Flotte, engasjerte og dyktige tillitsvalde i Nettverk 1

Publisert: 20.09.2023

Den første skuleringa av nye tillitsvalde ( TV1) vart ei flott oppleving for både deltakarane og kurshaldarane! Nettverk 1 har tradisjon om å ha felles skulering for dei nye tillitsvalde. I år var det Utdanningsforbundet i Hareid, Ulstein, Herøy, Ørsta og Volda som deltok. Og for første gong vi hadde TV1 over to dagar. Evalueringa var klar på at det var ein fin inngang til å bli trygg og bli kjend med kvarandre , og få ein fin inngang til rolla som tillitsvald. Og for ein flott flokk som deltok på kurset. Lærevillige , modige og trivelege.

Målet for kurset var å: 

Bli kjend med lokallaget
Bli tryggare i rolla som arbeidsplasstillitsvald
Få enkel innføring i forskjellen mellom arbeidsplasstillitsvald og hovudtillitsvald
Få enkel innføring i aktuelt lov- og avtaleverk
Få kunnskap om Utdanningsforbundet som profesjonsorganisasjon og Lærarprofesjonen si etiske plattform
Bli kjend med informasjonskanalane i Utdanningsforbundet
Bli tryggare på å gjennomføra klubbmøte og engasjere medlemmer
Få enkel innføring i personvern