdanningsforbundet blir du ein del av eit fagleg felleskap med støtte frå heile organisasjonen.
  5. Du får moglegheit til å påverke utdannings- og oppvekstpolitikken lokalt og nasjonalt.
  6. Du får moglegheit til å delta i nettverk og samlinger med andre tillitsvalde
  7. Du får god opplæring og skolering i rollen som tillitsvald.
  8. Du får god kjennskap til lov- og avtaleverket.
  9. Du bidrar til god dialog og samarbeid med ledelsen på din arbeidsplass.
  10. Du får verdifull ledererfaring.

 

Kva seier våre tillitsvalde om rolla?

  • Ho er gjevande.
  • Ho gir innverknad på eigen arbeidsplass, og det er saker som gjeld det daglege som dominerer arbeidet. 
  • Ho er lærerik og ei nyttig røynsle å ha.
  • Fleirtalet trivst og ønskjer å stille til attval!
  • 84 prosent er nøgde med kontakten med andre tillitsvalde i Utdanningsforbundet.