Uttale: Stopp krigen!

Landsmøtet til Utdanningsforbundet vedtok torsdag denne uttalen om krigen i Midtausten.

Landsmøtet i Utdanningsforbundet fordømmer på det sterkaste krig og terror mot sivile.

Utdanningsforbundet krev òg at Israel avbryt bombinga av Gaza, likeins at Hamas stansar terrorangrepa på Israel.

Utdanningsforbundet ber om at partane inngår våpenkvile og startar arbeidet med å oppnå ei rettvis og varig løysning.

Den uforholdsmessige og folkerettsstridige bombinga av Gaza må stoppast for å få slutt på dei enorme øydeleggingane og dei kolossale lidingane til sivilbefolkninga der. Prinsippa i FN-pakta og internasjonal humanitær rett må følgjast.

Lærarprofesjonen er tufta på verdiar og prinsipp nedfelt i universelle menneskerettar – rettar vi må stå opp for, fremje og forsvare kvar dag! Alle liv er ukrenkelege og alle har krav på å leve frie og heile liv i tryggleik – utan krig, vald og undertrykking. Som lærarar fordømmer vi drap på born og andre skuldlause.
For Utdanningsforbundet er det grunnleggjande å verne om born og unge, deira interesser, og sikre alle ei god, likeverdig og inkluderande utdanning.

Våre tankar går til alle dei som har mista sine kjære, har flykta frå heimane sine eller på anna måte er råka av krigen. Utdanningsforbundet stiller seg solidarisk med alle born og unge, og andre som lever i frykt og uvisse, og med lærarar som gjer sitt beste for å oppretthalde og gje undervisning under umogelege og
umenneskelege forhold. Alle er avhengige av fred og tryggleik for å leve, lære og utvikle seg.

Utdanningsforbundet har eit sterkt internasjonalt engasjement og vi har uttrykt solidaritet med våre søsterorganisasjonar i Israel og Palestina. Vi stiller oss bak Education International sine utsegner, og vi støttar opp om FN, Noreg og andre land sitt arbeid for våpenkvile, humanitær hjelp, stopp i krigshandlingane og frigjeving av gislar.

Stoda for sivilbefolkninga på Gaza er katastrofal og den pågåande krigen fører til meir frykt, hat, motsetnadar og strid. For kvar dag som går forverrar den totale situasjonen seg, og det blir endå vanskelegare å oppnå fred.

Vi oppmodar den israelske regjeringa og Hamas innstendig om å stoppe valden. Utdanningsforbundet krev vidare at norske styresmakter og verdssamfunnet legg press på partane for å få slutt på krigen og dei ufattelege lidingane som utspelar seg no.


Fråsegna blir sendt til Regjeringa, Utanriksdepartementet, Utanriks- og forsvarskomitéen på Stortinget, Israel sin ambassade, representasjonen for dei palestinske sjølvstyresmaktene i Noreg.

Her finn du alle vedtak og utaler frå landsmøtet