IA-råd i Vestland etablert

5. februar 2024 vart det nye IA-rådet i Vestland etablert. Rådet vert leia av Thorleif Nesse frå NAV fylkeskontor Vestland.

IA-rådet består av representantar frå Nav, Arbeidstilsynet og partane i arbeidslivet.
Intensjonsavtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) skal bidra til å førebygge og redusera sjukefråvær, styrke jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet, samt hindra fråfall frå arbeidslivet.

Dei viktigaste punkta som det var semje rundt i det nye IA-rådet var følgjande:

- Rådet skal vera med å setja retning for IA-arbeidet i fylket vårt.
- Rådet skal aktivt drive med informasjonsdeling og erfaringsdeling.
- Rådet skal aktivt bruke kvarandre på tvers.
- Ein skal i hovudsak nytte seg av allereie etablerte arenaer for å utøve oppgåvene til IA-rådet.
- Rådet må sette konkrete mål saman, og definere kva dei ulike aktørane kan bidra med inn for å møte måla.
- IA-rådet i Vestland skal vera ein synleg og aktiv samfunnsaktør