Sentralstyret i Utdanningsforbundet har laga ei støtteerklæring til dei streikande medlemmane under sentralstyremøtet på Hurdal denne veka. Foto: Marit Aakre Tennø.
Sentralstyret vil takka alle som er tekne ut i streik på vegne av fellesskapet vårt. Jobben de gjer er krevjande, men heilt avgjerande for kampen me tek for framtidas skule.
Publisert 25.08.2022Denne artikkelen er mer enn ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Publisert 25.08.2022Denne artikkelen er mer enn ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Sentralstyret takkar dei streikande medlemmene
Sentralstyret vil takka alle som er tekne ut i streik på vegne av fellesskapet vårt. Jobben de gjer er krevjande, men heilt avgjerande for kampen me tek for framtidas skule.
Utdanningsforbundet varsla 24. august opptrapping av streiken, og tar frå og med måndag 29. august ut ytterlegare 1400 medlemmer i streik. Det var ikkje ei lett avgjerd for sentralstyret å ta medlemmene ut i streik. Aller helst vil lærarane vera ilag med elevane sine, spesielt no etter sommarferien.
Men me hadde diverre ikkje noko anna val slik KS som arbeidsgjevar ter seg mot ei stor yrkesgruppe som lærarane. Lærarar må tenkje lenger enn dette semesteret eller dette skuleåret. Me streikar for framtidas skule.
Måndag 22. august deltok sentralstyremedlemmene på streikemarkeringar over heile landet.
Det flotte samhaldet og engasjementet som kom fram der gjorde oss trygge på at avgjerda var rett.
Sentralstyret vil takka alle som er tekne ut i streik på vegne av fellesskapet vårt. Jobben de gjer er krevjande, men heilt avgjerande for kampen me tek for framtidas skule. Tusen takk!
Bodskapen vårt til KS og til sentrale og lokale politikarar er klart: