Ollu lihkku Sámi álbmotbeaivi! Gratulerer med Samisk Nasjonaldag!

I høve samisk nasjonaldag 6. februar, har fylkesstyremedlem Sabine Exner intervjua vårt medlem Guro Losoa, som er spesialpedagog med særleg engasjement for samisk språk og kulturformidling.

Guro Losoa er samisk og busett i Stryn, saman med familien sin. Eg snakkar med henne om den samiske bakgbrunnen til familien hennar og kva samisk språk og samiske tradisjonar betyr for ho.

Guro, kan du fortelje litt om dei samiske røtene i familien din?

- Ja, gjerne. Bestefar min kom frå samisk slekt på Røros, Familien Kant. Eg har vakse opp i Stryn, men ikkje med ein samisk oppvekst. Mannen min, Tom Arild Losoa, er frå Kirkenes, og mor hans kjem frå den store Nystad-slekta i Karasjok som dreiv med fiske og jordbruk. Losoa-namnet er frå hans far som kjem frå Byluft i Varangerfjorden, og er det namnet barna våre - Emilie (20 år), Adrian (12 år) og Håkon (9 år) nyttar.

Guro med familie.jpg

Familien Losoa under eit opphald i Karasjok. Foto: Arild Losoa Ædja

 

Har de spesielle tradisjonar heime på samanes nasjonaldag, 6. februar?

- Denne dagen går vi med kofte. Vi lagar ei stor gryte med Finnbiff til middag. Om ettermiddagen har vi ope hus, der vi inviterer til bålpannekos ute, isbar, kaker, joik og leik. Det pleier å kome slekt, vener og naboar. Det kjekkaste er å få den gode praten rundt bordet, og så er lassoleiken veldig populær blant borna.

Det høyrast veldig kjekt ut. Har de andre samiske tradisjonar som har blitt viktige for deg?

- Mattradisjonane er viktige for oss, og vi tek med ungane på mykje. Dette kan vere alt frå røyking av reinsdyrkjøt til sanking av bær om hausten. Det er viktig å nytte heile dyret, så reinsdyrtunge er faktisk noko borna mine har teke med seg til skulekjøkenet i Stryn. Eg har også blitt veldig interessert i Dodji – samisk kunsthandverk. Eg har lært meg å sy kofte sjølv, og mange av mønstra har eg arva av Tom Arild si bestemor, Kirsten Losoa. Ho var ein kjend Dodjier. No syr eg kofter omtrent annakvart år, etterkvart som borna veks eller ønskjer seg nye. Noko anna vi prøver å vidareføre til borna våre er det samiske natursynet. Det er viktig å forvalte naturen på ein berekraftig måte og ikkje la noko gå til spille. Vi er også opptekne av sporlaus ferdsel i naturen. Den samiske kulturen er veldig inkluderande. Vi reiser ofte nordover, og der opplever vi å vere ein del av den samiske storfamilien. Alle tek vare på kvarandre og bryr seg oppriktig om korleis du har det.

Lærar borna dine samisk, og kor viktig er dette for deg?

- Det er veldig viktig, samisk er hjartespråket, og ein viktig del av identiteten vår.
Verken mannen min eller eg hadde høve til å vekse opp med å lære samisk på skulen – difor er det enda viktigare for oss at borna våre får lære seg det. Vi ønskjer at dei skal ha moglegheita til å snakke med besteforeldra og slekta elles på nordsamisk når vi besøker kvarandre.

Guttene.jpg

Håkon og Adrian Losoa. Foto: Guro Losoa

 

På skulen i Stryn har gutane våre samisk på timeplanen, med ein lærar frå Karasjok gjennom fjernundervisning. Det er viktig at retten til opplæring i og på samisk språk vert etterfølgd i skule og barnehage. Vi har også høve til 10 dagar med hospitering på Karasjok barneskole. To veker per år reiser vi difor til Karasjok og bur hos slekta, medan gutane går på skule. Dette er både lærerikt og kjekt, då vi får eit dagleg språkbad. Elles har vi nokre samiske fraser vi nyttar heime, som t.d. gittu (takk), buorre idja (god natt), buorre  iđit (god morgon), Mun ráhkistan du (elskar deg) og ale (ikkje).

Kva er erfaringane dine med skulesystemet vårt – særleg med tanke på opplæring av borna i samisk språk og kultur?

- Vi har nok av og til blitt møtt med lite forståing av viktigheita til samisk språk og kulturformidling. Som urfolkspråk står samisk under særleg vern og kan ikkje samanliknast med morsmålsundervisning i andre språk. Det handlar mykje om kommunen og dei tilsette si forståing av lovverket. Skulane kan få hjelp med statsforvaltarane i Troms og Finnmark, som vil rettleie dei. Men då må dei ta kontakt sjølve. Eg vil også legge til at skulane har opplysningsplikt om samisktilbodet til dei elevane som har rett på dette. Då blir det ekstra viktig å ha eit godt og utvida skule heim samarbeid. Statsforvaltarane kan også hjelpe skular eller foreldre viss noko av dette er vanskeleg. Dersom nokon som les dette, står i ein situasjon der dei skal tilrettelegge for samisk språkopplæring i skulen er det viktig å ta kontakt med kommunen og slik at dei får rettleiing og får laga avtale om fjernundervisning.

Vi er sikkert mange som veit for lite om samisk kultur. Har du eller borna møtt på utfordringar når det gjeld dykkar samiske opphav?

- Nokre upassande kommentarar har det vore. Dette går mest på klisjéar og stereotypiar, som kan tyde på lite kunnskap om kva som er realitetane.
Mest av alt har eg positive opplevingar. Folk er nysgjerrige og spør fordi dei er oppriktig interesserte. På skulen til gutane prøver lærarane så godt dei kan å ta med samisk tradisjon og kultur i dei ulike faga. Det set vi pris på.

Det er ikkje alltid lett for lærarane og barnehagelærarane å vite korleis ein skal tilrettelegge for samisk kultur i skule og barnehage. Har du nokre tips til dei?

- Ja. Ikkje fokuser på forskjellane, men nytt det samiske på ein naturleg måte inn i leik og moro. Born er undrande og nysgjerrige, så bruk dette som utgangspunkt til gode samtalar. Sit ein i ring rundt eit bål, kan ein til dømes fortelje om korleis samane sit i lavvoen, for å gjere dette til ein meir naturleg del av samtalen. Musikken høyrer med, og er ein viktig måte for born å lære. Dei som jobbar i barnehage og skule må ikkje vwre redd joiken, det er berre å prøve! God faglitteratur som er nyttig å lese om tema er som t.d. «Samiske stemmer i skolen» og Samiske stemmer i barnehage» frå Fonnebu, Swart og Jernberg. Universitetet i Tromsø har også laga ei ressursside med gode opplegg.

Korleis ser du på framtida for samisk kultur og samfunn i Noreg?

- Eg tenkjer at mykje har blitt betre. Formidling av samisk språk og kultur er betre forankra i dei nye fagplanane og i den nye opplæringslova. Universitet og høgskule tar også eit løft. Mange i den yngre generasjonen med samar står tryggare i sin samiske identitet, også dei som lever utanfor dei samiske forvaltningsområda. Nyare filmar som «La elva leve» og ungdomsserien «Vi lovar eit helvete» gir samane eit ungt ansikt. Borna mine likar veldig godt spenningsserien «Husky» med bl.a. Mikkel Gaup. Det er også flott at Fosen-samane sin kamp for å bevare levesettet sitt kjem på dagsorden. Eg er berre litt redd for at media viser eit for polarisert bilde. Med dette meiner eg at det ikkje bør vere «samane sine rettar mot klimakrisa» – for det bør vere i alle si interesse å bevare naturen.

I juni i fjor overrekte Sannheits- og forsoningskommisjonen sin rapport i regjeringa. Rapporten gir ein omfattande historisk framstilling av statens fornorskingspolitikk ovanfor samar, kvener og skogfinnar. Mange av dei 760 personlege forteljingane vitnar om at lærarane ikkje berre var statens reiskap, men til dels også aktive pådrivarar. Dåverande leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal gjekk då offentleg ut og beklaga uretten på vegne av alle lærarane. Guro, har du gjort deg nokre tankar kring dette?

- Dette er ein veldig viktig rapport. Den er veldig omfattande og inneheld mange triste historier og skjebnar. Eg er veldig glad for at Steffen Handal kom med unnskyldninga. Alle i Norge må lære om kva som hendte under fornorskinga og om dagens samiske kultur. Vi burde auke den allmenne kunnskapen om dei samiske delane i norsk historie. Det er berre slik vi kan få til ekte forsoning på sikt.

Guro med sønn.jpg

Mor og son i samisk kofte. Foto: Guro Losoa

Tusen takk for samtalen, Guro. Det var kjekt at vi fekk eit lite innblikk familien din og korleis de lever med dei samiske tradisjonane innfletta i det norske storsamfunnet. Utdanningsforbundet Vestland skal ha tre storkurs i vår. Ei av fellesøktene skal nettopp handle om Sannheits- og forsoningskommisjonen sitt arbeid og kva vi i skulenorge kan lære av historia. Medlemmar i kommisjonen skal greie ut dette for oss. På det første storkurset vårt i Loen, 14. mars deltek også du Guro.

- Ja det ser eg veldig fram til, og dei som måtte ønske må berre ta kontakt med meg, avsluttar Guro Losoa.

Kontaktinformasjon: Guro Svanheim Losoa, Losoa Rådgiving - [email protected]

Tekst: Sabine Exner