I løpet av kort tid legg regjeringa fram Stortingsmeldinga om 5.-10. trinn. Der er det truleg langt større fokus på meir praktisk læring og dei praktiske og estetiske faga.
I løpet av kort tid legg regjeringa fram Stortingsmeldinga om 5.-10. trinn. Der er det truleg langt større fokus på meir praktisk læring og dei praktiske og estetiske faga.
Det er knytt store forventningar til den kommande stortingsmeldinga om 5.-10. trinn, ofte kalla «ungdomsmeldinga». Spesielt er det venta at regjeringa vil ønskje å gjere dagens skule langt meir praktisk. Målet er at skulen i større grad skal kunne ivareta og fremje elevane si motivasjon, meistring, læring og utvikling, og dermed bli meir praktisk og variert slik at elevane lærer meir og trivst betre.
Unisont ønske
Dette er langt frå nye tonar. «For å motivere elevane til auka innsats må opplæringa og skulekvardagen vere praktisk, variert, relevant og utfordrande,» heitte det allereie i Stortingsmelding 22 i 2011, og i forarbeidet til den kommande ungdomsmeldinga skriv regjeringa på sine nettsider at dei «vil gjere skulen meir praktisk». Det same seier lærarane. – Lærarane ser at elevane treng ein meir praktisk skule, og meiner at det er å slå inn opne dører å fremje dette som ei «ny erkjenning», sa tidlegare nestleiar i Utdanningsforbundet, Terje Skyvulstad, i fjor.
– Ja, alle vil ha ein meir praktisk skule, men korleis får vi det til, spør Geir Røsvoll.
Leiaren i Utdanningsforbundet ser to store utfordringar dersom endringane i skulen skal bli som mange ønskjer.
– Det står ikkje på viljen, men for å få til ein meir praktisk og variert skule, må det leggjast til rette for det. Det gjeld spesielt på tre område, understrekar Røsvoll:
1. Auka kompetanse i praktiske og estetiske fag
Medan norske lærarar har solid kompetanse i dei teoretiske faga dei underviser i, skortar det meir på kompetansen i dei praktiske og estetiske faga. SSB si kartlegging av lærarkompetanse i grunnskolen viser at 43 prosent av kroppsøvingslærarane manglar studiepoeng i faget. Det same gjeld 48 prosent av lærarane i kunst og handverk, 54 prosent av musikklærarane og 55 prosent av lærarane i mat og helse.
– Dette er nedslåande tal, men dessverre ikkje overraskande. Spesielt ser vi i vidareutdanningsstrategien «Kompetanse for kvalitet» at det er altfor liten vekt på dei praktiske og estetiske faga. For det første er det for få studieplassar, og for det andre har skuleeigarar godkjent altfor få søkjarar. Det må komme politiske signal om at dei praktiske og estetiske faga skal bli prioriterte.
– Resultatet er at skulane har store manglar innanfor område som dans, design, kunst og handverk, drama, teater, kroppsøving, mat og helse og musikk. Det er veldig leit, fordi vi veit kor mykje desse faga og temaa kan bety for mange av elevane, seier Røsvoll.
2. Tilgang på utstyr og rom
I musikk opplever mange lærarar at instrumenta manglar. I gymmen kan tjukkasen bli øydelagd utan å bli erstatta. I kunst og handverk manglar kanskje både sag og meisel. Utstyret i praktiske og estetiske fag er ofte kostbart, og svært mange skular melder at innkjøp av øydelagd eller fråverande utstyr må nedprioriterast på grunn av skulen sin økonomi. På toppen av det heile er det ofte mangel på spesialrom – eller dei forsvinn når det blir trongt på ein skule.
– Stavanger Aftenblad hadde nyleg ei sak om situasjonen i ulike skular i Rogaland, der både musikkromma og sløydsalane på fleire skular var omgjort til vanlege klasserom etter at elevtalet hadde auka. Dette er dessverre ein situasjon mange skular kjenner seg att i.
– Regjeringa si tilskotsordning for utstyrkjøp ser ikkje ut til å monne i den økonomiske situasjonen mange kommunar er i. Skal ein får til god undervisning i desse faga, må tilskotet opp, understrekar Røsvoll.
Samtidig påpeiker leiaren i Utdanningsforbundet at regjeringa i fjor tok eit viktig grep for å betre romsituasjonen på mange skular.
– Rentekompensasjonsordninga som ble vedteken i fjor er eit klokt grep. Ho har ei ramme på ein milliard i året dei neste åtte åra, og skulane kan gjennom ordninga få dekka rentene på lån dei tek for å byggje skulekjøkken, sløydsalar og/eller investerer i utstyr. Effekten merker vi ikkje før om nokre år, men sjølv om det kanskje ikkje er nok, så håper vi at det får ein merkbar effekt, seier Røsvoll.
3. Tid
Når noko er eit problem, så blir forslaget ofte at «dette må inn i skulen», det vere seg personleg økonomi, symjeopplæring, førstehjelp, digital kompetanse, livsmeistring eller ei rekke andre tema. Problemet når desse forslaga kjem, er at dei nesten aldri fortset med «og dette må ut».
Dette var også bekymringa som blei meldt inn av lærarane i fokusgruppene Utdanningsforbundet sette ned i samband med den kommande stortingsmeldinga.
«Læraren vurderer altså at ei omlegging til meir praktisk undervisning vil krevje meir tid og at noko (kompetansemål) må prioriterast ned. Læraren ser ikkje at det er eit tilstrekkeleg handlingsrom i læreplanane som dei er bundne av, og vurderer heller ikkje at dei har ryggdekning til å prioritere bort noko til fordel for å kunne gjere undervisninga meir praktisk.», heiter det i oppsummeringa.
– Tid er nøkkelen som kan opne nesten alle låsar i skulen. Dessverre ser vi altfor ofte at det ikkje blir gitt tid til å gjere dei grepa som vi veit vil motivere fleire, og som på den måten gjer at dei lærer og meistrar meir, seier Røsvoll.