Alternative forslag til hovudmål på høyring

Det kjem høyring om lokal forskrift i Vestland fylkeskommune om kva som skal vere hovudmålet på kvar skule.

Den nye opplæringslova som trer i kraft 1. august 2024 føreset at fylkeskommunane gir lokal forskrift om kva som skal vere hovudmålet på kvar skule.

Vestland fylkeskommune sender i desse dagar ut to alternative forslag på høyring:
1. Nynorsk blir felles hovudmål for dei vidaregåande skulane i Vestland
2. Hovudmålet følger språkvedtaket i kommunane der skulen geografisk ligg, med bokmål som hovudmål i språknøytrale kommunar (Bergen og Askøy)


Denne høyringa skal fylkeslaget jobbe godt med og svare grundig på. Generelt kan vi seie at dei tillitsvalde for medlemmane i fylkeskommunen er veldig opptekne av at begge målformene kjem til sin rett i undervisninga på vidaregåande opplæring i Vestland. På den andre sida har vi stor forståing for at lærarar er bekymra for alt meirarbeid det medfører om ein må legge om det skriftlege undervisningsspråket.

Framover skal prøveretting, skriving på tavla, eigenprodusert undervisningsmateriale og all skriftleg kommunikasjon med elevar og føresette skje på hovudmålet som er bestemt for skulen. Frå før av kunne læraren på vidaregåande skule sjølv velje kva målform hen ville bruke internt i undervisninga. Ein kan også lure på korleis det eventuelt skal sanksjonerast når læraren brukar «feil» målform.

Når det gjeld høyringa legg vi opp til gode prosessar saman med medlemmane våre og i organisasjonen elles. Allereie på onsdag og torsdag i komande veke samlast dei tillitsvalde frå dei vidaregåande skulane til kurs i Bergen. Spørsmålet om hovudmål blir naturleg å ta opp på denne samlinga og vi er spente på innspela som kjem då. Er du lærar på ein vidaregåande skule er det fint om du gir innspel til din tillitsvald i forkant av samlinga vår.