Dei 14 hovudtema har same nummerering som i versjon 1, men i versjon 2 er det gjort nokre endringar i nummerering av underpunkta.
Tema 8, pkt. 8.3, (tidl. pkt. 8.2): § 66.2 Pensjonistråd på lokallagsnivå: I versjon 1 hadde halve siste setning i § 66.2 falle ut. Dette er retta opp i versjon 2.
Tema 3, pkt. 3.1: § 41.1 Sentral kontrollkomité: I dei publiserte vedtektene for 2019–2023 har det vore ein feil, slik at ein endring vedtatt på landsmøtet i 2019 berre delvis har vore teken inn. Dette er retta på i versjon 2, slik at føresegna «Dei som skal veljast, må ha erfaring frå arbeid i sentrale, vedtaksføre organisasjonsledd, men kan ikkje sjølve ha andre verv på landsplan», er fjerna i tråd med endringa frå 2019.