Regionalt kurs - møteplassen på tvers av Utdanningsforbundet

Det regionale kurset, som lokallagsleiarar frå Utdanningsforbundet Vestland deltok på 31. januar og 1. februar på Gardermoen, er ei årleg samling. Dette var forbundsleiar Geir Røsvoll sitt første møte med lokallagsleiarane i organisasjonen.

I Utdanningsforbundet er det kort veg mellom dei ulike nivåa i organisasjonen. På det årlege regionale kurset møtes lokallagsleiarar, representantar frå fylkesstyret, sentralstyret og det sentrale sekretariatet. Medlemsstemma kjem på den måten heilt opp i organisasjonen. Mange viktige saker for medlemmene våre var på agendaen på kurset i år. Det var gode diskusjonar med deltakarar frå Utdanningsforbundet Vestland, Utdanningsforbundet Troms og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal. Med nytt sentralstyre og mykje som skjer i sektoren, var årets kurs ekstra spanande og viktig.

Leiar Geir Røsvoll med klar tale

Den nyvalde leiaren i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll opna samlinga. I talen sin peika han på at det viktigaste målet vårt framover er at det skal vera godt å vera på jobb for alle våre medlemmer. Rammevilkåra må på plass, både når deg gjeld økonomi og regelverk. Profesjonen må ha tid og tillit til å utføra det breie samfunnsmandatet alle våre medlemmer har teke på seg. For å nå måla våre, understreka Røsvoll kjerneverdien i fagrørsla; solidariteten. Den må me og nytta internt mellom medlemsgruppene. Dei beste resultata oppnår me når me samlar oss om felles mål. 190 000 medlemmer gir oss kraft.

Tariff 2024 sentral sak

Sidan me i år skal inn i eit hovudtariffoppgjer, var det sett av mykje tid til dette. Skulering i tariffsystem er viktig at alle tillitsvalde har, ikkje minst i år når det og er sentralt bestemt at det skal setjast av ein del til lokale forhandlingar.

I gruppearbeid diskuterte deltakarane prioriteringar, med utgangspunkt i kva medlemmene i deira lokallag er opptekne av. Mange utfordringar er felles, og merkast for medlemmene våre både i barnehage og skule. Lærarmangelen er dramatisk mange stader,  kommuneøkonomien gjer at barnehagane og skulane slit med å gi det lovpålagte tilbodet ein skal og medlemmene våre opplever eit arbeidsmiljø som er belastande. Både sentralstyret og det sentrale sekretariatet noterte flittig. På denne måten får dei som skal gjennomføra forhandlingane svært viktig informasjon når ein skal inn i vanskelege prioriteringar.

Tid for dei minste - lokalt arbeid avgjerande

Den langsiktige satsinga vår på auka bemanning i barnehagen ; Tid for dei minste, var sjølvsagt og tema. Lokallaga fekk ros for mykje godt og viktig arbeid. Slikt arbeid er viktig for at ein på sikt kan få til sentrale endringar som gjeld alle. Fleire kommunar er i gang med forsøk med auka bemanning. Det må me jobba vidare med og vera tålmodige. Utdanningsforbundet har utarbeidd mykje materiell til dette arbeidet som er lett tilgjengeleg.

Ny opplæringslov- viktig å følga opp lokalt

Etter mange års arbeid, skal ny opplæringslov gjelda frå 1.august 2024. Ikkje alt er vedteke enno, og framleis pågår det høyringar regjeringa vil ha innspel på. Utdanningsforbundet svarar sjølvsagt på desse.

Det er likevel nokre punkt i den nye lova me som profesjon må vera ekstra merksame på. Mellom anna er det opna for meir bruk av digital undervisning. Jobben lokalt vert  å sjå til at elevane sitt beste er i fokus, og at ikkje kommunane tilbyr undervisning over nett for å spara pengar.

Vestland sine deltakarar godt nøgde

Frå Vestland deltok 20 lokallagsleiarar på kurset, i tillegg til Steinar Strømsli, Mildrid Kronborg Økland, Solfrid Furre og Marit Himle Pedersen frå fylkesstyret.

Me har snakka med ein av lokallagsleiarane våre om kva han sit att med etter to dagar på Gardermoen.

Steinar Øydvin er lokallagsleiar og HTV Utdanningsforbundet Sogndal. Han har vore lokallagsleiar sidan 2009 og hovudtillitsvald frå 2012.

Øydvin fortel at han har delteke på alle tariffkonferansane i regi av Utdanningsforbundet han har vorte innkalla til.

Det å møta andre lokallagsleiarar, administrasjon og tillitsvalde på sentralplan er det beste ved slike samlingar. Det å kunna diskutera fellesproblemstillingar og å få formidla problemstillingar både oppover og nedover i organisasjonen. Særs viktig at tariffspørsmåla vert drøfta godt i heile organisasjonen, seier Steinar Øydvin.

-Eg tek med meg heim alle innspela frå samlinga, både det som vart presentert av sentrale personar, men og frå diskusjonen i gruppa og elles problemstillingar som kom opp.

Sogndal vart trekt fram som eit døme på godt arbeid lokalt under økta om Tid for dei minste.

- Eg kjem og til å visa bilete av foil med bilde frå Sogndal på saka tid for dei minste. Alltid kjekt å verta nemnd i ein sentral presentasjon, seier ein nøgd lokallagsleiar og hovudtillitsvald.

Tekst: Marit Himle Pedersen