Flat struktur i barnehage: Skal alle med?

Fimreite og Bakken kallar det «den flate kulturen», men kanskje kan me gå eit steg lengre og kalle det ei form for «kunnskapsvasking», til liks med grønvasking og sportsvasking?

Nyleg skreiv Hege Fimreite og Astrid Bakken frå barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) ein kronikk i Utdanningsnytt. Dei skriv at i barnehagen blir: «all aktivitet tilpassa alle, erfaringsutveksling har forrang for teori og faglege grunngjevingar, og vi snakkar om vaksne og ikkje om barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar».

Kronikken reiser ei heilt rettkome uro for at det i norske barnehagar i dag vert spent bein under den faglege kompetansen, og dermed òg kvaliteten.

Dei syner gjennom eksempel frå barnehagane korleis utanforståande aktørar og myndigheiter agerer og produserer opplegg og strategiar for barnehagen som om alle tilsette har same fagleg kompetanse og utdanning.

På denne måten nedvurderer ein barnehagelærarane sin svært viktige kompetanse for barnehagen. Denne debatten er på ingen måte ny, men det kan sjå ut som den har fått fornya aktualitet dei siste åra. Allereie på 1980-talet peika Peder Haug på det han kalla «barnehagens nivellering», ei utjamning av kunnskap og ansvar, på ein måte som vaskar vekk fagkunnskapen.

Fimreite og Bakken kallar det «den flate kulturen», men kanskje kan me gå eit steg lengre og kalle det ei form for «kunnskapsvasking », til liks med grønvasking og sportsvasking?

Tanken om at alle er like bra er sjølvsagt ein fin tanke, og den bør prege arbeidsfellesskapa i barnehagane. Men den må ikkje kome i vegen for å anerkjenne at barnehagelærarane sit på ein svært viktig kompetanse som barnehagen er heilt avhengig av, og som dei andre yrkesgruppene i barnehagen ikkje har.

Som Fimreite og Bakken skriv det: «Den flate kulturen handlar truleg om misforstått likeverd. Det kan hindre barnehagelærarane i bruk av fagkunnskap og fagfellesskap.»

At alle skal gjere det same og at alle er like bra, gjer barnehagane dårlegare, og fagfelleskapa mindre utviklande. På sikt vil det gjere barnehagane mindre attraktive for barnehagelærarane.

Skal vi byggje barnehagens kvalitet må vi byggje sterkare profesjonsfellesskap, ikkje svekke dei. Barnehagelærarutdanningane er dei einaste som berre rettar seg mot barnehagen. Vi har dei to siste åra sett eit dramatisk fall i søkinga til denne utdanninga – å synleggjere kompetansen vil neppe hjelpe.

Faglegheita i barnehagen må bli tydelegare, det er også meldinga frå dei barnehagelærarane som har skifta yrke. Dei sluttar fordi de ikkje får tid nok eller arenaer nok for å drive med fagleg arbeid.

Dei to barnehagelærarutdannarane frå HVL argumenterer for at den flate praksisen i barnehagen (eller «kunnskapsvaskinga ») ikkje bidreg til kvalitet eller til det beste for barna eller barnehagens utvikling. Eg er einig.

Barnehagelærarutdanninga er den einaste som berre retter seg mot barnehagen. Ho er forskingsbasert og utviklar heile tida ny kunnskap om barnehagefeltet. Det må dei halde fram med, men då må òg kunnskapen som dei utdannar barnehagelærarane i, verdsetjast.

Og skal me framleis ha gode barnehagar i framtida, vil eg legge til: Den må verdsetjast høgare enn i dag!


Artikkelen står på trykk i Utdanning nr. 6/2023.

Signert

Avbildet: Hege Valås
Hege Valås

2. nestleder