Meiner styrarar og skuleleiarar må bli betre involvert i budsjettprosessane

Har du som er leiar ikkje blitt teken med i prosessar knytt til haustens kommunebudsjett? Det burde du ha vorte, meiner Bjørn Olav Tveit frå Vestland.

– Vi som er leiarar må bli grundigare involvert i budsjettprosessane lokalt for å kunne vise fram konsekvensane av mangelfull finansiering, seier Bjørn Olav Tveit, leiarrepresentant i Utdanningsforbundet Vestland.

– Med betre involvering kan vi kanskje auke forståinga hos politikarar og andre for kva som er utfordringane. Vi sit med verdifull informasjon, meiner han.

Hans oppfatning og erfaring er at opinion og lokale folkevalde ikkje vert godt nok orientert om den reelle situasjonen i skular og barnehagar.

Deltek lite i reelle prosessar

– Tidlegare vart leiarane i skular og barnehagar grundigare involverte i forarbeidet med kommunebudsjettet, meiner Tveit.

Han fortel at kommunikasjonen mellom einingsnivå og rådmann var tettare i mange tonivåkommunar, og det var naturleg for ein rådmann å ta med innspela frå einingsleiarane i dialogen med dei folkevalde. Dette har endra seg radikalt i takt med ei sektor-omorganisering i kommunane.

– Eg får tilbakemeldingar om at einingsleiarane deltek lite eller ingenting i reelle prosessar med administrasjonen kring utarbeiding av budsjettet. Ofte er økonomi og budsjett berre ei informasjonssak på rektor- og styrarmøta, der økonomisjefen orienterer om rammene, seier han.

Mange opplever kutt no

Nær halvparten av kommunane gjekk med driftsunderskot i fjor, viser tal frå KOSTRA. Samstundes er renta og prisane høge. Dermed er det mange som får merke kutt i budsjetta denne hausten.

Ein allereie hardt pressa barnehage- og skulesektor vil derfor måtte vise fram tydelegare konsekvensane av kutta, meiner Tveit. Han viser til Bergen som eit godt eksempel, kor fleire einingsleiarar no har gått ut i media og sagt klart frå om kva kutta vil få å seie for born og tilsette, her er eit eksempel:

Fra styrking til kutt i skolen: – Uansvarlig (nettavisen.no)

I Askøy har ei gruppe skuleleiarar starta det såkalla «leiarbrølet». Leiarane melder om at dei har for lite ressursar til å løyse samfunnsoppdraget sitt, og bryter lova kvar einaste dag. Du kan lese meir her:

Skoleledere på Askøy ber om møte med kunnskapsministeren

Skoleledere fikk møte kunnskapsministeren: – Viser at hun tar oss på alvor

I ei undersøking blant Skolelederforbundets medlemmer tidlegare i haust, gjennomført av Utdanningsnytt, meldte seks av ti skuleleiarar at dei har fått redusert budsjetta dette skuleåret:

9 av 10 skoleledere sier de bryter loven (utdanningsnytt.no)

Mangelfulle saksframlegg

Samstundes meiner han at saksframlegga i mange kommunar er svært mangelfulle, og at dei har blitt dårlegare dei siste åra. Mange kommunar brukar ei digital løysing der  realitetane vert pakka inn i eit språk og ei form som verkar å vere skapt først og fremst for å pynte brura, meiner han.

– Mange stadar kan ein ikkje ein gong lese ut av budsjettdokumenta om ein reduserer, vidarefører eller styrker driftsnivået. Dette ville ein kanskje fått vite om ein hadde involvert leiarane i budsjettprosessen, seier han, og fortset:  

Dette betyr at element som vi meiner er heilt avgjerande for kvaliteten ikkje ein gong vert omtala i det viktigaste vedtaket kommunestyra gjer. Bjørn Olav Tveit

– Her bør vi stille spørsmål ved om slike vedtak er i tråd med kommunelova, og eventuelt forvaltningslova, sine krav til forsvarleg saksutgreiing, fortel han vidare. 

Tveit er leiarrepresentant og styremedlem i Utdanningsforbundet Vestland, og la saka fram for sentralt leiarråd tidlegare denne månaden. Saka skapte ein god debatt, og fleire kjende seg att i problemstillinga. Saka har også vore oppe i leiarråd i fylkeslaget, og han baserer seg på innspel mellom anna frå besøk i ulike leiarforum rundt om i kommunane i Vestland. For ordens skuld er det greitt å opplyse om at Bjørn Olav Tveit også er folkevald for Arbeiderpartiet i Kvinnherad kommune.

Han understrekar at han ikkje har gjort nokre systematiske undersøkingar og at det sjølvsagd kan vere kommunar og fylkar som gjer dette annleis og får til gode prosessar.

Burde ikkje vere nødvendig å gå ut i media

Trond Hagen, som representerer Nordland i sentralt leiarråd, opplev at leiarane blir tatt med i prosessane, men at innspela ikkje blir tatt med vidare til øvste hald i kommunane.

– Det burde ikkje vere nødvendig at vi skulle måtte gå ut i media for å få fram våre innspel; politikarane burde fått dei gjennom prosessar i kommunane, seier han.

Leiar for leiarrådet, Inger Grødem Haraldsen, meiner at det er viktig med eit tett samarbeid mellom lærarar, leiarar og tillitsvalde for å synleggjere konsekvensane av budsjettvedtak.

– Vi må bruke ytringsfridomen til å orientere om kva for eksempel innkjøpsstopp og vikarstopp faktisk leiar til. Leiarar og tillitsvalde treng hjelp, støtte og skolering i budsjettarbeid, også for å vere trygge på at dei kan bidra med erfaringa og kompetansen sin, seier Grødem Haraldsen.

Ho fortel at dei nettopp har hatt møte med leiarrepresentantar i dei nordiske landa, og at dei rapporterer om dei same utfordringane som Tveit og Hagen beskriv. 

– Vi veit at mange tillitsvalde på lokal- og fylkesnivå har jamlege og gode møter med politikarane, kor dei informerer om situasjonen i barnehagar og skular og kva for konsekvensar det får for barn og elevar når vi har for lite ressursar, seier ho, og legg til:

– Samstundes er det også viktig at arbeidsgjevarane har kontakt og dialog med leiarane våre i barnehage og skule, slik at dei får kome med innspel så tidleg som mogleg og får synleggjort konsekvensane for barn og elever når det ikkje er tilstrekkelige ressursar for både administrasjon og politikarar, understrekar Grødem Haraldsen.

Sitert

Avbildet: Inger  Grødem Haraldsen
Inger Grødem Haraldsen

Sentralstyremedlem