- Startside
- Fylkes- og lokallag
- Vestland
- Utdanningsforbundet Sunnfjord
- Nyheter
- Veit du at ufaglærte utfører over 20 000 undervisningstimar i sunnfjordskulen kvart år?
Veit du at ufaglærte utfører over 20 000 undervisningstimar i sunnfjordskulen kvart år?
Det nærmar seg lærarkrise! I mange år har Utdanningsforbundet advart om at tilgangen på kvalifiserte lærarar kjem til å bli kritisk. I dag er 12% av dei tilsette utan lærarkvalifikasjonar, og framover vert det verre. Søkartala til lærarutdanninga er stadig synkande, og om nokre år vil det ikkje vere tilgang på nok kvalifiserte lærarar.