Utdanningsforbundets strategiske plan august 2024 – august 2025 (nynorsk)

Utdanningsforbundets strategiske plan – august 2024 til august 2025 (nynorsk)

Vi utdannar Noreg 2024–2027 presenterer den politikken som heile organisasjonen er forplikta til å arbeide med i landsmøteperioden. For å prioritere tydeleg, og styrkje den politiske påverknaden, har organisasjonen også vedteke ein strategisk plan. Planen gjeld for perioden frå august 2024 til august 2025. Vi utdannar Noreg og Strategisk plan er viktige styringsdokument som har ulike funksjonar og utfyller kvarandre.

I arbeidet med lønns- og arbeidsvilkåra til medlemmene, utdanningspolitikken og utviklinga av organisasjonen, er Vi utdannar Noreg eit dokument som gir retning for handling gjennom heile landsmøteperioden. Breidda i dette dokumentet er ein styrke. Tillitsvalde på alle nivå må leggje til rette for at det blir skapt engasjement i heile organisasjonen, slik at vi er budde på dei utfordringane vi møter i heile utdanningssystemet.

Ei brei organisering av medlemmer og eit sterkt tillitsvald-apparat gir oss stor slagkraft og eit eineståande høve til å gjere ein felles innsats. Lokallag, fylkeslag og sentralleddet skal leggje til rette for god dialog og samhandling, slik at organisasjonen kan jobbe heilskapleg og strategisk mot våre felles mål. Organisasjonen skal dra nytte av engasjementet blant medlemmer og tillitsvalde i arbeidet med den strategiske planen.

Etter prosessar og innspel frå organisasjonen i samband med landsmøtet i 2023, og etter behandling i representantskapet, har sentralstyret vedteke fire strategiske satsingar for perioden frå august 2024 til august 2025. Desse er:

  1. Lærarrolla og laget rundt barnehagebarn og elevar
  2. Ein framtidsretta tariffpolitikk
  3. Tid for dei minste
  4. Kvalitetsutvikling på skolens premissar

Fellesnemnaren for Utdanningsforbundets strategiske satsingar i perioden frå august 2024 til august 2025 er innsats for å bidra til eit attraktivt læraryrke. Det skal vere godt å gå på jobb som lærar, noko som igjen bidrar til at det er godt å vere barnehagebarn, elev og student i utdanningsinstitusjonane våre.

I førre landsmøteperioden blei vilkåra for læraryrket påverka av lokale, nasjonale og internasjonale kriser, og dette påverkar på ulike måtar framleis arbeidskvardagen til lærarane. I oppstarten av ein ny landsmøteperiode har vi allereie fått erfaringar med korleis kunstig intelligens påverkar synet i samfunnet på korleis kunnskap blir brukt og utvikla. Vi må forvente at dette får innverknad på lærar- og leiarrolla. Nasjonale og internasjonale undersøkingar viser at elevane har svakare faglege resultat og dårlegare motivasjon, og at lærarar og elevar opplever mobbing, krenkingar og vald.

Vi ser vidare to vesentlege tema som har betydning for arbeidet til profesjonen: arbeidsmiljøet til lærarane og rekrutteringa til utdanning og yrke. Lærarane rapporterer sjølve om at dei står i ein jobb som dei opplever som emosjonelt belastande. Undersøkingar forskarar ved SINTEF har gjort, viser at sjukefråvær, psykiske og fysiske belastningar, overgang til andre yrke og tidleg avgang frå yrket er nokre av konsekvensane av at lærarar står i eit yrke som er prega av store emosjonelle krav og belastningar. Dette er svært uheldig, og kan vere ei av fleire årsaker til sviktande rekruttering til læraryrket og lærarutdanningane.

Dei stadig lågare søkjartala til lærarutdanninga og arbeidsmiljøutfordringane som lærarane sjølve rapporterer om, kan i verste fall bidra til å svekkje profesjonsfellesskapen. Til sjuande og sist vil dette påverke leike- og læringsmiljøet for barn, unge og vaksne under utdanning. Det er fleire måtar å møte desse utfordringane på, og ein del av arbeidet vil bli gjort gjennom lovarbeid og politisk påverkingsarbeid sentralt. Samtidig er det behov for ein felles innsats på alle nivåa i organisasjonen.

Med dei fire strategiske satsingane for denne perioden vil organisasjonen samla ta eit krafttak for å bidra til å gjere læraryrket meir attraktivt.

Alle medlemmene våre, i heile utdanningssektoren, skal ha ein jobb det kjennest godt å gå til. Lærarar og leiarar i barnehage og skole må ha tid til å gjere jobben dei er sette til å gjere, med eit nødvendig vern mot overbelastningar, og med god tilgang til eit kompetent støttesystem. Det skal også vere godt å vere barnehagebarn, elev, student og vaksen i dei norske utdanningsinstitusjonane. Trivselen til lærarar og leiarar i barnehagen og skolen, og trivselen til barn, unge og vaksne i utdanning, er uløyseleg knytte saman. Korleis lærarar og leiarar opplever jobbkvardagen, har direkte innverknad på leike- og læringsmiljøet til barn og unge.

Utdanningsforbundets strategiske satsingar for perioden frå august 2024 til august 2025 vil kunne bidra til å gjere læraryrket meir attraktivt, styrkje det psykososiale miljøet i utdanningsinstitusjonane våre og redusere dei emosjonelle belastningane lærarane står i. Dei strategiske satsingane byggjer opp under det langsiktige arbeidet vårt for å betre lønns- og arbeidsvilkåra til lærarane, og kan bidra til å styrke rekrutteringa til læraryrket og lærarutdanningane.

Utdanningsforbundet skal jobbe aktivt for ein framtidsretta tariffpolitikk. Politikarane, lokalt og nasjonalt, må sjå samanhengen mellom det omfattande samfunnsmandatet som barnehagar og skolar har, og behovet for ei auka ramme til utdanningssektoren. Ansvaret arbeidsgivarane har for å rekruttere til og behalde lærarar og leiarar i heile utdanningssektoren må gi merkbare utslag i betre lønns- og arbeidsvilkår. Samtidig må Utdanningsforbundet gjennom arbeidet med satsingsområda Tid for dei minste og Lærarrolla og laget rundt barnehagebarn og elevar evne å vise kvifor den høgst målbare faktoren lærartettleik i barnehage og skole er så viktig for den mindre målbare faktoren: god utdanning for den enkelte som del av ein større fellesskap og ei berekraftig samfunnsutvikling.

Heile organisasjonen arbeider gjennom satsinga Tid for dei minste for å synleggjere kor viktig ei rolle barnehagelærarane speler i utviklinga av ein barnehage som fremmar leik, utvikling og vennskap for alle barn. Ei større forståing for kor viktig barnehagelæraren er, har mykje å seie for at vi skal kunne klare å heve lønnsnivået til både barnehagelærarar og styrarar.

Det er ikkje mogleg å realisere samfunnsmandatet til barnehagane og skolane om samfunnet ikkje klarer å rekruttere og behalde lærarar. Ei klår definering av lærarrolla og ei synleggjering av profesjonskompetansen vil vere med på å gjere tydeleg kvifor rekrutteringskrisa i yrket er så alvorleg. Det vil også vere ei støtte for politikarar både nasjonalt og lokalt som ønskjer å løyve ekstra ressursar utover frontfagramma og til å vidareutvikle arbeidsvilkåra for lærarane. Dette er igjen avgjerande for at vi skal få opp søkjartala til lærarutdanninga og sikre ei god utdanning for barn og unge.

Vi utøver profesjonsfagleg innverknad gjennom medbestemming, direkte medverknad og andre former for formelt og uformelt partssamarbeid. Dette dannar eit vesentleg grunnlag for å kunne jobbe systematisk med å få på plass satsinga Kvalitetsutvikling på skolens premissar. Erfaringar og kunnskap frå praksisfeltet må bli ein vesentleg premiss når vi skal utforme alternativ til dagens system for kvalitetsutvikling.

Skal vi nå dei ambisiøse måla i den strategisk planen og saman bidra til å gjere lærarrolla meir attraktiv, må vi drive politisk påverkingsarbeid både sentralt og lokalt, kortsiktig og langsiktig. Det er gjennom heilskapleg arbeid vi er sterkast. Ein føresetnad for denne styrken er dei engasjerte og aktivt deltakande medlemmene og tillitsvalde. Ein samordna innsats og stor evne til å påverke avgjerder gir oss betre høve til å oppnå resultat.

STRATEGISK SATSING FRÅ AUGUST 2024 TIL AUGUST 2025:
Utdanningsforbundet skal ta eit særskilt ansvar for å definere lærarrolla og arbeide for ei felles forståing av kva lærarrolla inneber. Vi skal også synleggjere kva vi meiner er eit godt lag rundt barnehagebarn og elevar.

Lærarkompetansen er unik og breitt samansett, og formålet med lærarutdanninga er å utdanne lærarar som skal ta hand om mandatet til barnehagen og skolen. Når forventningane til lærarrolla strekkjer seg utover dette, eller ikkje kan møtast på grunn av kapasitetsutfordringar, oppstår eit behov for å ha eit lag rundt barn, unge og vaksne. Over tid har likevel nemninga «laget rundt» blitt politisert, og ulike aktørar har ulik tolking av kven det er som utgjer dette laget.

Denne utviklinga er utfordrande for Utdanningsforbundet. Vi opplever at lærarrolla blir svekt ved at det blir skapt usikkerheit om kven som faktisk har det pedagogiske ansvaret i barnehagane og skolane.

Behovet for å ha eit lag rundt barn og unge blir av andre brukt som grunngiving for å prioritere å rekruttere andre enn lærarar med lærarutdanning, men der desse etter kvart også får pedagogisk ansvar i barnehagen og står for undervisning av elevar i skolen. Samtidig som Utdanningsforbundet skal anerkjenne behovet for å ha eit sterkt lag rundt barn, unge og vaksne, er det viktig at vi tydeleg viser kva som er forholdet mellom dette laget og behovet for ei framtidig sterk lærarrolle.

Ei sterk lærarrolle krev at lærarprofesjonen er bevisst og einig om kva for grenser vi kan setje for oss sjølve. Vi må skape ei felles forståing på alle nivå i organisasjonen for kva som er profesjonsidentiteten, ansvaret og oppgåvene til læraren. Då kan vi sende den same bodskapen og stille dei same krava til sentrale myndigheiter.

Ei sterk lærarrolle er også avhengig av gode støttespelarar i og utanfor barnehagen og skolen som har tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å kunne ta hand om ansvaret sitt til det beste for barn, unge og vaksne. Utdanningsforbundet må synleggjere at laget rundt barnehagebarn og elevar er eit viktig supplement til læraren og lærarkompetansen, og vi må snakke om «laget rundt» i ein utdanningskontekst.

Utdanningsforbundet skal ta ansvar for å definere lærarrolla i barnehage og skole, og dette arbeidet må gjerast både på politisk nivå og på organisasjonsnivå. Lærarane skal kjenne eigarskap til si eiga rolle. Det gjer dei trygge i yrkesutøvinga i ein utfordrande kvardag. Samtidig er det avgjerande at vi som ein utdanningspolitisk aktør, formidlar til myndigheitene lokalt og nasjonalt kva vi legg i både lærarrolla og «laget rundt». På den måten legg vi premissane for diskusjonen om ansvars- og oppgåvefordeling mellom læraren og laget rundt barn, unge og vaksne.

Lokalt: Arbeidet med å definere og avgrense lærarrolla krev ei bevisstgjering. Det må gjerast eit arbeid på kvar enkelt arbeidsplass, i den lokale arbeidsfellesskapen, slik at lærarar, leiarar og andre yrkesgrupper samtalar om korleis dei fordeler oppgåver og ansvar. Dette krev tilrettelegging, blant anna gjennom avsett tid. Lærarane skal ikkje fråskrive seg ansvaret sitt, men søkje støtte frå andre yrkesgrupper. Dette krev at dei har kunnskap om si eiga rolle, slik ho er ramma inn i gjeldande lov- og avtaleverk. I tillegg krev det kunnskap om dei yrkesgruppene og tenestene som kan og bør inngå i det lokale laget rundt barnehagebarn og elevar.

Dette er kunnskap som også er viktig i det lokale partssamarbeidet, for å styrkje dei tillitsvalde og leiarane i medbestemmings- og påverkingsarbeidet dei gjer. Lokale myndigheiter må ansvarleggjerast gjennom dei prioriteringane dei gjer i vår sektor. Lærarane er avhengige av at det er eit støttesystem tilgjengeleg, med tilstrekkeleg bemanning og kompetanse, for å kunne skjøtte ansvaret sitt overfor barn, unge og vaksne. Det arbeidet må gjerast lokalt.

Sentralt: Arbeidet med å avgrense lærarrolla må ta sikte på å møte behova hos lærarane, og samtidig bevisstgjere dei om ansvaret dei sjølve har, kva ansvar dei deler med andre yrkesgrupper og tenester, og kva for ansvar som ligg hos støttesystemet. Utdanningsforbundet sentralt må derfor utvikle ressursar og skoleringsmateriell for tillitsvalde, både til bruk i lokale forhandlingar og lokalt påverkingsarbeid, og som ei støtte i arbeidet med å bevisstgjere og fordele ansvar på arbeidsplassnivå. Det blir også viktig å involvere leiarmedlemmer. Sentralt nivå vil samtidig ha eit ansvar for å formidle til partane korleis lærarprofesjonen forstår lærarrolla og laget rundt. Dette vil også vere ein del av arbeidet fram mot valet i 2025.

Aktualitet
Utviklinga av lærarrolla dei siste tiåra har vore prega av ei stadig sterkare vektlegging av kor viktige lærarane er for samfunnet. Dette har skjedd parallelt med eit aukande reformtempo frå sentrale myndigheiter, gjerne grunngitt med eit behov for å løfte kvaliteten på arbeidet som lærarane gjer.

Det omfattande samfunnsmandatet vårt gjer at vi ofte står i sentrum for merksemd frå politikarane. Berre dei siste par åra, gjennom koronapandemi og lærarstreikar, har vi fått ei tydeleg påminning om at det er auka forventningar til kva lærarane og utdanningssystemet skal bidra med for å løyse samansette samfunnsutfordringar.

Mange lærarar opplever i dag at dei får ansvar for forhold som ligg utanfor mandatet og kompetansen dei har, med ei stadig meir mangfaldig gruppe av barn, unge og vaksne som har auka oppfølgingsbehov. Politiske målsetjingar om ein betre inkluderande praksis bidrar til dette, og vi står no i ein situasjon der læraryrket blir overlesst med forventningar. Lærarane må ha eit vern mot overbelastning. Vi treng ei betre regulering av det psykososiale arbeidsmiljøet. Det må vere ei like god forståing og eit like godt regelverk for det psykososiale arbeidsmiljøet som for det fysiske arbeidsmiljøet. Det er viktig å følgje opp i organisasjonen det lovarbeidet som no blir gjort.

I forhandlingane av arbeidstidsavtalen SFS 2213 i desember 2023 fekk utdanningsforbundet inn i protokollen at det er behov for å gå gjennom kva oppgåver lærarprofesjonen har ansvaret for, og kva oppgåver som andre tilsette i skolen bør utføre. Det same behovet finn vi igjen i regjeringsstrategien for å rekruttere til lærarutdanningane og læraryrket, ved at dei vil styrkje laget rundt barn og unge «for å bidra til at lærerne kan bruke tiden på kjerneoppgavene». Regjeringa har i Hurdalsplattforma også teke til orde for å sjå nærare på kva oppgåver barnehagelærarane har. Dette vil krevje diskusjonar på lokalt nivå og på einingsnivå om kva oppgåver lærarprofesjonen skal utføre innanfor oppdraget som er gitt i lover og forskrifter.

 

VI UTDANNER NOREG 2024–2027:

  • Lærarprofesjonen skal ha ei særskild rolle i å sikre ei tenleg og forsvarleg avklaring av kva for oppgåver profesjonen har ansvaret for, og kva for oppgåver leiarar og lærarar treng støtte frå andre yrkesgrupper for å løyse. Utdanningsforbundet skal arbeide for at denne avklaringa skjer gjennom partssamarbeid, samarbeid med dei andre yrkesgruppene i den lokale arbeidsfellesskapen og innanfor gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Læraren treng støtte frå andre yrkesgrupper både i og utanfor eigen barnehage og skole for å kunne ta hand om ansvaret sitt til det beste for barn, unge og vaksne.

STRATEGISK SATSING FRÅ AUGUST 2024 TIL AUGUST 2025:
Utdanningsforbundet vil med denne satsinga arbeide for å finne fleire handlingsalternativ for å nå dei tariffpolitiske målsetjingane.

Dei siste åra har vist oss korleis uføresette hendingar kan påverke både rammevilkår, moglegheiter og handlingsrom også i det tariffpolitiske landskapet. Då er det desto viktigare at tariffpolitikken til organisasjonen er tydeleg, føreseieleg, framtidsretta og samlande.

Behovet for nye tariffpolitiske verkemiddel og fleire handlingsalternativ er særleg presserande på KS-området. Lærarstreiken i 2022 har tydeleggjort at vi treng ein ny posisjon og eit høve til å ta i bruk nye verkemiddel for å stoppe den svake lønnsutviklinga for lærarar i skoleverket og for å stoppe kompetanseflukta frå barnehagane. Eit godt resultat i mellomoppgjeret 2023 endrar ikkje dette behovet.

Landsmøtevedtaket om å vurdere og greie ut nye tariffpolitiske verkemiddel er både eit uttrykk for eit tariffpolitisk behov og ei erkjenning av at vi treng å gjere noko anna for å nå dei tariffpolitiske målsetjingane våre. Det er også eit strategisk vegval som vil kunne gi organisasjonen ein ny og betre posisjon i komande tariffoppgjer.

Landsmøtevedtaka forpliktar sentralstyret og forhandlingsdelegasjonane i utforminga av krav og i forhandlingar både internt i Unio og opp mot arbeidsgivaren. Samtidig er det viktig å ta i bruk den krafta som ligg i samspelet mellom dei ulike nivåa i Utdanningsforbundet. Det gir oss ein unik posisjon og er ein viktig føresetnad for å få gjennomslag for politikken vår – på kort og lang sikt.

Lokalt: Skal vi lykkast med dei tariffpolitiske satsingane, er det viktig at lokale tillitsvalde held fram med å aktivt påverke behandlinga av KS-debatthefte. Utdanningsforbundet ønskjer å vere ein premissleverandør når kommunane skal gjere sine prioriteringar. Dei tillitsvalde må derfor tryggjast i arbeidet med å drive det kontinuerlege politiske påverkingsarbeidet som krevst for at vi skal kunne få den posisjonen og det gjennomslaget vi ønskjer. Regjeringas Strategi for rekruttering til lærerutdanningene og læreryrket 2024–2030 kan vere eit viktig dokument som støttar opp under dette arbeidet.

Sentralt: Det ligg til sentralstyret å forvalte den vedtekne politikken til organisasjonen i landsmøteperioden. Særleg relevant for denne satsinga er landsmøtevedtaket:

Lærarane i skoleverket har gjennom mange år hatt ei svakare lønnsutvikling enn resten av samfunnet, og det har ført til eit lågt lønnsnivå. Nye tariffpolitiske verkemiddel må derfor greiast ut og vurderast for å stoppe mindrelønnsutviklinga for undervisningsgruppene i skoleverket, og for å stoppe kompetanseflukta frå barnehagane. Eventuelle nye tariffpolitiske verkemiddel skal forankrast i organisasjonen før dei blir tekne i bruk.

Oppgåva til forhandlingsdelegasjonane er å vurdere behovet for nye verkemiddel ut frå utfordringane og kva som er mogleg i kvart enkelt tariffområde. Sentralstyret legg til grunn i denne strategiske planen at det særleg skal fokuserast på å utvikle ein framtidsretta tariffpolitikk som gagnar alle medlemmene våre.

Aktualitet
Dei siste åra har det vore streikar i KS-området, Oslo kommune og i PBL (Private Barnehagers Landsforbund). For Utdanningsforbundet er det derfor nødvendig å markere tydeleg kva vi forventar av KS og andre arbeidsgivarar i utdanningssektoren.

Utdanningsforbundet presiserer i sine forventningar at arbeidsgivarar må anerkjenne kor viktig lærarutdanninga er, og følgje dei lovfesta utdanningskrava.

Nasjonale og lokale myndigheiter har eit ansvar for å tilby innbyggjarane gode velferdstenester. Samfunnsansvaret som lærarane forvaltar, må speglast i tilfredsstillande lønns- og arbeidsvilkår og i det profesjonelle handlingsrommet lærarane har. Partane har eit felles ansvar for at dette blir teke vare på gjennom lønnsdanning i lov- og avtaleverk.

Rekrutteringsproblema er alvorlege i utdanningssektoren. Dette er ei krise som både handlar om ein dramatisk svikt i søkjartalet til lærarutdanningane og ei bemanningskrise i barnehagane. Mange kommunar har store utfordringar med å skaffe lærarar som har lærarutdanning. Det er også altfor mange lærarar som forlèt barnehagen og skolen. Det er derfor viktig at Utdanningsforbundet aktivt bruker regjeringas nye rekrutteringsstrategi for å forplikte partane til å følgje opp målsetjingane i strategien. Til dette høyrer det også å utvikle ein framtidsretta tariffpolitikk.

 

VI UTDANNER NOREG 2024–2027:

  • Utdanningsforbundet meiner at sentral lønnsdanning skal vere berebjelken ved fastsetjing av lønn for lærarprofesjonen. Vi må ha eit lønnssystem som byggjer på utdanning, kompetanse og ansvar. Alle medlemmene våre må få utteljing for formell kompetanse. Utdanningsforbundet skal jobbe for at barnehagelærarane får eit sentralt og føreseieleg garantilønnssystem som sikrar utteljing for vidareutdanning.

STRATEGISK SATSING FRÅ AUGUST 2024 TIL AUGUST 2025:
Utdanningsforbundet skal vere ein pådrivar for å auke bemanninga og barnehagelærartettleiken i barnehagen gjennom eit sterkare lovverk sentralt og ulike tiltak lokalt.

Utdanningsforbundet vil med denne satsinga føre vidare arbeidet for å betre bemanningssituasjonen i barnehagane i landet og intensivere det for å nå følgjande mål:

Auka grunnbemanning i form av fleire barnehagelærar
Utdanningsforbundet arbeider for å auke andelen barnehagelærarar i sektoren, slik at andelen blir på minst 60 prosent. Samtidig må også grunnbemanninga i barnehagen aukast. Utdanningsforbundet har derfor utarbeidd ein ny modell som sikrar auka grunnbemanning i form av fleire barnehagelærarar.

Styrkt styrarressurs
Utdanningsforbundet arbeider for å innføre ei styrenorm, slik at alle barnehagane har éin fast nærverande styrar i full stilling. I tillegg må styrarnorma sikre at styrarressursen blir auka når storleiken på barnehagen kjem over eit visst nivå.

 

Skal vi få politisk gjennomslag både på lokalt og sentralt nivå, er det avgjerande at heile organisasjonen er involvert og tek eigarskap til satsinga. Det sentrale leddet og fylkeslaga tek initiativ til aktivitetar og støttar lokallag i partssamarbeid og politisk påverkingsarbeid.

Kontaktforum barnehage, sentralt leiarråd, fylkeslag og sekretariat skal samle og dele erfaringar som blir gjorde lokalt. Slik kunnskap vil igjen fremme arbeidet med bemanningsmodellen, ansvarleggjere lokale myndigheiter / barnehageeigarar og styrkje styrarrolla.

I satsinga vidare er det viktig å rette eit særskilt søkjelys mot styrarane. Dei er nøkkelaktørar i utviklinga av barnehagesektoren og opplever å stå i eit krevjande krysspress – både når det gjeld eigen arbeidssituasjon og når det gjeld bemanningskrisa elles i barnehagane. I tillegg til vårt eige tillitsvaltsapparat er det avgjerande at organisasjonen i større grad når ut til, støttar og utfordrar styrarmedlemmene i Utdanningsforbundet i arbeidet deira for auka grunnbemanning i form av fleire barnehagelærarar og auka styrarressurs.

Lokalt: I tillegg til å sikre at styrarane blir involverte og tek eigarskap i satsinga Tid for dei minste, må det arbeidast for at lokale myndigheiter og barnehageeigarar blir gjorde ansvarlege for å løyse problema som oppstår når bemanninga i barnehagen ikkje er tilstrekkeleg. Det må også arbeidast for å påverke lokale budsjett, slik at vi får på plass prosjekt som bidrar til å betre bemanningssituasjonen. I tillegg er det viktig å synleggjere bemanningsutfordringane og behovet for auka styrarressurs, samtidig som vi også løftar fram dei positive følgjene av betra bemanning.

Sentralt: Sentralleddet vil – i tillegg til å arbeide inn mot statsbudsjettet og påverke politikken i nye partiprogram – utvikle ressursar inn mot valkampen 2025. Ressursar til bruk i lokalt påverkingsarbeid blir utvikla vidare, og det kjem også ulike former for skoleringsmateriell.

Skal vi nå målsetjingane våre, er vi avhengige av at satsinga skaper engasjement både blant styrarar, tillitsvalde og resten av profesjonsfellesskapen.

Aktualitet
Barnehagesektoren er prega av ei bemanningskrise. Grunnbemanninga er for lita, det er stor mangel på barnehagelærarar, og styrarressursen er mange stader for liten. Verken nasjonale eller lokale myndigheiter ser ut til å ta ansvaret for å løyse krisa, som først og fremst rammar barnehagebarna, som ikkje får det pedagogiske tilbodet dei har krav på, men det rammar også dei tilsette, som blir utslitne i forsøket på å drive god barnehage innanfor altfor tronge rammer.

Utdanningsforbundet har over tid arbeidd målretta for å betre bemanningssituasjonen i barnehagesektoren. Gjennom satsinga Tid for dei minste har vi sørgd for å auke merksemda om bemanningskrisa i eit forsøk på å få sentrale og lokale myndigheiter til å ta sitt ansvar for å betre situasjonen. Trass i ei rekke gode lokale prosjekt og tiltak har vi dessverre ikkje fått noka permanent løysing i form av statlege føringar som sikrar at alle barnehagebarn får gå i ein barnehage med nok tilsette, ein tilfredsstillande andel barnehagelærarar og ein fast nærverande styrar. Likevel kan vi konstatere at det er større politisk merksemd om og interesse for bemanningsutfordringane i sektoren.

Regjeringa har formulert målsetjingar i Hurdalsplattforma og den nasjonale barnehagestrategien Barnehagen for en ny tid, som langt på veg harmonerer med målsetjingane til Utdanningsforbundet. Innan 2025 vil regjeringa betre bemanningsnorma og auke andelen barnehagelærarar til 50 prosent. Innan 2030 er målet at andelen barnehagelærarar skal aukast endå meir, til 60 prosent. I tillegg har regjeringas ønske om krav til leiar på staden ført til ein ny forskriftsregel. Denne regelen kan Utdanningsforbundet bruke i arbeidet for å styrkje styrarressursen.

Det er brei og tverrpolitisk semje om at andelen barnehagelærarar i den norske barnehagesektoren skal aukast. Likevel ser det ut til å mangle vilje til å gjere nødvendige endringar i lov og forskrifter og sikre at nye normer blir fullfinansierte. Snarare skyv regjeringa ansvaret for situasjonen over på lokale myndigheiter og barnehageeigarar.

Samtidig er dette det siste året i stortingsperioden, og det er no regjeringa blir målt etter korleis ho oppfyller Hurdalsplattforma. Gjennom satsinga Tid for dei minste vil Utdanningsforbundet derfor styrkje innsatsen fram mot stortingsvalet i 2025.

 

VI UTDANNAR NOREG 2024–2027:

  • Dei lovfesta bemannings- og lærarnormene i barnehagen og skolen må styrkjast, og moglegheitene som ligg i dei, må utnyttast av profesjonsfellesskapen.
  • Utdanningsforbundet skal arbeide for at minst 60 prosent av dei tilsette i barnehagen skal ha barnehagelærarutdanning, ved å styrkje barnehagelærarnorma samtidig som grunnbemanninga reelt blir auka.
  • God leiing krev nærvær og kan ikkje utøvast utanfrå. Det skal derfor vere éin styrar i kvar barnehage og éin rektor ved kvar skole.

STRATEGISK SATSING FRÅ AUGUST 2024 TIL AUGUST 2025:
Utdanningsforbundet skal vere ein pådrivar for å endre det nasjonale systemet for kvalitetsutvikling slik at det i større grad støttar opp under arbeidet lærarane gjer for at elevane skal lære og trivast, og i mindre grad fører til dokumentasjons- og rapporteringskrav, usunn konkurranse, målforskyving og stress blant elevane.

Med denne strategiske satsinga ønskjer Utdanningsforbundet å nå to overordna mål:

Bidra til omfattande endringar i det nasjonale systemet for kvalitetsutvikling
Vi skal jobbe for aksept i offentlegheita og blant politikarar om at det trengst omfattande endringar i det nasjonale systemet for kvalitetsutvikling, inkludert betre verktøy som støttar opp under skolens breie samfunnsmandat og læring og trivsel for elevane. For å lykkast må vi vere synlege i media, initiere diskusjon både nasjonalt og lokalt, halde oss oppdaterte på fagfeltet og drive politisk påverkingsarbeid som synleggjer korleis det nasjonale systemet treffer i klasserommet. Det er avgjerande at påverkingsarbeidet også skjer lokalt, fordi denne problematikken i stor grad handlar om korleis skolesektoren skal styrast lokalt, og korleis både nasjonalt og lokalt forvaltingsnivå kan støtte opp under arbeidet lærarane gjer i klasserommet.

Synleggjere og konkretisere alternativ til dagens system
Vi skal synleggjere og konkretisere alternativ til dagens system. Kvalitetsutviklinga og styringa av sektoren i det nye systemet skal skje nedanfrå og opp, og ikkje ovanfrå og ned som i dag. Vi må utvikle og forankre ein politikk for kvalitetsutvikling som kan framstå som eit reelt alternativ til dagens system – og som treffer arbeidet i klasserommet betre. Då held det ikkje å berre vise til at nasjonale verktøy må vere gode pedagogiske verktøy. Vi må også ta på alvor at skolenivå, kommunalt og fylkeskommunalt nivå og nasjonalt nivå treng styringsinformasjon. Samtidig må vi vere tydelege på at vi ikkje aksepterer eit system som skaper mistillit mellom ulike nivå og uheldig konkurranse, som undergrev faglege standardar og fører til ei innsnevring av opplæringa.

 

Skal vi få politisk gjennomslag både på lokalt og sentralt nivå, er det avgjerande at heile organisasjonen er involvert og tek eigarskap til satsinga. Det sentrale leddet og fylkeslaga må ta initiativet til aktivitetar og støtte fylkeslag, lokallag og klubbar i partssamarbeid og politisk påverkingsarbeid.

Kontaktforuma for grunnskolen og den vidaregåande skolen, sentralt leiarråd, utdanningspolitisk utval, fylkeslag og sekretariat vil ha ei viktig oppgåve i å samle og dele erfaringar som blir gjorde lokalt.

Lokalt: Vi skal bidra til at erfaringar og kunnskap frå praksisfeltet vil leggje premissane når vi skal utforme alternativ til det systemet vi har for kvalitetsutvikling i dag. Grunntanken bak endringane er at styringsinformasjonen i eit nytt system for kvalitetsutvikling i større grad skal byggje på erfaringane til lærarar og leiarar og korleis dei opplever situasjonen. Utdanningsforbundet er i ein særskilt posisjon til å kartleggje og formidle desse behova gjennom medlemmene våre og dei tillitsvalde. Det vil vere viktig at alle ledda i organisasjonen bidrar med å finne og løfte fram eksempel på at dette blir gjort i dag. Skoleleiarar er i ein nøkkelposisjon i dette arbeidet fordi dei er bindeleddet mellom klasserommet og kommunen/fylkeskommunen. Utdanningsforbundet skal støtte lærarar og tillitsvalde i å utnytte formelle og uformelle former for samarbeid og dialog med sine leiarar og kommunar/fylkeskommunar for å finne fram til samhandlingsformer som skaper tillit.

Sentralt: Vi skal løfte fram erfaringane frå lærarprofesjonen i offentlegheita og presentere politikken til Utdanningsforbundet i media. I tillegg skal sentralleddet drive politisk påverkingsarbeid opp mot regjeringa, stortinget og dei politiske partia, og ha kontakt med direktorat, departement og andre sentrale aktørar. Viktige milepålar er oppfølginga av utgreiinga frå utvalet for kvalitetsutvikling, oppfølginga av ny stortingsmelding om ungdomstrinnet og andre stortingsmeldingar, arbeid med partiprogram fram mot stortingsvalet neste haust og, ikkje minst, sjølve valet. For å nå målsetjingane våre er vi avhengige av at satsinga skaper engasjement blant leiar- og lærarmedlemmer, og hos tillitsvalde ute i skolen og på kommune- og fylkeskommunenivå.

Aktualitet
Etter at resultata frå internasjonale undersøkingar blei offentleggjorde i fjor, har den offentlege skoledebatten handla om at pilene peiker feil veg i norsk skole. Det blir lansert ulike forklaringsmodellar og sprikande løysingar frå ei rekke forskjellige aktørar. Bildet er uoversiktleg. Det politiske presset om å gjere noko er sterkare enn på lenge, samtidig som usikkerheita om kvar vegen skal gå vidare, kan verke større enn før. Dette gjer det mogleg å påverke, og Utdanningsforbundet bør ha ambisjonar om å ta ei leiarrolle i diskusjonane som kjem.

Hovudutgreiinga frå utvalet for kvalitetsutvikling i skolen blei overlevert i november 2023. Vi må forvente at denne utgreiinga vil stå sentralt i diskusjonane om retninga vidare for norsk skole. Den overordna tilrådinga i utgreiinga er at Noreg treng eit heilt nytt system, fordi det er store svakheiter ved det gamle systemet for kvalitetsutvikling. Systemet i dag er i hovudsak innretta mot styring og utvikling ovanfrå, mens utvalet tilrår at eit nytt system i større grad skal støtte opp under læring og trivsel for elevane og arbeidet lærarane gjer i praksisfeltet. Som eit ledd i omlegginga ønskjer utvalet å avskaffe dagens nasjonale prøver og erstatte dei med nye læringsstøttande prøver.

Utgreiinga er viktig fordi ho er den einaste heilskaplege gjennomgangen av det systemet for kvalitetsvurdering vi har i dag. Endringane som blei gjorde i norsk skole i starten av dette tusenåret, handla blant anna om å etablere ein ny styringsmodell der skolar og kommunar blei haldne ansvarlege for talfesta læringsresultat. Som eit ledd i dette fekk vi verktøy som nasjonale prøver, kartleggingsprøver, elevundersøkinga og seinare skolebidragsindikatoren. I den vidaregåande opplæringa er særleg halvårs-, standpunkt- og eksamenskarakterar i bruk, og også statistikk over fråvær, fullført og bestått blir brukte som styringsverktøy i tillegg til elevundersøkinga.

Utdanningsforbundet har frå starten vore skeptisk til desse endringane, men har fått lite gehør. No får vi drahjelp av hovudutgreiinga frå utvalet for kvalitetsutvikling. Dessverre kan det verke som om tiltaka i rapporten ikkje står i stil med den ambisiøse målsetjinga om ein ny kurs. Vi skal også vere klar over at sterke krefter i det politiske miljøet, blant interesseorganisasjonar, myndigheiter og i forskarkretsar, ikkje ønskjer betydelege endringar. Skal vi få gjennomslag for at det er nødvendig med ei ny retning for kvalitetsutvikling og styring av norsk skole, må vi argumentere klokt og stå samla, og vi er nøydde til å presentere truverdige alternativ.

Det vindauget for moglege endringar som har opna seg i kjølvatnet av rapportane frå kvalitetsutviklingsutvalet og resultata frå dei internasjonale undersøkingane, vil ikkje vere ope lenge. Tida fram mot neste stortingsval er knapp, og regjeringa vi har i dag, må handle raskt om ho skal setje sitt preg på utviklinga mens ho er i posisjon. Derfor er det viktig at Utdanningsforbundet prioriterer dette arbeidet i året som kjem.

 

VI UTDANNAR NOREG 2024–2027:

  • Vi må utnytte kompetansen i profesjonen betre, både ved utforming av styringssystem, vurdering av kva som er relevant styringsinformasjon, og ved fortolking av innsamla informasjon. Mål- og resultatstyring har over lang tid vore det gjeldande styringssystemet i skole og barnehage. Dette har bidratt til standardisering og konkurranse, noko som innsnevrar formålet og samfunnsmandatet til barnehagen og skolen. (…) Nasjonale prøver må avviklast. I staden bør det utviklast fleksible fagleg-pedagogiske verktøy som kan bli brukte i klasserommet på premissane til lærarar og elevar.