- Startside
- Vi mener
- Utdanningsforbundet mener
- Difor ønskjer Utdanningsforbundet masterutdanning
Difor ønskjer Utdanningsforbundet masterutdanning
Det er obligatorisk med master i lærarutdanninga. Det er fleire grunnar til at Utdanningsforbundet støttar dette.
Sist endret 14.01.2021
Sist endret 14.01.2021
Difor ønskjer Utdanningsforbundet masterutdanning
Det er obligatorisk med master i lærarutdanninga. Det er fleire grunnar til at Utdanningsforbundet støttar dette.
Lærarar har eit samfunnsbyggjande oppdrag. Til det trengst det kompetanse. Kompetansestrategien vår har tre hovudelement. Dei handlar om å byggje kompetanse, om å verdsetje kompetanse og om å gi myndigheit til kompetanse.
Vi har i mange år jobba for å styrkje profesjonsutdanninga vår, både gjennom styrkt grunnutdanning og masterkrav, og gjennom systematisk etter- og vidareutdanning. Vi har lagt vekt på å prioritere krav og forhandlingsordningar som tilgodeser lang utdanning. Og vi har, i meir enn ti år, utvikla ein profesjonsargumentasjon som tek sikte på å gjere det mogleg for lærarane og styrkje evna deira til å oppretthalde innverknaden på eiga yrkesutøving.
Framleis er vi midt i vår eiga forteljing. Somme delar har vi kome godt i gang med, på andre område står det mykje att. Men, desse tre aspekta ved kompetanse er reisverket i den store forteljinga vår. Det er dei som skal styrkjast i kvart enkelt oppgjer.
Landsmøtevedtak om master
Utdanningsforbundet har heilt sidan landsmøtet i 2003 vore oppteke av å få styrkt kompetansen til lærarane gjennom god grunnutdanning og gjennom systematisk rettleiing og etter- og vidareutdanning i løpet av yrkeskarrieren.
Målet om grunnutdanning på masternivå har lege i landsmøtedokumenta sidan 2009, og det vart eksplisitt uttrykt som eit krav i 2012. Vi har i mange år støtta kompetansestrategien og den modellen for finansiering som han byggjer på. Omlegging av lærarutdanninga til masterutdanningar var i samsvar med politikken vår. Også den langsiktige lønnspolitikken vår har vore kopla til dette ved at vi over fleire oppgjer har prioritert langtidsutdanna. Kravet vårt om både masterutdanning og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning heng også saman med ambisjonane våre om å forsvare ein posisjon som profesjonelle brukarar av skjøn i ei tid der fleire styringsgrep utfordrar den metodiske fridomen til lærarane.
Også Pedagogstudentene har kjempa for master i lærarutdanninga i over ti år.
Så får vi gjennomslag, men tiltaka blir implementerte på ein måte som skaper ei oppleving av å bli desavuerte hos mange erfarne lærarar.Årsaka er ikkje strategien vår.Årsaka er ukloke politiske avgjerder om sjølve gjennomføringa.
Utdanningsforbundet er oppteke av at lærarutdanning skal vere ei god profesjonsutdanning, som rustar studentane så godt som mogleg til den jobben dei skal gjere i barnehage og skule.Det skal vere heilskaplege og integrerte studium, der studentane har praksis i alle studieår, der faga rettar seg direkte mot læraryrket, og der pedagogikkfaget er kjernefaget.
Frå 2017 er det no vorte obligatorisk med master i grunnskulelærarutdanningane. Det er fleire grunnar til at Utdanningsforbundet er glad for det.
Betre rusta for framtida
Læraryrket er eitt av dei viktigaste kunnskapsyrka i samfunnet. Å ha eit betre fundament, med ei utdanning som også er forskingsbasert, vil gi framtidige lærarar betre vilkår for å takle dei krevjande og komplekse utfordringane dei vil møte i yrket. Det er behov for fagleg spesialisering med større fagleg fordjuping i enkelte fag, kombinert med ei solid profesjonsretting og forskingsforankring. Mastergradsutdanning har viktige kvalitetar som utdanning på lågaregradsnivå ikkje har. Kjernen i mastergraden ligg i høvet til fagleg fordjuping og forskingsforankring. Ei femårig masterutdanning vil gi studentane betre vilkår for å få den faglege, pedagogiske og didaktiske tryggleiken dei treng i framtidas skule.
I våre dagar snakkar ein ofte om «mastersykja» i media. Det har vore ein kunnskapseksplosjon i samfunnet, og svært mange studentar vel eit studieløp som gir dei mastergrad. Talet er dessutan aukande: Sidan Utdanningsforbundet gjorde vedtak om master, er det rundt 70 prosent fleire som tek mastergrad. Om lærarar etter kvart skulle ende i ein situasjon der «folk flest» har ein høgare grad/lengre utdanning enn dei, vil det vanskeleg kunne auke vørdnaden for læraryrket.
Silje Marie Bentzen, leiar for Pedagogstudentene, er difor glad for å ha fått master i lærarutdanninga.
– Vi kan gjerne kalle det ei «mastersjuke», men når fleire og fleire i samfunnet tek master, handlar det også om å møte andre på tilsvarande nivå. Vi undergrev ikkje dei mange, dyktige lærarane vi har i dag, men skulen er i utvikling, og det handlar om å møte framtidas elevar og utfordringar på best mogleg måte, seier Bentzen.
Auka status
Vidare: Når folk vel karriereveg, veit vi at statusen i yrket er ein av dei aller viktigaste grunnane for valet. At lærarar i framtida har mastergrad, vil styrkje statusen i læraryrket. Det gir oss også eit betre utgangspunkt for å styrkje lønnsutviklinga, samtidig som det vil auke rekrutteringa til yrket.
– Den komande masterutdanninga vil auke statusen til læraryrket, og såleis gjere det meir attraktivt.
– Ikkje minst vil mastergraden vere med på å lyfte kvaliteten i utdanninga og i skulen. Komande lærarar skal få vere med og utvikle sin eigen profesjon og profesjonsfellesskapen. Den nye masterutdanninga opnar for at lærarar med ulik kompetanse kan bidra til denne utviklinga, både innanfor reine fag, didaktikk og ulike emne som er relevante for dagens og framtidas skule, meiner Bentzen.
Ho er heller ikkje uroleg for at nyutdanna «masterlærarar» ikkje vil ende opp i skulen, slik fleire har gitt uttrykk for.
– Nei, i staden trur eg dei vil ta med seg den kunnskapen dei har fått inn i skulen og bruke han til beste for elevane, både i og utanfor sjølve undervisingssituasjonen, seier Bentzen.
Kva vil så denne utviklinga seie for den tradisjonelle allmennlæraren? I 2010 vart det gjort eit avgjerande val. I grunnskulelærarutdanninga (GLU) måtte studentane då velje mellom GLU 1–7, eller GLU 5–10. Med andre ord – at dei utdannar seg til reine barneskulelærarar, eller at dei utdannar deg til lærarar som kan undervise på mellomtrinnet og ungdomstrinnet.
Allereie då vart det lagt noko større vekt på større fagleg fordjuping for alle grunnskulelærarar, noko også Utdanningsforbundet har gått inn for. Samtidig blir det lagt opp til at lærarar som blir utdanna for barnetrinnet, skal ha fleire fag i fagkrinsen sin enn lærarar på ungdomstrinnet, og at det skal leggjast vekt på begynnaropplæring. Det vil difor ikkje bli ein situasjon som gjer at det vil kome ein ny lærar i kvart fag. Med den nye lærarutdanninga vil lærarar på dei lågaste trinna framleis kunne undervise éin klasse i mange av faga.
Ingen regel utan unnatak
Utfordringa vil vere størst på skular med låge elevtal – der det naturleg nok også vil vere få lærarar. Men her er Utdanningsforbundet heilt klart: På denne typen skule krev organisasjonen unntak frå regelen om kompetanse i kvart av faga, slik at det framleis vil vere mogleg å ha dyktige lærarar som kan jobbe med fleire fag og klassar.