Landsmøtedelegasjon Møre og Romsdal

Landsmøtet 2023 vart gjennomført 6. - 9. november. Delegasjonen frå Møre og Romsdal hadde førebudd seg godt og har delteke aktivt i debatten. Vi har vore aktivt med på å gjere gode vedtak som skal danne Utdanningsforbundet sin politikk dei fire neste åra.

Vi vil understreke det avtroppande leiar Steffen Handal sa i si tale, aldri har god utdanning vore viktigare enn nokon gong. Og vi er samde i at Utdanningsforbundet dei siste fire åra har bygd ein organisasjon som kan ta oss gjennom periodar med storm og politisk uvær.

Vi har alle føresetnadar for å lukkes i det vi bestemmer oss for – saman!»
Det har vore fleire flotte helsingar desse dagane, og vi har mellom anna fått besøk av statsministeren, kunnskapsministeren, generalsekretæren i EI, Nordiske lærere sitt samråd og Unio-leiar Ragnhild Lied.

Revideringa av vårt politiske dokument Vi utdannar Noreg danna grunnlaget for mange gode diskusjonar. Vi har diskutert Lærarrolla og laget rundt barn, unge og vaksne. Der det som skal, og det som ikkje skal, ligge til lærarrolla skapte ein spennande debatt. I kapitlet om vurdering i skulen stemte mellom anna landsmøtet for å avvikle nasjonale prøver. Saka om å få meir relevante lærarutdanningar kom som eit resultat av at dette var ei sak som vart debattert på fylkesårsmøta over heile landet, og Møre og Romsdal fremja eit forslag om at; «Utdanningsforbundet skal arbeide for å videreutvikle de profesjonsfaglige elementene i lærerutdanningene og styrke den faglige kjernen og relevansen for yrkesutøvelse.»

Lønn, arbeidsvilkår og arbeidsmiljø er høgaktuelt som tema på eit landsmøte og mellom anna vart praktisering av frontfaget, og krav og forventningar til KS og andre arbeidsgjevarar vart debattert. Lønn er eit viktig verkemiddel for at fleire vil utdanne seg til lærarar i barnehage og skule og bli verande i yrket.

Landsmøtet har også valt ny leiing og sentralsstyre. Vi har fått på plass ein god leiartrio der Geir Røssvoll er vår nye leiar, med Ann Mari Milo Lorentzen og Thom Jambak som nestleiarar. Vi har tru på at det nye styret kjem til å jobbe vidare med viktige tema som mellom anna med å få på plass ei betre bemanning for barnehagelærarar og ikkje minst den grenselause skulen der tid til å vere lærar vert ei viktig sak. Vi må alle ta ansvar i nå deira med at det skal verte godt å gå på jobb for alle i oppvekstsektoren.