Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Utdanningsforbundet har merka seg at Samordna opptak (SO) i høve til endringsforslaga i kapittel 2, §2.2, skriv at "Forslaga inneber i all hovudsak ei innstramming av regelverket."

Til Kunnskapsdepartementet Oslo

Utdanningsforbundet viser til Kunnskapsdepartementet sitt høyringsbrev av 28. juni 2019, ref 19/3216, der det blir gjort framlegg om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning. Utdanningsforbundet har merka seg at Samordna opptak (SO) i høve til endringsforslaga i kapittel 2, §2.2, skriv at "Forslaga inneber i all hovudsak ei innstramming av regelverket."

Endringane inneber: 1) Krav om munnleg Bergenstest 2) At grunnskole på norsk eller nordisk språk ikkje lenger vil oppfylle norskkravet 3) At Norsk B standard level frå International Baccalaureate (IB), ikkje lenger vil oppfylle norskkravet Etter Utdanningsforbundet sitt syn er grunngjevinga for dei einskilde endringsforslaga i hovudsak gode, og forbundet støttar forslaga. Vi vil samstundes få peike på, spesielt i høve til 1) (over), at det vil vere uheldig dersom krav om utvida testing gjer det urimeleg vanskeleg for personar med ikkje-norsk bakgrunn å kome inn i høgre utdanning.

Utdanningsforbundet har ingen kommentarar til dei endringane det blir gjort framlegg om i kapittel 3.

I kapittel 4 støttar Utdanningsforbundet framlegget til endring i §4.8 - Spesielle opptakskrav til engelskspråklege utdanningsprogram - der Universitetet i Søraust-Noreg får sette krav om karakteren 4 i engelsk for opptak til det engelskspråklege bachelorprogrammet International Education. Utdanningsforbundet merkar seg at mange av endringsforslaga i kapittel 7 Rangering gjeld tekniske endringar i høve til samanhengen mellom føresegner, og mellom føresegner og praksis i SO si sakshandsaming. Forbundet har ingen særskilde merknader her.

Når det gjeld framlegget om endringar i §7.5 - med verknad for fleire andre paragrafar - støttar Utdanningsforbundet prinsippet om at § 7-5 tredje ledd ikkje lenger skal avgrense kva for fullmakter departementet kan gje SO til å lage omrekningstabellar. I høyringsnotatet heiter det: "Kunnskapsdepartementet har også tidlegare uttalt at det er ønskjeleg at flest mogleg får ein poengsum å konkurrere med". Etter vårt syn vil fleire omrekningstabellar gjere sakshandsaminga både enklare og meir rettferdig i mange rangeringssaker.