Viktig høyringskonferanse i Bergen om framtidas skule

16. januar arrangerte kunnskapsdepartementet open høyringskonferanse i Bergen. Temaet for dagen var NOU 2023:27, et nytt system for kvalitetsutvikling-for elevenes læring og trivsel. Utdanningsforbundet Vestland var representert ved Ane Kristine Aadland, Bjørn Olav Tveit og Marit Himle Pedersen.

Utdanningsforbundet har lenge etterlyst ein gjennomgang av prøvar, kartleggingar og testar i norsk skule. Denne utredninga tek me difor vel imot, med mål om å utvikla eit betre system for kvalitetsutvikling i skulen. Målet med forbetringane er styrking av elevane si læring og trivsel.

Kvalitetsutviklingsutvalet sitt forslag er sendt ut på høyring til lokallaga i Vestland saman med eit høyringsbrev, der me formulerer nokre spørsmål me ynskjer svar på. Fylkeslaget samanfattar innspela frå lokallaga og sender eit felles høyringssvar.

Alle som ynskjer det kan spela inn til kunnskapsdepartementet. Høyringa  finn du her: Høring NOU 2023: 27 Et nytt system for kvalitetsutvikling – for elevenes læring og trivsel - regjeringen.no

Eit system som har skapt debatt i 20 år

På høyringskonferansen i Bergen innleia utvalsleiar Trine Prøitz om utvalet sitt arbeid. Partane som har hatt plass i utvalet fekk sei litt om sitt syn på kva som er viktig å ha fokus på i det vidare arbeidet. Nestleiar i Utdanningsforbundet, Thom Jambak, innleia på vegner av Utdanningsforbundet. Han la vekt på at dette er eit viktig arbeid for norsk skule, og at ein heilskapleg gjennomgang av systemet er naudsynt. Å finna ut kva det nasjonale kvalitetsutviklingssystemet me fekk for 20 år sidan har utvikla seg til er viktig for oss å finna svar på. Systemet har påverka skulen i svært stor grad dei siste 20 åra, og skapt mykje debatt. Nasjonale prøvar, eksamen, kartleggingsprøvar, elevundersøkinga er berre noko av det me som jobbar i skulen kjenner godt til, og som er del av dette systemet. Debattane om i kva grad resultat skal offentleggjerast har rasa i periodar. Dette er og spørsmål utvalet no ynskjer svar på.

Utdanningsforbundet har peika på at systemet har ført til ei smalare forståing av kva kvalitet i utdanninga er. Dette meiner og utvalet er noko ein må sjå på for betre å ivareta det breie samfunnsmandatet til skulen. Dette bør eit nytt system ta omsyn til.

Foil.jpg

Nestleiar i Utdanningsforbundet, Thom Jambak, saman med Marit Himle Pedersen, Bjørn Olav Tveit og Ane Kristine Aadland i fylkesstyret.

Gode diskusjonar

Det var og lagt opp til gruppearbeid på konferansen der ulike perspektiv vart løfta inn i debatten.

Dette er nokre av mange spørsmål denne høyringa ber om svar på:

- Korleis driva kvalitetsutvikling til elevens beste med tanke på læring og trivsel ?

- Kva skal skje med nasjonale prøvar og eksamen i grunnskulen ?

- Korleis ivareta dei ulike partane i skulen sitt behov for informasjon?

- Treng me oppretta ein funksjon på kvar skule med ansvar for kvalitetsutvikling?

- Skal alle nyutdanna lærarar i skulen ha rett på eit introduksjonsår når dei byrjar som lærar?

Håpar på mange svar

Utdanningsforbundet Vestland har sendt ut høyringa til lokallaga. Me håpar på mange innspel på denne, slik at Utdanningsforbundet sitt høyringssvar vert i tråd med medlemmene sitt syn. Regjeringa vil lytta til innspela som kjem. Resultatet av denne prosessen vil påverka norsk skule i åra som kjem, så dette er ei viktig sak for oss.

På samling for lokallagsleiarar og hovudtillitsvalde 17. og 18. januar, vil me ha denne høyringa som tema. Fylkesstyret håpar dette kan motivera fleire av lokallaga til å levera høyringssvar til fylkeslaget innan fristen 23. januar.