Tusen takk for innsatsen!

Kvart år har vi lokallagsleiarar og hovudtillitsvalde som sluttar i vervet og gir stafettpinnen vidare til nye engasjerte tillitsvalde. 

Denne veka hadde vi siste samling med hovudtillitsvalde og lokallagsleiarar før sommaren, i flotte omgjevnader i Balestrand. 

Ein god tradisjon på denne samlinga er å takke av lokallagsleiarar og hovudtillitsvalde som sluttar i vervet. Dei får med seg ein flott blomstervase og sjølsagt kjem det blomar på døra når dei kjem heim att frå kurs.

Denne gongen takka Fylkesleiar Steinar Vegsund Strømsli og nestleiar Mildrid Kronborg Økland av Aase Aarseth Ulriksen (lokallagsleiar Kinn), Marte Bull-Njaa (hovudtillitsvald Etne), Henning Nornes (hovudtillitsvald Sogndal), Anita Elisabet Flo (lokallagsleiar Stryn), Birgit Olaug Lervik (hovudtillitsvald Lærdal). Lokallagsleiar i Lærdal, Gro Bøthun Bjørkum, var ikkje til stades på bilde. 

Utdanningsforbundet Vestland takkar hjarteleg alle dei som gir seg og ønskjer dei lukke til vidare med andre oppgåver. Samsundes ønskjer vi dei nye lokallagsleiarane og hovudtillitsvalde velkomne, vi gler oss til å bli betre kjend med dykk.