Etter nokre hekstiske vintermånader, er det no godt å ta ein velfortent pust i bakken for våre medlemmer i Utdanningsforbundet Vestland. Tilsette og tillitsvalde på fylkesnivå har nytta månadene frå nyttår til å planlegge og gjennomføre kurs for nye tillitsvalde og storkurs for alle tillitsvalde. I tillegg har vi gjennomført fleire fylkesstyremøte, der vi mellom anna har handsama ei rekke høyringar, som går via vårt sentrale ledd til m.a. kunnskapsdepartementet og fylkeskommunen.
Fleire fylkesstyremedlemmer har også hatt gleda av å delta på lokallagsårsmøte rundt om i vårt vakre fylke. Det er alltid kjekt å kome ut og møte medlemmene. Vi vil rette ein særleg takk til våre tillitsvalde rundt om på arbeidsplassane som legg ned mykje arbeid på vegne av medlemmene. Takk også til alle tillitsvalde på lokallagsnivå som legg til rette for gode møteplassar og medlemsengasjement.