Svar på politiske spørsmål frå Arbeidarpartiet Bjørnafjorden

Publisert: 30.08.2023

Bemanning 

Bemanningsnorma som praktiserast i dei kommunale barnehagane i Bjørnafjorden kommune er minstekrav for bemanning. I praksis gjeld den berre nokre få timar kvar dag. Utdanningsforbundet meiner at barna har for lite tilgjengeleg, kompetent personell som kan støtta deira leik, utvikling og kvardag. Utdanningsforbundet arbeidar for ei styrka bemannings- og pedagognorm i barnehagane 

Vil ditt parti arbeida for å styrka bemanninga i dei kommunale barnehagane? 

Vil ditt parti arbeide internt oppover for å styrka bemanningsnorma i norske barnehagar? 

SVAR: Arbeidarpartiet vil alltid arbeida for å ha god bemanning i dei kommunale barnehagane i Bjørnafjorden, og for å styrka den når det er naudsynt. Det er viktig for oss at det er personell med riktig kompetanse i ein større del av barnehagedagen, enn berre det som er minstekravet. Vi er samde i at meir tilgjengeleg og kompetent personell vil vera med å styrka kvaliteten i barnehagane. Samstundes er vi nøydde til i denne perioden å setja tæring etter næring og levera lovpålagte tenester for å koma i balanse med kommuneøkonomien.  

Vi vil heile tida ha dialog og jobba internt oppover for å styrke bemanningsnorma i norske barnehagar.  

Tidleg innsats 

Fleire av dei politiske partia har i sine lokale valprogram peikt på at dei vil satsa på tidleg innsats. 

Dette er Utdanningsforbundet glade for. 

Kva legg ditt parti med omgrepet  tidleg innsats? Og kva konkret vil ditt parti gjera for å bidra til dette? 

SVAR: Tidleg innsats i barnehage og skule er avgjerande for enkeltindividet. At ein får hjelp og blir fanga opp av eit velfungerande system så tidleg som mogleg er viktig for å unngå at vanskene blir undøvendig store, og i forlenginga unngå at det oppstår tilleggsvanskar. 

Arbeidarpartiet meiner det er betre å førebyggja i staden for å reparera, og godt førebyggjande arbeid krev at vi startar tidleg, og tenkjer og handlar langsiktig. Gode fellesskapsløysingar er eit godt utgangspunkt for eit inkluderande oppvekstmiljø. Det er viktig å tenkja heilskap og samordna på tvers av fagområder og inkludera både barna sjølv, og føresette i arbeidet.  

For Arbeidarpartiet er det avgjerande at alle elevar lærer dei grunnleggjande lese-, skrive- og rekneferdigheitane tidleg, og at vi byggjer et sterkare lag rundt kvar enkelt elev. Det skal være plass til alle i den norske skulen, og elevane skal utfordrast og utviklast på sine eigne premiss.  

Barn med særskilte behov 

Ap vil sørgje for at barn med særskilte behov får den oppfølgjinga og stønaden dei treng. Per no veit me at oppvekst har eit overforbruk på nærare 47 mill. (2023), der kostnaden til barn med særskilte behov ser ut til å auke. Korleis vil Ap løyse dette utan at det går utover kvaliteten elles i sektoren? 

SVAR: For Arbeidarpartiet er det viktig at alle barn får det dei treng. Det gjeld både barn med og utan særskilte behov. Spørsmålet er vanskeleg å svara godt på utan å gå grundig inn i både rekneskap og budsjett for heile oppvekstsektoren. Det har vi diverre ikkje kapasitet til no. Men det er ikkje tvil om at spørsmålet de stiller, er både eit viktig spørsmål og eit spørsmål det er behov for å ta med seg inn i budsjettarbeidet framover. Ved sidan av det reint budsjettmessige er dette er noko som også må løysast i samarbeid med dei tilsette og dei tillitsvalde i skulen, og det må jobbast på tvers i den kommunale organisasjonen for å finna dei beste løysingane. Vi må også jobba inn mot Storting og Regjering for å få midlar som dekker slike ekstrakostnader, uavhengig av økonomien til den einskilde kommunen. Vi ønskjer likeverdige tilbod uavhengig av kvar ein bur.