Markering av samefolkets dag i fleire barnehagar

Samane sin nasjonaldag vart markert fleire stader i fylket vårt. Vi har fått ein stemningsrapport frå nokre barnehagar.

I Vie barnehage i Sunnfjord kommune kan pedagogisk leiar Jenny Kårstad fortelje at dei har hørt på joik, hatt samling ute med bål og forteljingar og malt det samiske flagget i snøen.

Lære gjennom bilder Vie bhg.jpg

Bruk av bilder stod sentralt i samband med samiske forteljinger. Foto: Jenny Kårstad

Den tradisjonsrike samiske retten Bidos stod sjølvsagt på menyen til lunsj i Vie barnehagen denne dagen.

imagekl0eb.png

Det smakte godt med Bidos til lunsj. Foto: Jenny Kårstad

Frå Sæbø barnehage i Alver rapporterer pedagogisk leiar Anita Ramsdal Helland om eit stort engasjement i høve dagen. Helland utdjuper: 

- Rammeplanen har tydelige krav til hvordan barnehager skal ivareta samisk kultur og tradisjon. I barnehagene skal vi synliggjøre samisk kultur og bidra til at barna utvikler respekt for fellesskapsfølelse for det samiske mangfoldet. I forbindelse med samenes nasjonaldag, har vi i dag hatt en kjekk og innholdsrik markering i Sæbø barnehage. I de siste ukene har vi sett film, lest bøker og sett på bilder sammen. Det har ført til mange samtaler, refleksjoner og spørsmål. På den måten har vi fått innblikk i både samisk kultur og tradisjon. 

Flagg Sæbø bhg Alver.jpg

Det var stor aktivitet under maling av det samiske flagget i snøen. Foto: Anita Ramsdal Helland

Sjølve nasjonaldagen vart tilbrakt ute. Der var det ulike aktivitetar, som lassokasting og maling av det samiske flagget i snøen. På bålpanna vart det også i Sæbø barnehage laga Bidos.

Tekst: Mildrid Kronborg Økland