Prioriterer regjeringa rett?

Statsråden må nok prioritere hardare, om ho vil ruste opp barnehagen og auke delen barnehagelærarar. Det trengst ein markant prioritering av profesjon og fag i barnehagen.

Støre-regjeringa har levert sitt første ordentlege statsbudsjett. Eit statsbudsjett som var varsla å vere stramt, men som Erna Solberg kommenterte på Twitter:
«Stramt?».

Fleire enn Høgre har kommentert at budsjettet på langt nær er så nøkternt som me fekk grunn til å tru. Regjeringa har funne pengar til satsingar i Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, også til barnehagesektoren. Men dei har ikkje funne grep som kan løyse den bemanningskrisa som barnehagen står i.

Statistisk sentralbyrå kom nett med ein rapport som viser at berre 66 prosent av dei som jobba som barnehagelærarar i 2011, framleis var i barnehagen i 2021. I tillegg veit me frå tidlegare i år at søkinga til barnehagelærarutdanninga har gått ned med 25 prosent. Dette er ein dramatisk nedgang, og vi veit ikkje kvifor dette skjer no.

Kan det ha noko å gjere med at fleire ser at arbeidsvilkåra er særs vanskelege for barnehagelærarar no?

Vi veit at barnehagen er den beste plassen for å rekruttere til barnehagelærarutdanning. Mange av dei som søker til utdanninga er i jobb som assistent, eller som vikar.

Kanskje ser ikkje desse barnehagelærarjobben som eit godt karriereval?

Det er fleire ting som tyder på at rekrutteringa av barnehagelærarar er viktig og hastar.

Forskingsstiftelsen Fafo laga i 2020 ein rapport som viser at avgangsalderen for tilsette i barnehagen er svært låg. Éin av tre forlèt arbeidsstyrken før fylte 62 år, og mange av desse er barnehagelærarar.

I Hurdalsplattforma har regjeringa tydeleg sagt at delen lærarar i barnehagen er for låg, og dei har lova å styrke pedagognorma ved å krevje at minst 50 prosent av dei tilsette er barnehagelærarar.

Korleis dei skal klare det, når både søkinga til utdanningane går ned og flukta frå yrket er stor, er vanskeleg å sjå. Det er ikkje tiltak i dette budsjettet som tyder på at regjeringa gir høg prioritet til å auke delen barnehagelærarar.

Regjeringa gjer eitt grep som viser at dei meiner at barnehagelærarar er viktige for at born skal få ein god start: Dei løyver 45 millionar kroner ekstra til fleire barnehagelærarar i levekårsutsette område.

Dette er veldig bra! Men vi treng barnehagelærarar over heile landet. Denne løyvinga er positiv for dei borna som satsinga treff. Men dette er ikkje eit krafttak for å nå målet om at 50 prosent av dei tilsette skal vere barnehagelærarar i alle landets barnehagar.

Regjeringa løyver også meir til vidareutdanning i barnehagen. Det er òg bra, men bemanningssituasjonen i barnehagane er så pressa, at mange melder at dei ikkje kan ta seg tid til å delta i kompetanseutvikling.

Då trengst det meir pengar til vikar og tilrettelegging. I tillegg er det generelle kompetansenivået i barnehagen lågt. Og det er den same pengesekken som skal dekkje grunnkompetanse til medarbeidarar heilt utan formell kompetanse, som skal vidareutdanne fagarbeidarar, barnehagelærarar og styrarar.

Statsråden må nok prioritere hardare, om ho vil ruste opp barnehagen og auke delen barnehagelærarar. Det trengst ein markant prioritering av profesjon og fag i barnehagen.

Utan eit tydeleg signal om å satsa på barnehagelærarar, er eg redd for at den uheldige utviklinga held fram.

Det har ikkje samfunnet råd til!

Artikkelen står på trykk i Utdanning nr. 12/2022.

Signert

Avbildet: Hege Valås
Hege Valås

2. nestleder