Lærarrolla: Daning og datolønsvekst

Å skulle danne og utdanne vår neste generasjon er eit oppdrag som er så stort at det er vanskeleg å ta inn over seg. Å vere den som ser potensialet i alle, trøystar og løfter, inneber eit stort profesjonsetisk ansvar. Samstundes som vi må lære vekk korleis ein kjem til subjekt i ei setning, og kvifor det er ein kunnskap det er viktig å kunne.

I vinter har fleire norske byar og heile internett vore tapetsert med kampanjen «berre lærarar er lærarar». På desse plakatane er det ei sky av ord henta frå rammeplan og læreplan rundt eit barnehagebarn, ein fjerdeklassing, ein ungdomsskuleelev og ein elev i vidaregåande skule.

Vår påstand er at for å sikre at desse barna og ungdomane lærer og erfarer alt rammeplanen og læreplanen krev, må dei vaksne som skal støtte og rettleie ha ei kompleks utdanning som set dei i stand til å fortolke lov og rammeverk, og omsette det slik at det høver til kvart einskild barn. Ei lærarutdanning er ei slik kompleks utdanning.

Etter Noregs lengste lærarstreik, og rett før Rikslønsnemnda sin orskurd køyrde altså Utdanningsforbundet ein kampanje som argumenterer for at lærarutdanning er viktig. Kvifor det? Oppkøyringa til mellomoppgjeret vert gjort ved å tapetsere ålmenta med påminningar om kva som står i læreplanen? Det må vel vere for særskilt interesserte!

Kampen for å vise den viktige verdien av lærarutdanning ber i seg alle sidene av kva det er å vere både eit profesjonsforbund og ei tradisjonell fagforeining.

Å samle 190.000 lærarar i ei foreining som berre jobbar for betre løn og arbeidsvilkår, ville vore å ikkje nytte oss av heile potensialet i medlemsmassen. Å prøve å leike som desse kan skiljast ville vore verre.

Samfunnsoppdraget som er lagt på læraren, er stort og gir alle lærarar i barnehage og skule eit stort ansvar.

For å kunne utføre oppdraget, krevst heile menneske, gode arbeidsvilkår OG ei god løn for både den høge kompetansen og det store ansvaret jobben krev. Løn som får lærarane til å bli, og fleire til å kome til. Gjennom undervisning, daning og omsorg skal lærarane bidra til at barn og unge lærer mykje og utviklar seg til det beste for seg sjølv og for det samfunnet dei er ein del av.

Eg trur alle lærarar er opptekne av både daning og datolønsvekst. Og at mange er dratt mellom kva som er viktigast. Og nett det er det nok ikkje eit eintydig svar på. Viktigare er det at det ikkje vert nokon datolønsvekst utan daning, og heller mindre daning av låg datolønsvekst.

Å skulle danne og utdanne vår neste generasjon er eit oppdrag som er så stort at det er vanskeleg å ta inn over seg. Å vere den som ser potensialet i alle, trøystar og løfter, inneber eit stort profesjonsetisk ansvar. Samstundes som vi må lære vekk korleis ein kjem til subjekt i ei setning, og kvifor det er ein kunnskap det er viktig å kunne.

Vår kunnskap er samansett og komplekst og fag, didaktikk og pedagogikk er nært knytt saman.

Men for å gje alle barn og unge i Noreg alt dette, og for å kunne løyse samfunnsoppdraget frå ytste nes til inste blokk, må fagforeininga kunne sameine både datolønsveksten og daninga.

Vi som fagforeining må kunne sjå og jobbe for det breie spekteret av saker som gjer norsk barnehage og skule betre og som løfter fleire barn, skaper betre menneske og større fellesskap i norske barnehageavdelingar og klasserom.

Difor kan vi tapetsere internett med kompetansemål utan at det er for særskilt interesserte. For vårt oppdrag er viktig for alle, og kven som utfører det er viktig. Mest av alt for barn og unge.

For framtida og notida til yrket og profesjonen er difor kampen for løn og arbeidsvilkår uløyseleg knytt til kampen for betre barnehage og skule, og for gode lærarar og ei lærarutdanning som gjev alle det rette grunnlaget. Fordi berre lærarar er lærarar.

Artikkelen står på trykk i Utdanning nr. 3/2023.

Signert

Avbildet: Hege Valås
Hege Valås

2. nestleder