Ny opplæringslov: Dette seier lova om krenkingar

Den nye opplæringslova presiserer at krenking ikkje er subjektivt, og at kva som er krenkande oppførsel avheng av ei konkret heilskapsvurdering, ikkje berre av opplevinga til den einskilde eleven. Her kan du lesa meir om kva som står om krenking i den nye lova.

I 2017 kom det inn eit nytt kapittel om elevanes skolemiljø inn i opplæringslova. Blant anna vart det innført ei skjerpa aktivitetsplikt for skolen, ved mistanke om at ein som arbeider ved skolen, har krenka ein elev. I åra etter har ein del lærarar opplevd at dei i nokre tilfelle ikkje har fått lagt fram si side av saka. Utdanningsforbundet har difor jobba for å få til fornuftige endringar i lova.

Før sommaren vedtok Stortinget ei ny opplæringslov, som skal gjelde frå august 2024. I førearbeida til den nye lova er det gjort ei grundig drøfting, som skal gjere det enklare å handtere krenkingar på ein god måte.

Sjå det vedtekne lovforslaget: Prop. 57 L (NB! Elevanes skolemiljø, som er omtalt i kapittel 9A i gjeldande opplæringslov, står i kapittel 12 i det vedtekne lovforslaget)

Les også: Forslag om nye regler for bruk av fysisk makt

Under finn du svar på nokre sentrale spørsmål om temaet krenkingar slik dette er omtala i den nye lova.

Krenkjande oppførsel kan omfatte direkte handlingar og verbale uttrykk retta mot elevar, men også meir indirekte krenkjande handlingar som utestenging, isolering og baksnakking. Både fysisk og digital oppførsel blir omfatta av regelen. Det skal ikkje vere ein høg terskel for kva som blir rekna som krenkjande oppførsel overfor elevar. Barn og unge er meir sårbare enn vaksne, og når dei er på skolen, er dei i ein situasjon som dei er pålagde å vere i, eller som er nødvendig for at dei skal kunne få den opplæringa dei har rett til.

Krenkingsomgrepet er objektivt på den måten at kva som er krenkjande oppførsel, kjem an på ei konkret heilskapleg vurdering, ikkje berre opplevinga til den enkelte eleven. Handlinga eller ytringa må tolkast i lys av kontekst og intensjonen avsendaren har.

Sjølv om krenkingsomgrepet ikkje er subjektivt, er det likevel ikkje slik at terskelen for kva som er krenkjande, er lik for alle elevar. Til dømes kan alderen på elevane ha noko å seie for kva handlingar og ytringar som blir rekna for å vere krenkjande.

Personlege forhold ved den enkelte eleven har også betydning for om noko må reknast for å vere krenkjande. Det kan vere personlege forhold som livssynet til eleven, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, funksjonsevne, at eleven har åtferdsvanskar eller sosio-emosjonelle vanskar, eller forhold ved familie- og heimesituasjonen til eleven. Det har også noko å seie om eleven er særskild sårbar, og om dette er synleg for omgivnadene. At ein elev tidlegare har vore utsett for krenkingar, kan gjere vedkommande særskilt sårbar.

Sjølv om vurderinga av kva handlingar og ytringar som ikkje skal godtakast, skal komme an på ei heilskapleg vurdering, har dei tilsette alltid, uavhengig av om det ligg føre krenkjande oppførsel eller ikkje, ei aktivitetsplikt dersom den enkelte eleven sjølv opplever å ikkje ha det trygt og godt på skolen.

Elevar kan oppleva usemje med lærarar eller andre elevar utan at dette automatisk blir rekna som krenkjande oppførsel. Dette betyr at eit kontroversielt standpunkt ikkje utan vidare skal reknast som ei krenking, sjølv om utsegna kan oppfattast fornærmande eller provoserande for enkelte elevar.

Klasseromma skal vere trygge stader for å lufte og diskutere kontroversielle synspunkt, men også å ombestemme seg og endre meining. Elevane skal tole usemje, både frå andre elevar og frå dei som arbeider på skolen. Lærarar har stor fridom til å omtale kontroversielle, vanskelege og kompliserte synspunkt, utan at dette vil reknast som ei krenking. Fagleg usemje mellom ein lærar og ein elev eller usemje om korleis ein lærar har vurdert ein elevprestasjon, vil heller ikkje reknast som ei krenking. Vidare kan ein elev oppleve irettesetjing av ein lærar utan at dette blir rekna som ei krenking.

Lova stiller krav til skolane om at dei kontinuerleg skal arbeide for å sikre at elevane har eit trygt og godt skolemiljø. Målet med arbeidet er å førebyggje at forhold som inneber at elevane ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, oppstår. Arbeidet skal omfatte både det fysiske og det psykososiale miljøet. I det førebyggjande arbeidet må skolen også rette merksemda mot forhold av meir strukturell karakter. Til dømes må skolen jobbe for å motarbeide rasisme, kjønnsdiskriminering og andre former for diskriminering på eit meir systematisk plan, og som ikkje nødvendigvis alltid kjem til uttrykk ved konkrete krenkingar, som del av det førebyggjande arbeidet til skolen.

Regelen inneber at det ikkje er nok at skolen reagerer ved kjennskap til eller mistanke om at retten elevane har til eit trygt og godt skolemiljø, er broten. Kommunane og fylkeskommunane skal kontinuerleg drive førebyggjande arbeid på skolemiljøfeltet. Kva slags førebyggjande tiltak og aktivitetar som skal gjerast, må vurderast konkret etter lokale undersøkingar og forhold. Det følgjer også av kommunelova at kommunen og fylkeskommunen skal ha internkontroll med administrasjonsverksemda for å sikre at lover og forskrifter blir følgde.

Utdanningsforbundet vonar at nyanseringa av krenkingsomgrepet i opplæringslova kan bidra til betre praktisering av saker der lærarar blir anklaga for krenking, men der læraren meiner å ha gjort jobben sin. Samstundes er det viktig å understreke at lova òg må ivareta elevens sjølvsagde rett til eit godt læringsmiljø.

Les også: Hva er krenkelser i skolen?