Anita Knapskog: – Tre tips til dei arbeidsplasstillitsvalde

Avbildet: Anita Knapskog (44)
Anita Knapskog (44)

Var fylkesleiar i Hordaland då ho vart intervjua i Forbundsnytt nr XX/YYYY

 

Dette intervjuet vart fyrste gong publisert i Forbundsnytt 4/2016.

Rolla som tillitsvald handlar mykje om kommunikasjon, samt kunnskap om lov og avtaleverk. Mine tre tips til dei arbeidsplasstillitsvalde handlar om kommunikasjon.

1) Hald god kontakt med klubben – sørg for å ha forankring for standpunkta dine hos medlemmane. Jamlege klubbmøte med godt førebudde saker er eit stikkord her. Ta opp både saker du skal drøfte med rektor, saker som medlemmane kjem med, og saker frå andre nivå i organisasjonen.

2) Hald god kontakt med arbeidsgjevar – ta plassen din. Informer, og krev informasjon. Du som tillitsvald er ein viktig medspelar for leiinga, dine innspel er viktig for at dei skal kunne ta dei rette avgjerdene. Denne rolla kan du ikkje fylle dersom du ikkje vert informert eller utan jamlege drøftingar. Var aktiv og ta initiativ.

3) Hald god kontakt med lokallaget og fylkeslag – delta på skulering, send innspel, spør og grav. Det er mykje hjelp for dykk å hente her, samstundes som vi er avhengig av dykk for å vite kva som rører seg ute. De er ein uvurderleg lyttepost i vårt arbeid. Saman er vi sterke!