Kurs for lokallagsleiarar og hovudtillitsvalde

Fylkeslaget arrangerer jamleg kurs for lokallagsleiarar og hovudtillitsvalde. Denne gongen vart dette gjennomført i Bergen.

Fagleg påfyll, erfaringsutveksling og tid til å bli kjent står sentralt på våre kurs for tillitsvalde i Utdanningsforbundet Vestland. Fylkeslaget hadde lagt til rette for eit variert innhald, med fleire ulike tema vi meiner våre tillitsvalde skal skulerast i. 

Aktuelle saker på agendaen

Fylkeslaget har gjennomført ei undersøking knytt til kampanjen Tid for dei minste. Kontaktperson for barnehage i fylkesstyret, Solfrid Furre, tok oss gjennom tilbakemeldingane på undersøkinga og ga tips til møtelyden i det vidare arbeidet knytt til denne viktige satsinga. Vidare hadde vi også fokus på lokale lønnsforhandlingar og arbeidstidsavtalane i vår sektor.

Solfrid2.jpg

Alle bilder: Kristine Berdal

Viktige høyringar på agendaen

Både høyring knytt til barnehagelova og høyring knytt til kvalitetsutviklingssystem i skulen var satt opp på programmet. Fylkesstyremedlem Ane Kristine Aadland presenterte innhaldet i rapporten og høyringa om Høring NOU 2023: 27 Et nytt system for kvalitetsutvikling – for elevenes læring og trivsel - regjeringen.no
Fylkesstyret er godt i gong med utarbeiding av eit høyringssvar som skal danne grunnlag for sentralstyret sitt endelege svar til departementet. Deltakarane på kurset er ein viktig aktør for oss for å få innspel til denne høyringa.

Ane2.jpg

Arbeid med kommunebudsjett og kommuneøkonomi

På våre kurs i Utdanningsforbundet Vestland har vi alltid påverknadsarbeid knytt til kommuneøkonomi som sak. Dett er eit viktig pågåande arbeid i lokallaga gjennom heile året. På dette kurset var det Marit Himle Pedersen, kontaktperson for grunnskule, som innleia til gruppearbeid og erfaringsutveksling.

Marit2.jpg

Arbeid med lov og avtaleverk gjennom case-arbeid

To av våre rådgjevarar på fylkeskontoret, Eva Steinfeld og Anne Synnøve Nilsen, stod avslutningsvis i kurset for ei økt om bruk av juridisk metode som er nyttig for dei tillitsvalde ute i sin kontakt med våre medlemmer.

Anne Synnøve og Eva2.jpg