Julehelsing 2023

Fylkesleiar Steinar Strømsli ønskjer alle våre medlemmar ei riktig god jul med denne helsinga.

Våre medlemmer har ein av dei aller viktigaste jobbane i samfunnet; å gjere barn og unge til gagns menneske. Å gjere dei i stand til å meistre livet og delta i samfunnet rundt seg. Samfunnsmandatet er alt for breitt og viktig til at vårt arbeid vert avgrensa til det som kan målast og setjast inn i eit rekneark. Det var derfor forløysande å høyre Shazia Majid i VG då ho vitja lokallagstyrekurset vårt førre veke. Ho fortalde om sine erfaringar med skule og barnehage, både frå sin eigen oppvekst og korleis ho opplever sektoren i dag gjennom sine eigne born. Vi var så heldige å få lest opp hennar kommentar som vart publisert i VG  kort tid etterpå. Forsamlinga vart rørte og kjente seg høyrde.

Det er politikarane som legg rammene for arbeidet i skule og barnehage. Det er dei som gjennom sine føringar legg premissane for korleis skule og barnehage utviklar seg. Politikarane avgjer om vi er i stand til å danne og utdanne gagns menneske.

Det var kanskje ikkje overraskande at nettopp Kristin Clemet kom med eit motinnlegg  til Shazia Majid. Fleire vil hevde at Kristin Clemet var ein viktig premissleverandør for dreiinga mot ei mål- og resultatstyring i norsk skule og barnehage.

Politikk verkar, på godt og vondt.

No nærmar arbeidsåret 2023 seg mot slutten, eit år som kanskje har vore det mest spennande i Utdanningsforbundet Vestland si korte historie. Kvart fjerde år har vi fylkesårsmøte og landsmøte i Utdanningsforbundet. Fylkesstyret arbeidde iherdig gjennom vårhalvåret for å førebu og legge til rette for Vestland sitt fyrste ordinære årsmøte. I mai kom 180 delegatar frå 43 ulike lokallag til Bergen for å diskutere og vedta politikk i heile tre dagar. Det vart også valt mellom anna nytt fylkesstyre på 15 faste medlemmer og ein landsmøtedelegasjon på heile 19 personar. Fylkesstyret og delegasjonen fekk med seg mange gode vedtak som vart førande for vårt haustarbeid inn mot landsmøtet i november.

På landsmøtet møttest 180 delegatar frå fylka og 13 delegatar frå sentralstyret. I ei heil veke diskuterte vi mykje politikk, men også økonomi, vedtekter og val var på saklista.

imagevm65w.png

Vi utdannar Noreg er Utdanningsforbundet sitt overordna politikkdokument som legg rammer og føringar for arbeidet for alle i Utdanningsforbundet dei neste fire åra. Dokumentet er eit resultat av politikkutvikling og vedtak heilt frå klubbnivå via lokallagsårsmøte og fylkesårsmøte og endeleg vedtak på landsmøte. Dette er organisasjonsdemokrati i praksis.

Før vi brettar opp ermene og set i gong med å realisere nyleg vedteken politikk, er det på sin plass og takke alle medlemmer og tillitsvalde for samarbeidet i året vi har bak oss. Det er gjennom dykkar engasjement og fellesskap vi er sterkast.

God jul!

Steinar Strømsli
Fylkesleiar