Oppstart av nytt arbeidsår

Nytt arbeidsår er i gong, også for fylkesstyret og tilsette i Utdanningsforbundet Vestland. Denne veka har vi hatt ei oppstartssamling i Kalvåg i Bremanger.

Vi er godt på veg å lande ei politisk handlingsplan for det kommande året. Våre innsatsområde skal vedtakast i styremøte i september, men det er arbeid fram mot stortingsvalet og tiltak knytt til organisasjonen si strategiske plan som vil ligge i botn for arbeidet. Økonomi og kommunebudsjett, likeverdige opplæringstilbod over heile landet, lærarutdanninga og rekrutteringssituasjonen er nokre få av dei tema som var oppe i diskusjonen.

Medlemsråda fylkesstyret har oppnemnt for dei ulike medlemsgruppene er godt i gong med sitt arbeid. Desse er viktige supplement som rådgjevande organ til fylkesstyret. Nytt av året er at vi planlegg å få på plass ulike nettverk knytt til medlemsgruppe FAS (fageleg og administrativt støttesystem). Nettverk for tillitsvalde i vaksenopplæringa er allereie etablert og vi vil halde fram dialogen med denne gruppa.

Hausten vil bere preg av høg kursaktivitet for våre tillitsvalde, med både fysiske samlingar rundt om i fylket vårt og også digitale kurs og møte. Det er mange oppgåver som står i kø lokalt. Vi ser også fram til å samle lokallagsstyra til ei storsamling i desember, for skulering, debattar og inspirasjon til vidare arbeid lokalt.

Tillitsvalde og tilsette på fylkeskontoret er tilgjengelege for å svare ut dei henvendingar som kjem. Vi vil legge til rette for å treffe medlemmer ute på medlemsmøte og andre arrangement som lokallaga våre skipar til.

Lukke til med det viktige arbeidet de som medlemmer gjer ute på arbeidsplassane! Vi ønsker også lukke til med nok ein travel haust for våre tillitsvalde. Tillitsvaldarbeidet utgjer grunmuren for vår organisasjon og er viktig både for å bistå enkeltmedlemmer, men også for eit godt partssamarbeid med arbeidsgjevar, for det beste både for tilsette, born, elevar og studentar.