Fagnettverka til Utdanningsforbundet: Ei evaluering av perioden 2023–2024

Utdanningsforbundet har gjennomført ei evaluering av fagnettverka sine, som vart oppretta for å styrkja fagleg engasjement og utvikling innan norsk, naturfag og kroppsøving.

Les Fagnettverka til Utdanningsforbundet: Ei evaluering av perioden 2023–2024. Rapport 1/2025

Evalueringa, som vart gjennomført hausten 2024, viser at fagnettverka har hatt ein positiv oppstart sidan oppstarten i august 2023. Heile 95 prosent av medlemmene er fornøgde med kva nettverka har oppnådd så langt. Datamaterialet som er grunnlaget for analysen er samla inn via kvalitative intervju og igjennom eit spørjeskjema.

Bakgrunn

Utdanningsforbundet vedtok på landsmøtet i 2019 å prøve ut faglege nettverk som ein del av arbeidet for at medlemmene skal få ein større arena for å drøfte faglege spørsmål og utvikle innhaldet i barnehage, skole og lærarutdanning.

Nærmare om Utdanningsforbundet sine fagnettverk

Det er i dag fagnettverk i faga norsk, naturfag og kroppsøving. Fagnettverka består av 6–10 personar med stor interesse for og formell kompetanse i faget. Dei er medlemmar av Utdanningsforbundet og skal i tillegg ha sitt daglege virke i grunnskule, vidaregåande opplæring eller i lærarutdanningane.

Medlemmane sit i fagnettverka i ein periode på to år, og kan sitje i fagnettverket i maksimum åtte år samanhengande. Kvart fagnettverk får også utnemnt ein koordinator som organiserer møteaktivitet for fagnettverka. Medlemmane i fagnettverka blei rekrutterte i løpet av våren 2023,og hadde si første samling i august 2023.

Les meir om fagnettverka til Utdanningsforbundet

Evalueringa

Sentralstyret i Utdanningsforbundet vedtok i 2022 at fagnettverka skal evaluerast. Evalueringa er gjennomført hausten 2024.

Evalueringa legg følgande problemstillingar til grunn:

  1. Korleis har fagnettverka bidrege til å realisera formålet sitt, slik det er beskrive i mandatet?
  2. Kva er sentrale utfordringar i arbeidet og korleis kan fagnettverka utviklast vidare?

Datamaterialet som er grunnlaget for analysen er samla inn via kvalitative intervju og igjennom eit spørjeskjema.

Funn i evalueringa

Fagnettverka har sidan oppstarten i august 2023 bidrege positivt til å realisere sitt mandat. I løpet av perioden har fagnettverka vore igjennom ein oppstartsperiode med stor aktivitet og engasjement på fleire områder. Dei fleste (95 prosent) av fagnettverksmedlemma seier seg nøgd med kva ein har fått til i løpet av denne perioden. Fagnettverka sitt arbeid inkluderer blant anna kronikkar, artiklar, deltaking i debattar, utforming av fagressursar for lærarar og kurs.

Oppstart og mandat

Oppstarten til fagnettverka er vurdert som god av 90 prosent av medlemmane i fagnettverka. Vidare svarer medlemmane at det har teke tid å utforme gode rutinar for digitale møter, organisering av arbeidet mellom møta og å gjere seg godt kjent med mandatet. Oppfatninga av mandatet til fagnettverka er ulik for medlemmane i. Nokon seier seg nøgde med mandatet, imens andre meiner at det er for breitt og omfattande. Difor er det fleire frå fagnettverka som ønsker seg ei revidering av mandatet for den komande nettverksperioden.

Fleirtalet av medlemmane (64 prosent) meiner at rammevilkåra er tilfredsstillande, imens 23 prosent av medlemmane meiner at rammevilkåra ikkje er gode. Det vert lagt vekt på at ein får god oppfølging frå sekretariatet og god kompensasjon for fysiske samlingar. På den andre sida peikar fleire på at tida til rådigheit ikkje strekk til for å realisere ambisjonane medlemmane har, gitt mandatet som ligg til grunn for fagnettverka. Medlemmane meiner også at dei digitale møta ikkje er opplevd som like produktive som dei fysiske samlingane.

Eit stort engasjement

Fagnettverka har eit stor engasjement og ambisjonar for arbeidet. Nokre av medlemmane poengterer at det er viktig å prioritere. Saker bør vera aktuelle og engasjere medlemmane, men også vera realistiske sett i samband med kva ein får tid til i løpet av perioden. Fagnettverka meiner at det er viktig å sikre kontinuitet i arbeidet gjennom fleire møter, både fysiske og digitale.

Vidare vert det føreslått frå medlemmane at det må til ein revidering av mandatet for den komande perioden. Dette vil kunne gi fagnettverka ei klårare retning og styrke deira rolle som ressurs for Utdanningsforbundet. For den vidare utviklinga av fagnettverka kjem mange av medlemmane med forslag til kva som kan forbetrast eller arbeidast vidare med.

Synlegheit

Eit viktig poeng er ønsket om at fagnettverka skal bli meir synlege for medlemmane til Utdanningsforbundet. For å få til dette er det viktig at fagnettverka gjennomfører diskusjonar om faglege tema i tillegg til å bidra med sin faglege tyngde i aktuelle debattar som opptek lærarane i faga. Politisk påverknad kom også opp som tema, nokre medlemmar ville auke dette, imens mandatet til fagnettverka ikkje har rom til slikt arbeid. Dette er noko som kan tydeleggjerast i mandatet.

Det vart også teke fram at kontakten medlemmane i fagnettverka har til lærarkvardagen, der dei står i full stilling, er ei av dei største styrkane til fagnettverka. Dei kan gje innsikt direkte frå klasserommet, og denne styrken vert vektlagt som noko å verne om.

Fagnettverka sine aktivitetar

Fagnettverka har bidrege til å realisera mandatet sitt gjennom ei rekkje aktivitetar, inkludert kronikkar, artiklar, deltaking i debattar, og utforming av fagressursar for lærarar. Medlemmene har også delteke i kurs og podkastar, og arbeidet med kompetansemål og eksamensoppgaver.

Utfordringar

Trass i den positive oppstarten, peikar evalueringa på nokre utfordringar. Medlemmene har hatt vanskar med å finna tid til å gjennomføra oppgåver mellom møta, og dei digitale møta har ikkje vore like produktive som dei fysiske samlingane. Det er også eit ønske om ei revidering av mandatet for å gi nettverka ei klarare retning og styrkja rolla deira som ressurs for Utdanningsforbundet.

Evalueringa framhevar også at det er viktig å sikra kontinuitet i arbeidet gjennom fleire møte, både fysiske og digitale. Medlemmene ønskjer at fagnettverka skal bli meir synlege for Utdanningsforbundets medlemmer og bidra med fagleg tyngd i aktuelle debatter.

Vegen vidare

Utdanningsforbundet vil ta stilling til om fagnettverka skal bli permanente og om fleire nettverk for andre undervisningsfag skal prøvast ut i 2025.

Les mer om fagnettverka til Utdanningsforbundet

Denne publikasjonen er utarbeidd i seksjon for samfunn og analyse i sekretariatet i Utdanningsforbundet.

Publikasjonen er forankra i politikken og verdigrunnlaget til Utdanningsforbundet, men er ikkje behandla i dei politisk ansvarlege organa i Utdanningsforbundet før han vert offentleggjort.