– Uforståelege kutt i utdanningsbistanden

Sidan Støre-regjeringa tok over, har det vore store kutt i bistandsbudsjettet for utdanning. Ein tredjedel av støtta er borte sidan 2021. Geir Røsvoll fryktar konsekvensane.

I revidert nasjonalbudsjett kutta regjeringa 70 millionar kroner til utdanningsbistand. Men dette er berre toppen av isfjellet. 
 
Sidan 2021 har regjeringa kuttet over 1 milliard til utdanning gjennom bistandsbudsjettet.  Forskjellen på da regjeringen tiltrådte i 2021 og nå er at en tredjedel av utdanningspengene er borte.
 
1 milliard kroner i kutt svarar til nesten to millionar skuleplassar i dei fattigaste landa. 
 
– Å skjere så massivt ned på bistand til utdanning på så kort tid er det motsette av å motverka ulikskap, som regjeringa elles er oppteken av. Det bidreg til at færre barn og unge har høve til å få seg eit betre liv, seier Geir Røsvoll. 

Store behov

Globalt er det 250 millionar barn som ikkje går på skulen, og det er trengs 44 millionar fleire lærarar på grunnskule- og vidaregåande nivå. I Afrika sør for Sahara er det i gjennomsnitt 58 barn per lærarutdanna lærar i klasserommet. 
 
– Det er svært bra at fleire regjeringar i låginntektsland aukar eigen pengebruk til utdanningssektoren, men behova er framleis enorme, og norsk bistand er ein viktig del av arbeidet for å nå berekraftsmåla innan 2030. 
 
Røsvoll undrar seg over den kraftige nedprioriteringa av utdanningsbistand, og seier det blir særleg tydeleg når ein samanliknar med førre regjering. 
 
– Solberg-regjeringa hadde høgt truverd i satsinga si på utdanning for alle. Den noverande regjeringa framhevar òg utdanning som ein viktig faktor for å motverka ulikskap, men gjer det ikkje i praksis. 

Ein uroleg verden

Røsvoll peikar på ein svært uroleg verdssituasjon, mellom anna krigen i Ukraina og på Gaza, og klimakrisa som stadig vert verre. Globalt er 222 millionar barn og ungdom råka av krig, katastrofar og tvangsflytting.
 
– Skulen kan vere ein fristad i ein elles ekstrem kvardag for barn og unge. God utdanning er ein føresetnad for læring og utvikling, og bidreg til å motverke fattigdom. Det kan òg bidra til demokrati, toleranse og verke konfliktdempande, ramser Røsvoll opp.
 
– Å bidra til gode skular for alle er noko av det viktigaste vi kan gjere for å skape ei betre og fredelegare verd. At regjeringa vel å redusere støtta til utdanning så kraftig i den situasjonen verda no er i, er uforståeleg, avsluttar han. 

Sitert

Avbildet: Geir Røsvoll
Geir Røsvoll

leder av Utdanningsforbundet