Første møte i representantskapsmøte er gjennomført

Første møte i Utdanningsforbundet sitt representantskap vart gjennomført 6.-7. mars. Ein av representantane gir oss ein liten stemningsrapport.

Det er solfylte marsdagar ved skjønne Hurdalsjøen Hotell, og Utdanningsforbundet Vestland troppa opp med flest deltakarar til valperiodens første representantskapsmøte (innvigde seier «repskapet»). Hilde Omdalsmoen Fidje og Sabine Exner deltek for 1. gong, mens Solfrid Furre, Steinar Strømsli og Bente Myrtveit er røynde gjengangarar i Utdanningsforbundet sitt øvste organ mellom landsmøta. I tillegg møter Connie Hamre frå det sentrale pensjonistrådet og tidlegare fylkesstyremedlem Anita Holm Cirotzki for sentralstyret.

Kva funksjon har «repskapet» og korleis er det samansett? I representantskapet blir det behandla saker som er av overordna eller prinsipiell karakter. Det består av 59 representantar, mellom anna sentralstyret, fylkesleiarane og resten som blei fritt valte på Landsmøtet i november 2023 for ein fireårsperiode. Alle fylkeslag og medlemsgrupper skal vere representerte.

Utdanningsforbundet sin øvste leiar, Geir Røsvoll, starta møtedagane med ein gjennomgang av aktuelle kjernesaker og oppmoda oss alle lunt til å bidra aktivt til ein levande debatt og kjenne litt på vi-følelesen desse to dagane. Denne flotte innleiinga gjorde at ingen av oss i frå vest klarte å la vere å innta talarstolen for å tale medlemmane våre si sak. Diskusjonane kring ny strategisk plan som skal gjelde frå august 2024 til august 2025 skapte mest engasjement. Denne saka vil legge føringar for kor organisasjonen skal setje inn hovudstøtet i året som kjem. Vi var einige i strategisatsinga, men kom med mange moment som sentralstyret kan ta med seg i det vidare arbeidet.

Elles slutta representantskapet seg til sentralstyret sitt framlegg for tariffkrava for hovudoppgjeret i alle tariffområde og for årets budsjett for organisasjonen. Vi føler oss privilegerte til å vere ein del av denne ressurssterke gjengen og reiser takknemlege heim frå vårt første representantskapsmøte i år.