Fag og fornying – sentrale idear og begrep. Smakebitar frå temanotatet med problemstillingar til drøfting

Denne brosjyren gir smakebitar frå temanotatet med same namn. Vi har også formulert nokre problemstillingar. Vonleg vil dette kunne stimulere til samtalar og diskusjonar om dei ulike begrepa og om fornyingsprosessen vi er inne i.

Last ned Fag og fornying – sentrale idear og begrep. Smakebitar frå temanotatet med problemstillingar til drøfting

Det er eit stort arbeid i gang med å fornye faga i skulen, endre læreplanverket og utvikle vurderingsordningane. Om få år vil vi møte alt det nye i skulen. Stortinget har sagt at i denne fagfornyingsprosessen skal lærarprofesjonen ha ei sentral rolle. Den rolle er vi i gang med å ruste oss for. Vi har mellom anna utarbeidd eit temanotat der vi går inn på dei sentrale ideane og begrepa i fagfornyinga, slik dei kjem fram og er brukte i dei sentrale dokumenta i fagfornyinga – dei to utgreiingane frå Ludvigsenutvalet (NOU 2014:7 og NOU 2015:8) og stortingsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet (Meld. St. 28 2015–2016), som følgde opp Ludvigsenutvalet sitt arbeid.

Temanotat

Denne brosjyren gir smakebitar frå temanotatet Fag og fornying – sentrale idear og begrep (3/2017). Vi har også formulert nokre problemstillingar. Vonleg vil dette kunne stimulere til samtalar og diskusjonar – gjerne også gi inspirasjon til å gå inn i temanotatet for å hente meir kunnskap om dei ulike begrepa og om fornyingsprosessen vi er inne i.

På faglege premissar eller med vekt på det fagovergripande?

Arbeid med skulefag er grunnlaget for det meste av elevane si læring og utvikling i skulen. Å fornye og utvikle skulefaga er difor den sentrale aktiviteten i det arbeidet som er i gang. Det er interessante skilnader mellom Ludvigsenutvalet og departementet (stortingsmeldinga) i synet på faga og fagfornyinga. Medan departementet vil reindyrke faga på faglege premissar og med fagleg relevans, er Ludvigsenutvalet i større grad villig til å sjå nærslekta fag i samanheng og la dei danne fagområde med felles innhald og tettare samvirke.

Vi ser det same i spørsmålet om kva fagfornyinga skal ta utgangspunkt i. Ludvigsenutvalet vil at fornying av faga skal ta utgangspunkt i fagovergripande kompetansar. Departementet vil ta utgangspunkt i enkeltfaga og la det fagovergripande bli innlemma berre i den grad det har fagleg relevans og då på faga sine premissar. Det same relevanskravet gjer departementet gjeldande når det handlar om å innarbeide tverrfaglege tema i læreplanar for fag.

Kor brei skal kompetansen vere?

Ludvigsenutvalets definisjon av kompetanse:

«Kompetanse betyr å kunne mestre utfordringer og løse oppgaver i ulike sammenhenger og omfatter både kognitiv, praktiske, sosial og emosjonell læring og utvikling, inkludert holdninger, verdier og etiske vurderinger. Kompetanse kan utvikles og læres og kommer til uttrykk gjennom hva personer gjør i ulike aktiviteter og situasjoner».

Departementets definisjon av kompetanse (stortingsmeldinga):

«Kompetanse er å tilegne seg og anvende kunnskaper og ferdigheter til å mestre utfordringer og løse oppgaver i kjente og ukjente sammenhenger og situasjoner. Kompetanse innebærer forståelse og evne til refleksjon og kritisk tenkning».

Det er skilnad på desse to definisjonane av kompetanse. Ludvigsenutvalets definisjon er brei og inneheld både kognitive, praktiske og emosjonelle sider ved læring. Departementet har ein smalare definisjon. Den nærmar seg ein rein kognitiv definisjon, ved at både dei praktiske og emosjonelle sidene ved læring er borte. Heller ikkje etisk vurdering er nemnt i definisjonen.

I temanotatet drøftar vi kva konsekvensar breidda på kompetansebegrepet kan få for fagfornyinga.

I djupna eller på overflata?

Djupnelæring er eit berande prinsipp i fagfornyinga. Djupnelæring er ein læreprosess – ein måte å lære på – som legg vekt på å utvikle begrepsforståing og samanhengar i eit fag, men også på tvers av fag. Ein legg også vekt på faget sine metodar og korleis ein utviklar ny kunnskap i faget. Det handlar om å relatere ny kunnskap til tidlegare læring og erfaring, der refleksjon over eiga forståing står sentralt, og der varig forståing er målet.

Det som kjenneteiknar djupnelæring er at elevane fordjupar seg og jobbar med lærestoffet over tid. Det vert gitt tilbakemeldingar og utfordringar tilpassa fagleg utvikling. Målet er god og varig forståing av lærestoffet, der elevane kan bruke det dei har lært og sette lærdomen inn i nye samanhengar.

Læreplanane må legge til rette for djupnelæring. Kunnskapsløftet sine læreplanar gjer ikkje det. Dei er altfor spekka med kompetansemål utan nødvendig samanheng. Læreprosessen vert prega av eit res frå kompetansemål til kompetansemål. Det blir liten tid til å jobbe med begrep og samanhengar og refleksjon over eiga forståing. Resultatet er overflatelæring.

Djupnelæring krev færre kompetansemål og konsentrasjon om færre emne. Går ein grundig til verks på eitt område, blir det mindre plass til andre. Derfor må vi finne fram til kjerneelementa i faga, seier departementet. Kjerneelementa er det som må vere med og er avgjerande for å forstå faga og for å kunne sjå samanhengane i faga. Sentrale metodar, begrep og prinsipp som bygger faga, er viktige i den samanhengen, det er også det faglege innhaldet som må vere med for å forstå og kunne bruke faga.

Eit læreplanverk for det breie eller det smale?

Alt det nye skal kome til uttrykk i eit nytt læreplanverk. Det vil innehalde to delar: ein overordna del og læreplanar for fag. Det er interessante skilnader mellom Ludvigsenutvalet og departementet i synet på korleis det nye læreplanverket skal utformast.

Ludvigsenutvalet vil legge fagovegripande kompetansar som å lære, kommunisere, samarbeide, delta, utforske og skape og også det sosiale og emosjonelle til læreplanar for fag, uttrykt som kompetansar. Det same gjeld grunnleggande ferdigheiter og dei tverrfaglege emna. Stortingsmeldinga seier at berre i den grad desse kompetansane og emna har relevans i faga, skal dei gå inn som kompetansar i læreplanane, og då på faga sine premissar. I staden skal dei omtalast i overordna del og prege undervisninga.
Når Ludvigsenutvalet la fagovergripande og andre kompetansar som er viktige i eit breitt kunnskapssyn, til faga, var det ut frå ein tankegang at skal dei få konsekvensar for arbeidet i skulen, må dei vere ein del av læreplanane for fag.

Slik det går fram av stortingsmeldinga, kan vi sjå konturane av læreplanar som først og fremst bygger på det faglege og på fagleg relevans. Spørsmålet som reiser seg, er om det meste av det Ludvigsenutvalet la inn i det breie kompetansebegrepet blir «parkert» i overordna del med små konsekvensar for det daglege arbeidet. Eller er dette tvert om noko som knyter saman delane av læreplanverket, ved at overordna del får innverknad på læringsarbeidet?

Kva skal vurderast?

Både Ludvigsenutvalet og departementet vil vidareføre det målrelaterte vurderingsprinsippet. Men skilnaden i syn på kva som skal vektleggast i fagfornyingsprosessen, får også konsekvensar for vurderingsordninga.

Fagovergripande kompetansar og fagspesifikt innhald vil vere tett samanvevd i faga, seier Ludvigsenutvalet. Det er denne heilskapen og elevane sin samla kompetanse vurderinga skal ta utgangspunkt i, og ikkje i enkelte kompetanseområde eller fagovergripande kompetansar isolert. Departementet vil i større grad reindyrke faga og knyte til det fagovergripande berre i den grad det har relevans for enkeltfaga. Kompetansemåla og dermed også vurderinga vil derfor bli meir fagspesifikk.

Departementet legg til grunn eit smalare vurderingsgrunnlag enn Ludvigsenutvalet. Det er elevane sitt faglege nivå og graden av måloppnåing som skal vurderast, uavhengig av arbeidsinnsats og innstilling til faget.

Problemstillingar

  1. Drøft korleis vi kan arbeide med fagovergripande kompetansar og tverrfaglege emne når dei skal innarbeidast i faga ut frå fagleg relevans og på faga sine premissar.
  2. Djupnelæring er eit berande prinsipp i fagfornyinga. Drøft kva lærarrolle og kva lærarkompetanse som krevst når dette prinsippet skal gjennomførast.
  3. Drøft kva som må gjerast for å knyte saman dei to delane av læreplanverket – overordna del og læreplanane for fag – slik at overordna del vil prege det daglege arbeidet med faga.
  4. Læreplanane skal i utgangspunktet vere kompetansebaserte. Det er ikkje til hinder for at dei også kan ha innslag av innhaldselement. Drøft spørsmålet om innhaldselement i læreplanane, også ut frå lærarens behov for handlingsrom når det gjeld val av lærestoff, reiskapar og metode.