Helga Hjetland: – Det viktigaste er at du er synleg på arbeidsplassen!

Avbildet: Helga Hjetland (69)
Helga Hjetland (69)

Tidlegare lærar, rektor og tillitsvald lokalt og på fylkesplan. Tidlegare leiar av Norsk Lærarlag og Utdanningsforbundet.

 

Dette intervjuet ble første gang publisert i Forbundsnytt 3/2017.

Det er eit privilegium å bli vald til å representere medlemmene i Utdanningsforbundet på arbeidsplassen. TILLITsvald – eit flott ord og ei stor og viktig oppgåve. Og du er heldig som kan få skolering i lov og avtaleverk, etterutdanning i forhandlingsteknikk, møteleiing og organisasjonens verdigrunnlag og plattform.

Eg tenkjer at det viktigaste er at du er synleg på arbeidsplassen, slik at alle veit at det er DU som er tillitsvald. Du er den som er nærast medlemmene og slik den viktigaste tillitsvalde organisasjonen har. Du skal synleggjere Utdanningsforbundet.

Du må bygge tillit slik at medlemmene og arbeidsgjevar trur på deg, har tillit til deg og torer å diskutere sakene dei er samde eller usamde om med deg. God og truverdig kontakt med arbeidsgjevar er alltid bra for å få noko gjort.

Eit godt tips er å vite kven du kan ta kontakt med i lokal- eller fylkeslag om det er noko du lurer på – og ikkje vere redd for å spørje. Ikkje minst er det viktig å vidareformidle det medlemmene måtte ha på hjarte. Og så kan eg anbefale godt humør. Då vert livet og arbeidet lettare. Lukke til!