Ragnhild Lied: - Løys små problem før dei blir store!

Ragnhild Lied (57)

Avbildet: Ragnhild Lied
Ragnhild Lied

Leiar i Unio

Dette intervjuet ble først trykket i Forbundsnytt nummer 5, 2016.

Som tillitsvald er det viktig å opptre på ein måte som gir tillit både hos medlemmene og hos leiar(ane) på arbeidsplassen. Eit godt utgangspunkt er å kjenne Hovudavtalen og formålet med denne.

For å ivareta ATV-funksjonen best mogleg, er det sjølvsagt viktig å vere godt førebudd til alle formelle møter. Det handlar om å ha nødvendig kunnskap om både avtaleverket og sakene, og å vite kva medlemmene legg vekt på i ulike saker. Som tillitsvald kan du ofte sitje med informasjon som ikkje leiar sit på. Det er difor lurt å tenke igjennom kva leiar kan ha nytte av å vite, og kva du såleis bør vidareformidle av informasjon til ho/han.

Ta også initiativ til å finne løysingar. Du vil kunne styrke din posisjon som ATV dersom du har forslag til løysingar som kan ivareta ulike interesser.

I tillegg til å opptre klokt i formelle møter, vil eg rå deg som ATV til å bidra til å bygge ein kultur der det er greitt å «banke på døra» og ta ein uformell samtale med leiar. Det beste er å prøve å få løyst små problem før dei blir store. Lykke til!