Nytt frå sentrale kontaktfora

Kontaktforum er ein viktig møteplass for den gode organisasjonsdialogen i Utdanningsforbundet.

Denne veka var det møte i fleire kontaktfora for medlemsgruppene i forbundet. Viktige saker var oppe på saklista i Lærernes hus i Oslo i løpet av dei to dagane møta varte. Denne gongen var det Marit Himle Pedersen (grunnskule), Anita Holm Cirotzki ( barnehage) og Tore Roth Blokhus (fagleg- og administrativt støttesystem) som møtte på vegner av sine medlemsgrupper i Utdanningsforbundet Vestland.

Viktige nettverk for heile organisasjonen

Kontaktforuma er svært viktige for organisasjonsdialogen mellom dei ulike nivåa i Utdanningsforbundet. Alle medlemsgrupper har sitt kontaktforum, i tillegg til at leiarane har sentralt leiarforum. Kontaktpersonane vidareformidlar innspel både til sentralstyremedlemmen som leier kontaktforum og til fylkesstyret i etterkant av møta. Innspela kontaktpersonen frå Vestland tek med seg til desse møta, er innspel frå møte med tillitsvalde og medlemmer i eige fylke. På denne måte aukar kompetansen om medlemsgruppene i organisasjonen og aktuelle saker for medlemmene våre kjem på agendaen. Det vert arrangert fire møte i året for kvart sentrale kontaktforum, men mellom møta fungerer kontaktforumet som eit nettverk som er ein viktig ressurs for fylkeslaga, lokallaga og sentralstyret. Ein kontaktperson frå kvart fylkeslag utgjer dette nettverket. Kontakforum er leia av eit sentralstyremedlem. Ein fagperson frå sekretariatet er og tilknytta kvart kontaktforum. Dette tilfører viktige faglege perspektiv.

Korte avstandar i Utdanningsforbundet

Det er lett å ta kontakt med kontaktpersonane på fylket, og dei tar med seg innspel frå møte med lokallagsleiarar og HTV på møte sentralt. På den måten kjem ein i direkte kontakt med sentralstyret, det øvste utøvande organet mellom landsmøta. Sentralstyret er avhengige av innspel i ulike saker. Av og til er det saker som hastar; då er det forventa at fylkesleiar eller kontaktpersonane har oppdatert informasjon frå sitt fylke. Det kan til dømes vera i saker som kunnskapsministeren, KS eller andre ber om. Difor er det viktig at lokallaga prioriterer å gi tilbakemelding når fylkeslaget ber om det. På den måten greier me å vera medlemsnære og Utdanningsforbundet kan målbringa medlemmene sitt syn inn mot sentrale arbeidsgjevarar og politikarar.

Viktige saker på agendaen

Landsmøtet i Utdanningsforbundet i november vedtok ny politikk på ulike område. Når dette no skal implementerast ute i organisasjonen, er kontaktforum også ein naturleg stad å diskutera dette. Kontaktforum FAS og grunnskule hadde som del av denne prosessen ei felles økt og gruppearbeid om saka Lærarrolla og laget rundt barn, unge og vaksne. Å jobba på tvers av medlemsgrupper på denne måten er ein styrke i Utdanningsforbundet.

Andre saker som var tema denne gongen var evalueringa av seksårsreforma, Kvalitetsutviklingsutvalet sin rapport, ufrivillig skulefråver, ny opplæringslov og barnehagesatsinga Tid for dei minste. Desse sakene vil kontaktpersonane frå Vestland ta med seg tilbake til fylkeslaget, som eit bidrag til gode prosessar i Utdanningsforbundet Vestland.