Våpenkvile i Gaza no!

Representantskapet i Utdanningsforbundet krev at partane i krigen i Gaza godtek våpenkvila som er fremma i FN sitt tryggingsråd, og at dette er byrjinga på ein prosess som vil føre fram til varig fred og ei berekraftig løysing som alle involverte partar kan leve med.

Representantskapet til Utdanningsforbundet tek sterk avstand frå krig, terror og vald mot sivile. Vi krev våpenkvile og at Israel stoppar krigshandlinga i Gaza, og at Hamas set gislane fri. Vi krev at Israel rettar seg etter FN-domstolen sitt pålegg om å stanse åtaka i Rafah, og opnar grensene slik at naudhjelp kjem inn i Gaza og påstandane om folkemord kan verte undersøkte. 

Representantskapet i Utdanningsforbundet er glade for at Noreg har anerkjent Palestina som stat. For å få ei varig og berekraftig løysing på konflikten, inkludert ei løysing på den folkerettsstridige okkupasjonen av palestinsk territorium, meiner vi det er avgjerande at verdssamfunnet anerkjenner at det er to statar i denne konflikten.

Vi har gått tomme for ord som kan skildre dei ufattelege og meiningslause lidingane vi har sett utspele seg dei siste åtte månadene i Gaza. Vi er også oppskaka over den totale avmakta vi har sett frå verdssamfunnet si side. Våre tankar går til alle som er råka av krigen. I følgje våre palestinske lærarkollegaer er situasjonen på Gaza heilt, heilt ubeskriveleg – eit «sant helvete på jord».

Lærarprofesjonen er tufta på verdiar og prinsipp nedfelt i universelle menneskerettar. Rettar vi ikkje må ta for gitt, men støtte opp om og fremje kvar dag. Dette gjeld også retten til utdanning. For Utdanningsforbundet er det avgjerande å ivareta born og unge og sikre dei ei god, likeverdig og inkluderande utdanning. Ekspertar frå FN kom i april med ei bekymring om at det går føre seg eit "scholasticide" på Gazastripa. Omgrepet refererer til systematisk utsletting av utdanning gjennom arrestasjon, internering eller drap på born og unge, lærarar, studentar og tilsette, og øydelegging av infrastruktur for utdanning. Skular og barnehagar må vernast i tråd med internasjonale konvensjonar og folkeretten.

I dag ligg dei aller fleste skulane i Gaza i ruiner, og ingen har hatt undervisning sidan 7. oktober, 2023. Utdanningsforbundet krev at born og unge i Gaza får tilgang att til skulegang og at dei får lære og utvikle seg i tryggleik og fred.

 

Uttala vert sendt regjeringa/Utanriksdepartementet, politikarane i utanriks- og forsvarskomiteen, Israels og palestinske styresmakter sin representasjon i Noreg, Education International og andre interessentar.