Tariffavtalar er ikkje til forhandling!

Utdanningsforbundet Vestland støttar lærarane og dei tillitsvalde ved Knarvik vidaregåande skule i saka om reisegodtgjering.

Den siste tida har vi lese fleire sakar i avisa Nordhordland om avlyste ekskursjonar og elevreiser på Knarvik vidaregåande skule. Turane har blitt avlyst kort tid før avreise fordi leiinga ved skulen ikkje ville løne lærarane som skulle vere med på reisene etter avtaleverket. Det er særavtalen SGS1010 som regulerer kompensasjon og arbeidstid for mellom anna lærarar som reiser på tur med elevar.

Ein representant for leiinga ved skulen er i den første artikkelen sitert på at avtalen er «ei dyr ordning» og peiker på at KS seier at «skulane dei snakkar med fortel at aktivitetsnivåa går ned når dei kompenserer etter SGS 1010 fordi det blir så dyrt». Å forvente at lærarar skal seie frå seg avtalefesta løn og godtgjering for å finansiere reiser med elevar, er ei dårleg haldning til både tariffavtalar og tilsette. Dersom skulane ikkje vil betale avtalefesta løn når lærarar reiser på ekskursjon med elevar, må lærarane halde seg heime. Løysinga på dårleg skuleøkonomi er ikkje at lærarar arbeider på dugnad, skulane og skuleeigar må ta konsekvensane av den dårlege økonomien på andre måtar.

Utdanningsforbundet Vestland støtter lærarane og dei tillitsvalde ved Knarvik vidaregåande skule i saka om reisegodtgjering. Utdanningsforbundet forventar at både Knarvik vidaregåande skule og andre skular løner dei tilsette etter gjeldande avtaleverk. Vestland fylkeskommune har som skuleeigar ei viktig oppgåve og må følgje opp og sikre at alle tilsette får den løna dei etter avtaleverket har krav på.

Artikkelen i avisa Nordhordland er tilgjengeleg for abonnementer:

Nyheiter, Skule | Har gledd seg til turen sidan i haust. Fire dagar før avreise avlyste skuleleiinga. (nordhordland.no)