Kurs for tillitsvalde i vaksenopplæringa

5. desember samla fylkeslaget tillitsvalde innanfor vaksenopplæringa til eit dagskurs.

Heidi Rennestraum og Sabine Exner frå fylkesstyret var fagleg ansvarleg for kurset. I tillegg til informasjon og diskusjon om høyringa knytt til modulstrukturert opplæring for vaksne, informerte kurshaldarane også frå vedtak fatta av landsmøtet i november, om ny opplæringslov og om vaksenopplæringa sin plass i Utdanningsforbundet. 

Jorunn Tavares Kårstad frå Firda Vidaregåande skule orienterte forsamlinga om den såkalla Gloppenmodellen. Denne går ut på å kombinere praksis og vidaregåande opplæring, med tett samarbeid mellom fylkeskommune, bedrifter, NAV.

Bente Haug, sentralstyremedlem og sjølv tilsett innanfor vaksenopplæringa, deltok digitalt. Ho trakk fram fleire aktuelle saker som tilsette innanfor vaksenopplæring både i grunnskule og vidaregåande opplæring er opptekne av.

Det blir ei ny samling for same målgruppe utpå nyåret, då digitalt.