Utdanningsforbundets strategiske plan august 2022 – desember 2023 (nynorsk)

Utdanningsforbundets strategiske plan – revidert for august 2022 til desember 2023 (nynorsk)

I Vi utdannar Noreg 2020–2023 ligg politikken som heile organisasjonen er forplikta til å arbeide med i landsmøteperioden. For å gjere tydelege prioriteringar og styrke den politiske påverkinga har organisasjonen også vedtatt ein strategisk plan. Planen gjeld for perioden august 2022 til og med desember 2023. Vi utdannar Noreg og Strategisk plan er viktige styringsinstrument som har ulike funksjonar, og som utfyller kvarandre.

I arbeidet med medlemmene sine lønns- og arbeidsvilkår, utdanningspolitikk og organisasjonsutvikling er Vi utdannar Noreg eit dokument som gir retning til handling for heile landsmøteprioden. Breidda i dette dokumentet er ein styrke. Tillitsvalde på alle nivå må legge til rette for engasjement i heile organisasjonen, slik at den er klar til å møte utfordringar i heile utdanningssystemet.

Dei strategiske satsingane er eit uttrykk for prioriteringane organisasjonen meiner vi skal ha ein særleg samordna innsats på i dei neste eitt og eit halvt åra.

Ei brei organisering av medlemmer og eit sterkt apparat av tillitsvalde gir oss eit unikt høve til felles innsats og stor slagkraft. Lokallag, fylkeslag og sentralleddet skal legge til rette for god dialog og samhandling for at organisasjonen kan jobbe heilskapleg og strategisk mot felles mål. Organisasjonen skal dra nytte av engasjementet blant alle medlemmer og tillitsvalde i arbeidet med strategisk plan.

Etter prosessar og innspel frå organisasjonen har sentralstyret vedtatt at dei fire strategiske satsingane i det føregåande året vert ført vidare med nokre justeringar fram til og med desember 2023.

Desse er:

  • Trygge og helsefremjande arbeidsplassar
  • Styring av utdanningssektoren
  • Fleire barnehagelærarar og auka bemanning i barnehagen
  • Lønnspolitisk offensiv for lærarar i skulen

Lokale, nasjonale og internasjonale rammer og straumdrag pregar utøvinga av lærarrolla. I landsmøteperioden vi går mot slutten av, har vi tydelegare enn nokon gong opplevd kva internasjonale og nasjonale hendingar har å seie for medlemmene våre, barnehagebarna, elevane og studentane.

Heile utdanningssektoren skal ta imot flyktningar, mellom anna frå Ukraina. Pandemien har sett arbeidsmiljøet til medlemmene våre på prøve. Klimakrisa har forsterka samfunnsmandatet vårt om å gi barn og unge kompetanse til å leve på ein berekraftig og miljøvennleg måte. Og ein uroleg verdsøkonomi utfordrar rammevilkåra til dei lokale utdanningsinstitusjonane våre.

Klimakrise, pandemi, krig og økonomiske tilbakeslag i verdsøkonomien er dermed tett kopla til og har understreka verdien av dei strategiske satsingane til Utdanningsforbundet. Trygge og helsefremjande arbeidsplassar for medlemmene våre er ein føresetnad for det faglege og pedagogiske tilbodet til barnehageborn, elevar og studentar.

Styringa av utdanningssektoren må støtte opp under det etiske og faglege handlingsrommet til profesjonen. Betre relasjonelt arbeid som kan gi større trivsel og gode vilkår for leik i barnehagen, krev fleire barnehagelærarar og auka bemanning. Godt kvalifiserte lærarar og leiarar i barnehage og skule med fagleg, didaktisk og pedagogisk kompetanse er det grunnleggande for å kunne gi barn og unge god kvalitet i utdanninga.

Betre lønnsutvikling er avgjerande for å styrke etterspurnaden frå samfunnet og arbeidsgjevar etter lærarar med godkjend lærarutdanning.

Samstundes som det i perioden har vore internasjonale hendingar med djuptgripande og langvarige konsekvensar, inneber eit nytt storting etter valet i 2021 både nye stortingsrepresentantar, ny regjering og nye politiske målsettingar.

Dette gir sjansar, men også utfordringar, for å få gjennomslag for politikken og dei strategiske satsingane våre.

Både til nye og røynde stortingsrepresentantar må vi bruke innverknaden vår til å få forståing for eit sterkare partssamarbeid/medbestemming nasjonalt, lokalt og på arbeidsplassnivå. Dette, saman med auka profesjonsfagleg innverknad i heile utdanningssystemet, er sentrale føresetnader for å bygge tillit til profesjonen. Det er dermed viktige bidrag til å sikre at barn, unge og vaksne får god utdanning i tråd med vedtekne målsettingar for opplæringa.

Vi må bruke dette nye politiske handlingsrommet til å synleggjere og understreke at eit trygt og helsefremjande arbeidsmiljø aukar sjansane for trivsel og profesjonell yrkesutøving. Fleire barnehagelærarar og auka bemanning i barnehagen vil styrke profesjonsfellesskapet. Det vil igjen føre til at det pedagogiske arbeidet vert utvikla vidare.

Vi må vere tydelege på at lønn og arbeidsvilkår må gi støtte til det ansvaret medlemmene våre har.

For å nå desse ambisiøse måla i den strategiske planen må vi jobbe med politisk påverknadsarbeid både sentralt og lokalt, kortsiktig og langsiktig. Det er gjennom heilskapleg strategisk arbeid vi er sterkast. Ein føresetnad for denne styrken er engasjerte og mobiliserte medlemmer og tillitsvalde. Samordna innsats og stor evne til å påverke avgjerder aukar sjansane til å nå resultat.

Den profesjonsfaglege innverknaden vår vert utøvd samstundes gjennom medbestemming og andre former for formelt og uformelt partssamarbeid. Merksemda frå den nye regjeringa på den norske arbeidslivsmodellen og trepartssamarbeidet må vi bruke aktivt for å få gjennomslag for dei strategiske satsingane våre.

Vi må arbeide for at frontfagsmodellen vert praktisert på ein måte som også fungerer for utdanningsgruppene i offentleg sektor.

Vi må også framheve koplinga mellom godt partssamarbeid og sjansane tilsette har til å utøve godt fagleg skjønn.

Gjennom undervisning, danning og omsorg skal lærarane medverke til at barn, unge og vaksne lærer og utviklar seg til det beste for seg sjølve og for det samfunnet dei er ein del av. Å vere lærar inneber stort ansvar. Kunnskapsgrunnlaget til lærarane er samansett og komplekst, og fag, didaktikk og pedagogikk er bundne nært saman.

Ei lærarrolle under press er ein fellesnemnar for dei strategiske satsingane våre. Vi har til dømes sett at rolla til lærarane i barnehage og skule over tid har blitt uklar og svekka. Det er ikkje sjølvsagt lenger at elevane sin rett til opplæring faktisk inneber at dei får opplæring frå ein som er utdanna lærar.

Skule- og barnehageeigarar omgår lovfesta reglar om bemanning, der føremålet ofte er økonomisk innsparing. Dette er ei svært alvorleg utvikling som krev at bruken av ukvalifiserte og dispensasjonar frå utdanningskrav vert innskjerpa i lov- og regelverk.

Uavhengig av formelle og uformelle arenaer for medverknad er den viktigaste føresetnaden for gjennomslag for dei strategiske satsingane våre at vi brukar profesjonsstemma og snakkar tydeleg om kva vi har å seie for at barn, unge og vaksne får eit kvalitativt godt og etisk forsvarleg opplæringstilbod.

Røynslene vi har gjor oss med pandemi, flyktningstraumar og veksande ulikskap, må vi bruke til å møte framtidige utfordringar med kjerneverdiane samarbeid, samhald og solidaritet. Vi må delta i samfunnsdebatten, vi må skape tillit og gjere det vi er gode på; å vere lærarar.

STRATEGISK SATSING AUGUST 2022 TIL DESEMBER 2023:
Utdanningsforbundet skal vere ein pådrivar for arbeidsplassar prega av eit trygt og helsefremjande arbeidsmiljø.

Arbeidet for trygge og helsefremjande arbeidsplassar krev målretta og systematiske prosessar som tek utgangspunkt i utfordringane lærarar i barnehage og skule, lærarutdannarar, tilsette i fagleg og administrativt støttesystem og leiarar opplever i kvardagen.

Dette arbeidet må skje på den enkelte arbeidsplassen ettersom utfordringane kan vere svært forskjellige. Dei ulike nivåa i organisasjonen har alle viktige roller i arbeidet for gode arbeidsplassar.

Ei solid verneteneste og styrking av partssamarbeidet på arbeidsplassen er avgjerande. Utdanningsforbundet treng skulerte tillitsvalde, leiarar og medlemmer som kan ta del i dette arbeidet.

I Vi utdannar Noreg 2020–2023 er føresetnaden at det finst systematisk HMS-arbeid på arbeidsplassen, noko som også er lovpålagt. Alle arbeidsplassar bør ha ei HMS-gruppe som kartlegg kva som kan takast vare på, og kva som er utfordringar og risiko for skade og sjukdom på arbeidsplassen.

Partane i fellesskap (HMS-gruppa/arbeidsmiljøutvalet) skal lage tiltak med utgangspunkt i kartlegginga på arbeidsplassen. Likevel veit vi at offentleg sektor ikkje har den same tradisjonen for slikt systematisk arbeid, som til dømes i industrien.

Dette er problematisert og dokumentert i forsking og må synleggjerast og tatt tak i slik at arbeidsplassen blir i stand til å bygge ein god kultur og gode prosessar i det systematiske arbeidsmiljøarbeidet.

Det er viktig at HMS-gruppa formidlar vidare utfordringar og problemstillingar rundt arbeidsmiljøet på arbeidsplassen til arbeidsutvalet i verksemda/kommunen/fylkeskommunen (verksemder med minst 50 tilsette skal ha AMU).

AMU skal virke for at eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i verksemda vert gjennomført og følgje nøye med på utviklinga i spørsmål som handlar om tryggleik, helse og velferd til arbeidstakarane.

Aktualitet
Koronapandemien har påverka arbeidsmiljøet til medlemmene. Mange har opplevd denne tida som utfordrande og krevjande både når det gjeld smittevern og arbeidsbelastning. Det er også blitt synleggjort at der det ikkje er eit godt fungerande støtteapparat (PPT, Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk mfl.), har belastninga i arbeidskvardagen til lærarar, leiarar og i støttesystemet i barnehage og skule auka ytterlegare.

Det har også kome fram at arbeidsplassar som hadde etablert eit godt og systematisk partssamarbeid, har klart å samarbeide betre under pandemien.

Problemstillingar og utfordringar som følgje av pandemien, må gå inn i det systematiske HMS-arbeidet på arbeidsplassane.

I ei undersøking Respons gjorde for Utdanningsforbundet hausten 2020, der konsekvensar av pandemien var tema, svarte heile 53 prosent av lærarane i skulen at dei vurderte å søke eller hadde søkt anna stilling i løpet av dei to siste åra. Vi får signal om at det same gjeld for lærarar i barnehagar (FUS).

Når dei akkumulerte belastningane blir så store som under pandemien, er det fare for at det framover kan føre til auka sjukefråvær og flukt frå læraryrket.

Det blir viktig å ta med lærdomen frå tida med pandemi slik at ein sikrar god beredskap, dersom barnehagar og skular kjem opp i liknande situasjonar igjen.

Fafo-rapporten «Kjønnsperspektiv på arbeidsmiljøutfordringer og HMS-arbeid i kommunal sektor» viser at arbeidsmiljøutfordringane og arbeidsmiljøbelastningane er ulike i kvinnedominerte og mannsdominerte yrke i same kommune. Arbeidsbelastningane er størst i dei kvinnedominerte yrka, samstundes som rommet for sjølvstendige avgjerder og autonomi er minst i desse yrka.

Skilnadene har fått lite merksemd i kommunane. Forskarane etterlyser ein diskusjon om korleis ein kan verne tilsette betre med relasjonelt arbeid.

Å intensivere arbeidet med arbeidsmiljø har også relevans når det gjeld andre viktige utfordringar for lærarar og leiarar. Det kan til dømes vere område som vald og trugsmål, emosjonelle belastningar, varsling og ytringskultur og bruk av avvikssystem.

IA-bransjeprogrammet for barnehagen har gitt kunnskap og erfaring gjennom partssamarbeidet. Det viser at det er behov for satsing på arbeid med helsefremjande arbeidsmiljø. Satsing og tiltak for eit helsefremjande arbeidsmiljø må ta utgangspunkt i utfordringar på arbeidsplassane og bli retta mot alle livsfasar.

Gode tiltak og ordningar må bli sette i verk for å fremje helse og førebygge tidleg avgang frå yrket. I tillegg må ein vurdere om særaldersgrense er eit nødvendig verkemiddel for barnehagelærarar.

Heile og faste stillingar er viktige faktorar for trygge og helsefremjande arbeidsplassar. Dette er viktig for alle medlemsgrupper. Problematikken med mellombelse stillingar har vore ein særleg stor utfordring i universitet- og høgskulesektoren.

Utdanningsforbundet støttar det pågåande arbeidet til regjeringa med å fremje faste stillingar og heiltidskultur.

 

VI UTDANNAR NOREG 2020–2023:

  • Utdanningsforbundet vil arbeide for eit helsefremjande arbeidsmiljø.
  • Ein føresetnad for eit helsefremjande og førebyggande arbeidsmiljø er at det vert arbeidd systematisk med helse, miljø og tryggleik (HMS) på den einskilde arbeidsplassen. Dagens HMS-reglar og yrkesskadelovgjeving er i for liten grad tilpassa offentleg sektor, der mange får langsiktige og stressrelaterte belastningsskadar.
  • Tilsette må vernast mot vald, trugsmål om vald og mobbing både i arbeidssituasjonen og i digitale medium. Utdanningsforbundet vil intensivere arbeidet for at sentrale styresmakter og arbeidsgjevar tek eit heilskapleg ansvar for å førebygge, handtere og følgje opp slike hendingar.
  • For å kunne følgje opp arbeidsmiljøarbeidet må medlemmer vere informerte, og tillitsvald og verneombod må vere godt skulerte.

STRATEGISK SATSING AUGUST 2022 TIL DESEMBER 2023:
Utdanningsforbundet skal vere pådrivar for at nasjonal og lokal styring og utvikling av utdanning bygger på eit breitt forskings- og erfaringsbasert kunnskapsgrunnlag og støttar opp under ei brei målforståing.

Nasjonale utdanningsstyresmakter har det overordna ansvaret for utdanningssektoren og nyttar eit breitt spekter av verkemiddel i styringa av utdanningsinstitusjonar, eigarar og lokale styresmakter. Dette omfattar blant anna administrativ, juridisk og økonomisk styring. Den nasjonale regelstyringa og finansieringa set rammer for den lokale styringa.

Staten har også eit breitt spekter av såkalla «mjuke» styringsverkemiddel, som rettleiing, tilskotsordningar og kompetanseutvikling, som også påverkar den lokale styringa.

Lokale styresmakter, universitet og høgskular utviklar også ulike styringsverktøy som kjem i tillegg til nasjonale verkemiddel.

Dei ulike delane av dette komplekse og omfattande styringssystemet må verke saman på ein måte som fremjar det breie samfunnsmandatet, likeverdig opplæring og det pedagogiske, etiske og faglege handlingsrommet til profesjonen.

Den samla verkemiddelbruken til nasjonale og lokale utdanningsstyresmakter må legge til rette for nødvendig profesjonell skjønnsutøving, sterke profesjonsfellesskap og profesjonsutvikling på alle nivå i utdanningssystemet og i det faglege og administrative støttesystemet.

Aktualitet
Det er stor interesse for styring av offentleg sektor generelt og for lokale rammer for utvikling av utdanningssektoren spesielt. Regjeringa sin store ambisjon for ei tillitsreform i utdanningssektoren har forsterka dette, og mange sentrale utdanningspolitiske aktørar legg si forståing av innhaldet i reforma.

Å styrke partssamarbeidet/medbestemming og auka profesjonsfagleg innverknad både nasjonalt, lokalt og på arbeidsplassnivå må vere viktige målsettingar med reforma. Dette må også gjelde utfordringane med medbestemming i verksemder organisert som interkommunale selskap.

Dei grunnleggande reiskapane for å sikre arbeidstakarane reell innverknad på organisering av arbeidet og på val og vidareutvikling av arbeidsmetodar er auka medvit om praktisering av hovudavtalen.

Ein heilskapleg gjennomgang av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet i skulen er i gang. Det er stor merksemd rundt omfanget av testing og kartlegging, saman med diskusjonen rundt ei snever mål- og resultatstyring og vektlegging av kvantitative mål i utdanningssektoren.

Kva kunnskapsgrunnlag som skal danne utgangspunktet for arbeidet med god utdanning, må stå sentralt. Vurderingssystem må baserast på tillit og ha refleksjon, læring og utvikling som mål.

Mange saker aktualiserer styring – dette er nokre:
Sjølv om regjeringa har gitt uttrykk for at den ikkje vil innføre plikt til språkkartlegging før skulestart, er det stadig ulike initiativ som utfordrar metodeansvaret til barnehagelærarane og det breie samfunnsmandatet til barnehagen.

Rammeplanen for barnehagen er å forstå som eit politisk styringsverktøy, og korleis denne vert sett i verk, er no til evaluering. Det er eit ønskje om lokal tilpassing og mangfald i barnehagetilbodet, samstundes som det vert problematisert at det finst variasjon i kvaliteten på tilbodet.

Auka omfang av bruken av standardiserte kvalitetsvurderingsverktøy på lokalt nivå utfordrar den nasjonale styringa av sektoren.

Forslaget frå Kunnskapsdepartementet til ny opplæringslov skal sendast Stortinget våren 2023. Reglar som kan styrke lærarrolla, er mellom anna å lovfeste det faglege ansvaret til læraren for opplæringa, og bestemmingar som støttar opp under lokalt og nasjonalt kvalitetsarbeid. Det spesialpedagogiske feltet er i endring, med omorganisering av Statped og overføring av midlar til kommunane. Meir ansvar som følgje av nye oppgåver og svak ressurstilgang, inneber ytterlegare utfordringar på kommunalt og fylkeskommunalt nivå og for barnehagar, skular og støttesystem.

Det har vore endringar i strukturen i høgare utdanning det siste tiåret. Institusjonar er slått saman, og styringsstrukturen i fleire institusjonar er endra på måtar som gir mindre medverknad og medbestemming. I tillegg skal det nasjonale styringssystemet for universitet og høgskular endrast, og styringa skal bli meir langsiktig, overordna og differensiert.

Desse pågåande prosessane stiller krav til at tillitsvalde i Utdanningsforbundet på alle nivå, tek del i det offentlege ordskiftet, driv politisk påverknadsarbeid og fremjar løysingane våre gjennom partssamarbeidet.


VI UTDANNAR NOREG 2020–2023:

  • Nasjonal og lokal styring av utdanning må ha som føremål å fremje likeverdig opplæring innanfor det breie samfunnsmandatet. Styring og leiing skal støtte opp under det etiske og faglege handlingsrommet til profesjonen og må bygge på den norske samfunnsmodellen.

STRATEGISK SATSING AUGUST 2022 TIL DESEMBER 2023:
Utdanningsforbundet skal vere ein pådrivar for sterkare lovverk sentralt og utvikling av lokale tiltak som kan betre bemanninga i barnehagen og barnehagelærartettleiken.

Utdanningsforbundet vil med denne satsinga intensivere arbeidet med å nå følgjande mål:

Minst 50 % barnehagelærarar
Utdanningsforbundet jobbar for ei ny barnehagelærarnorm som sikrar at det er maksimalt seks barn per barnehagelærar for barn under tre år og maksimalt 12 barn per barnehagelærar for barn som er tre år eller eldre.

Styrar som er til stades
Utdanningsforbundet jobbar for ei styrarnorm som er knytt til talet på årsverk i barnehagen, og for at det skal vere ein styrar i kvar barnehage som er til stades.

Auka bemanning
Utdanningsforbundet jobbar for ei ny bemanningsnorm som sikrar at det er maksimalt to barn per tilsett for barn under tre år og maksimalt fem barn per tilsett for barn som er tre år eller eldre.

Heile organisasjonen vert involvert i satsinga for å få politisk gjennomslag også på kommunenivået. Det sentrale leddet og fylkeslaga tek initiativ til aktivitetar og støttar lokallag i partssamarbeid og politisk påverknadsarbeid for å nå måla som er nemnde over. Kontaktforum barnehage, fylkeslag og sekretariat vil også ha ei sentral oppgåve i å samle og dele røynsler ein gjer lokalt.

Slik kunnskap vil igjen kunne styrke arbeidet med dei nasjonale normene.

For å nå målsettingane våre er vi avhengige av at satsinga skaper engasjement blant styrarar, tillitsvalde og resten av profesjonsfellesskapet.

Aktualitet
Utdanningsforbundet har arbeidd godt med å utvikle barnehagelærarnorma og å få innført ei bemanningsnorm, men vi er ikkje i mål.

I Hurdalsplattforma har regjeringa formulert politikk som langt på veg harmonerer med målsettingane til Utdanningsforbundet.

For det første vil regjeringa at minst 50 % av dei tilsette i barnehagen skal vere barnehagelærarar.

For det andre vil regjeringa stille krav til at barnehagar skal ha nærværande styrar.

For det tredje vil regjeringa styrke bemanninga i barnehagen ved å stille krav til bruk av vikarar, vurdere kva arbeidsoppgåver som tek dei tilsette bort frå barna og gå gjennom finansieringsordninga for barnehagane.

Den nye barnehagelærarnormen er det av måla våre det er breiast politisk semje om i dag. Det er likevel eit stykke frå politisk lovnad til faktiske endringar i lovverket, og vidare til at norma blir oppfylt i kvar enkelt barnehage.

Å jobbe for at den nye norma vert vedtatt i inneverande stortingsperiode, er på grunn av det ei viktig prioritering for Utdanningsforbundet.

For å oppfylle norma må det også bli arbeidd for rekruttering til og styrking av barnehagelærarutdanninga. Samstundes er det også varsla at regjeringa vil kome med forslag til ny lovtekst som omhandlar styrarressursen.

Når denne vert sendt på høyring, vil innspel frå Utdanningsforbundet vere avgjerande for at lovteksten skal få det innhaldet vi ønskjer. Dette er særleg viktig ettersom våre krav om styrarressurs ikkje vart innfridde ved førre reforhandling av SFS 2201.

Når det gjeld arbeidet for ei ny bemanningsnorm, er dette både eit langsiktig og kostbart mål. Samstundes veit vi at bemanningssituasjonen er pressa, og at det er viktig å få på plass tiltak raskt.

Arbeidet med å styrke bemanninga i barnehagen gjennom ulike verkemiddel bør difor bli intensivert fram mot kommunevalet i 2023.

I perioden med pandemi har barnehagelærarar gjort røynsler med kortare opningstider, mindre barnegrupper og mindre grad av praktisk og administrativt arbeid. Samstundes ser vi at det elles i samfunnet er aukande forståing for kva verdien av kompetansen til dei tilsette har for omsorga som vert gitt til borna i barnehagen, og for den arenaen barnehagen er for barna sin leik, læring, utvikling og danning.

Dette gir oss argument og moment til å vere ein viktig pådrivar for auka bemanning, styrar som er til stades og fleire barnehagelærarar, i perioden vi har framføre oss.


VI UTDANNAR NOREG 2020–2023:

  • Normer for lærarressursar, ressursar til leiing og støttesystem og krav til fysiske rammevilkår må bli regulerte på nasjonalt nivå. Dei lovfesta bemannings- og lærarnormene i barnehage og skule må styrkast, og moglegheitene som ligg i dei, må utnyttast av profesjonsfellesskapet.
  • Norm for bemanning i barnehagen må gjelde i heile opningstida og ved fråvær.

STRATEGISK SATSING AUGUST 2022 TIL DESEMBER 2023:
Utdanningsforbundet vil arbeide for at den låge lønnsutviklinga for undervisningsstillingar blir stansa og kompensert for. Utdanningsforbundet skal arbeide for skjerpa krav i samfunnet til at alle elevar skal ha lærarar med godkjend lærarutdanning i alle undervisningstimar.

Utdanningsforbundet skal halde fram arbeidet for å kompensere for den låge lønnsveksten vi har hatt for undervisningsstillingar og for å stanse ein lågare lønnsvekst framover. Gjennom den lønnspolitiske offensiven vil vi mellom anna kunne informere om samanhengen mellom dårleg lønnsutvikling og svak rekruttering.

Medlemmene er kjende med problemstillinga, men det krev tid å etablere ei problemforståing blant foreldre, styresmakter og skuleeigarar.

Gjennom kampanjen «sakna.no» har Utdanningsforbundet adressert kor viktig det er å ha ein lærarutdanna lærar i klasseromma. Ein lønnspolitisk offensiv kan ikkje berre handle om å kompensere for ei skeiv lønnsutvikling. Den må også føre til sterkare etterspurnad frå samfunnet og arbeidsgjevar etter lærarar med godkjend lærarutdanning.

Dette kan skje gjennom politisk påverknadsarbeid, blant anna knytt til kommune- og fylkesval i 2023, og gjennom påverknadsarbeid overfor stortingspolitikarar før ny opplæringslov skal vedtakast våren 2023.

For å lukkast med ein lønnspolitisk offensiv som sikrar eit sentralt lønnslyft for lærarar, og for å oppnå større etterspurnad etter lærarar med godkjend lærarutdanning, må det mobiliserast både lokalt og sentralt.

Dette inneber at alle ledd i organisasjonen må arbeide koordinert med å formidle:

  • Verdien for elevane av å ha lærarar med godkjend lærarutdanning
  • Den store delen av undervisningspersonalet som ikkje har godkjend lærarutdanning
  • Handheving av og tydelegare krav til godkjend lærarutdanning i opplæringslova
  • Den svake lønnsutviklinga for undervisningsstillingar

Med bakgrunn i påverknadsarbeid som vart gjort i samband med saknalærar.no-kampanjen, blir det viktig å diskutere vidare korleis vi følgjer opp dette framovar.

Aktualitet
I løpet av dei siste tariffoppgjera har det bygd seg opp utålmod blant lærarar. Dette kom til uttrykk i stor streikevilje blant medlemmer og tillitsvalde under streiken i 2021 i KS og Oslo kommune.

Uavhengig av om ein reknar på kort eller lang sikt, vil lønnsstatistikken i KS-området vise at den samla lønnsveksten for undervisningsstillingar er lågare enn for andre kommunale stillingar i kapittel 4.

Det er viktig å bruke oppgjera framover til å snu og stoppe den negative lønnsutviklinga lærarane i skuleverket har hatt.

Under meklinga i mellomoppgjeret i 2021 viste det seg at KS ikkje såg seg forplikta til å vidareføre eigne rapportar for lønnsveksten for undervisningsstillingar samanlikna med dei andre stillingsgruppene i KS-området.

Det inneber at innrapportering av lærarstatistikk frå TBSK (teknisk bereknings- og statistikkutval for kommunesektoren) til regjeringa sitt tekniske berekningsutval (TBU) er og blir svært viktig for å kunne følgje med på lønnsutviklinga.

Alliansen med Skolenes Landsforbund er viktig slik at LO støttar opp om denne innrapporteringa.

Under meklinga i hovudtariffoppgjeret 2020 vart KS og Utdanningsforbundet samde om å sette ned eit partssamansett utval. Oppgåva til utvalet var mellom anna å «drøfte og beskrive endringer i tariffbestemmelser som kan øke andelen undervisningspersonale med godkjent utdanning».

I sluttrapporten står det:
«Partene har ulik oppfatning av omfanget av lærere uten godkjent utdanning. Partene har i dette PSU-arbeidet vektlagt å komme med forslag til ulike tarifftiltak som kan øke andelen undervisningspersonale med godkjent utdanning. Det vil være ulike syn på hvilke tarifftiltak partene mener vil være treffsikre for å øke andelen undervisningspersonale med godkjent utdanning».

Arbeidet med å sikre elevane lærarar med godkjend lærarutdanning i alle undervisningstimar er ein viktig føresetnad for å kunne realisere den lønnspolitiske offensiven for lærarar i skulen.

 

VI UTDANNAR NOREG 2020–2023:

  • Lønnsnivået for lærarar i barnehage og skule er for lågt samanlikna med andre yrkesgrupper med tilsvarande utdanningsnivå. I barnehagen har lønnsutviklinga vore betre dei siste åra, men utteljing for vidare- og etterutdanning må styrkast.
  • Lærarar i skuleverket har hatt svakare lønnsutvikling enn resten av samfunnet gjennom mange år, og det har ført til eit lågt lønnsnivå. Mindrelønnsutviklinga må difor stoppast og kompenserast for.
  • Prinsippet om likeverdig opplæring blir svekka dersom ikkje opplæringa vert gitt av kvalifiserte lærarar. Utdanningsforbundet vil arbeide for at bruken av ukvalifiserte og dispensasjonar frå utdanningskrava blir innskjerpa i lov- og regelverk.