Unio-støtte til lærarstreiken

Unio er Noregs største hovudorganisasjon for arbeidstakarar med høgare utdanning. Med over 389 000 medlemmar fordelt på 14 medlemsforbund betyr det mykje med ei støtteerklæring frå Unios leiar, Ragnhild Lied.

Hvorfor streiker vi? Hvor streiker vi? Hva er siste nytt? Her finner du alt om streiken

Utdanningsforbundet, som er medlem av Unio, har vore i streik sidan juni. No er streiken trappa opp. Frå måndag er nærare 3000 medlemmar i streik.

Unio-leiar Ragnhild Lied skriv dette i ein støtteerklæring til de streikande lærarane:

«Både samfunnslivet, arbeidslivet og næringslivet er avhengig av at vi har ei god utdanning for barn og unge i heile landet. NHO har heilt rett når dei skriv at "Vi kan trygt slå fast at skulen er næringslivet sin viktigaste leverandør". Då må vi ha godt utdanna lærarar.

Lærarar er blant dei med lengst utdanning i kommunane. Kunnskapsrike og kloke lærarar er den viktigaste innsatsfaktoren for elevane. Då må det løne seg for lærarane å ha investert i ei lang utdanning.

Tal som KS har levert TBU viser at lærarane over tid har hatt klart lågare lønnsutvikling enn andre grupper i kommunane, trass i at dei er mellom dei med lengst utdanning. Slik kan det ikkje halde fram.

Difor har eg stor forståing for denne streiken.»

Takk til Unio!

Og Norsk Sykepleierforbund (NSF) seier at dei respekterer lærarorganisasjonane si vurdering om å gå til streik, sjølv om dei valde å akseptere lønsoppgjeret ut ifrå ei heilskapsvurdering.

«Vi er alle oppteken av ein god skule i dette landet, på alle utdanningsnivå. Gode løns- og arbeidsvilkår er viktig for å rekruttere og halde på gode lærarar, så vel som andre viktige grupper,» skriv dei.

I tillegg har ein rekke andre uttrykt si støtte til lærarstreiken. Se faktaboksen med heile lista her.