Medlemsråd grunnskule er i gang med arbeidet

Medlemsråd grunnskule i Utdanningsforbundet Vestland hadde sitt første møte 22. mai.

Medlemsrådet er sett saman av grunnskuletillitsvalde frå alle deler av fylket vårt. Kontaktperson grunnskule, Marit Himle Pedersen er leiar av rådet. I tillegg er vara-kontaktperson, Heidi Rennestraum med frå fylkesstyret. Ulike skuleslag er representerte. Desse representerer medlemsstemma frå grunnskule i fylket vårt , og skal gi råd til fylkesstyret i politiske saker som omhandlar medlemsgruppe grunnskule. Medlemsrådet sine innspel vil og vera viktige når kontaktperson grunnskule, Marit Himle Pedersen møter i det sentrale kontaktforumet. På den måten blir medlemmene i Vestland sine meiningar spelt inn når Utdanningsforbundet skal konkretisera politikken. Medlemsråd grunnskule er altså eit viktig ledd i organisasjonsdialogen i Utdanningsforbundet.

Saker medlemsrådet diskuterte på det fyrste møtet sitt var kunstig intelligens, strategisk plan, Dekomp og kompetanseløftet. Me hadde og ei felles økt med medlemsråd for universitet og høgskule, der temaet var lærarutdanningane, søkartal og profesjonsmeldinga. Nyttig å diskutera saker på tvers av medlemsgruppene, slik at ulike perspektiv kjem fram.

I økta « kva rører seg i grunnskulen» peika alle tillitsvalde på at me no står midt i lærarkrisa. Bruken av tilsette utan lærarutdanning i undervisning er svært utbreidd i Vestland, og elevar har endåtil blitt sende heim grunna mangel på lærarar. Medlemsråd grunnskule meiner at å behalda dei lærarane me har i skulen, og jobba for gode arbeidsvilkår, må ha høgt fokus framover, i tillegg til rekruttering av nye til yrket vårt.

Medlemmer av medlemsråd grunnskule 2024-2027

Leiar: Marit Himle Pedersen

Nestleiar: Heidi Rennestraum

Lokallag Namn
Voss Anders Gjeraker
Gloppen Inger Lise Engelstad
Kinn Kjersti Midtbø
Bergen  Marit Hindenes
Årdal Kari Anne Ålvik
Askøy Anne Barbra Sundsbak
Sunnfjord Rune Morten Sande
Alver Jarle Næss
Fitjar Katrin Innvær Ankervold
Stord Jonatan Gniste
Øygarden  Vibecke Hodnekvam