Lederbrølet

Kunnskapsministeren lyttar til Lederbrølet

Skuleleiarane på Askøy har i lang tid varsla om uhaldbare arbeidsvilkår og manglande rammer til løyse dei store utfordringane i skulen. Utdanningsforbundet Vestland har støtta oppropet og bidrege til å spreie informasjon om Lederbrølet til andre lokal- og fylkeslag.

 

No ser vi at skuleleiarar over heile landet slår alarm: https://www.nrk.no/ostfold/rektorer-over-hele-landet-protesterer-1.16882992

 

Leiarane på Askøy har sendt brev til Kunnskapsministeren og bede om eit møte for å forklare meir om utfordringane i skulen. No har departementet invitert dei til eit møte i slutten av august.

Utdanningsforbundet Vestland heiar på gjengen bak Lederbrølet og på alle andre leiarar i skular og barnehagar som ytrar seg og bidreg med fagleg innsikt i det offentlege ordskiftet.

 

Vi forventar at styresmaktene lyttar til profesjonen når vi slår så kraftig alarm som vi no gjer!