Vi jobbar for dykk i vidaregåande skule og fagskule i perioden 2023-2027

Denne veka hadde hovudtillitsvalde oppstartssamling i vakre omgivnader i Gulen, saman med kontaktperson og varakontaktperson for vidaregåande og fagskule i Utdanningsforbundet Vestland.

Av oss åtte som blei valde på fylkesårsmøtet i mai for å ha vidaregåande og fagskule som kjerneoppgåve, er det fire nye og fire erfarne «ringrevar».

Kontaktperson for vidaregåande og fagskular: Sabine Exner (ny, nede til høgre) og Ane Kristine Aadland (vara kontaktperson, ny, oppe til høgre)

Hovudtillitsvalde: Oppe frå venstre: Rune Stadsnes (gjenvald), Linda Solhaug (ny), Hilde Hauglid (ny), Nede frå venstre: Eivind Johannessen (gjenvald), Heidi Rye Høyforsslett (gjenvald), og Unn Elin Lohne (gjenvald)

Oppgåvene til kontaktpersonane og HTV-ane er ulike, men også overlappande. Vår felles oppgåve er først og fremst å følgje opp deg som høyrer til medlemsgruppa vidaregåande og fagskule. Kontaktpersonane Sabine og Ane er organisasjonstillitsvalde og sit i fylkesstyret UDF-Vestland i gjeldande periode. I tillegg er Linda fylkesstyremedlem, og dei andre HTV-ane har møte- og uttalerett. Vi oppmodar plasstillitsvalde og andre medlemmar til å ta kontakt med oss når de ynskjer råd og rettleiing kring avtaleverket og andre saker. De kan og ta opp saker som omhandlar skulepolitikk.

Vi ser fram til å bli kjende med dykk/treffe dykk igjen, og til å ha mykje god kontakt framover