Landsmøtedelegasjonen er godt i gang med arbeidet

Landsmøtet er Utdanningsforbundet sitt øvste organ. Det blir arrangert 6.-9. november på Thon Hotel Arena, Lillestrøm. Delegasjonen frå Vestland har starta arbeidet med førebuingane.

Førre veke var landsmøtedelegasjonen igjen samla, denne gong i Loen. Vi er ein stor delegasjon, breitt samansett frå alle medlemsgruppene våre, som skal reise på landsmøtet i november. Med heile 19 delegatar vert vi den største delegasjonen.

Fylkesleiar Steinar Strømsli, som er delegasjonsleiar, seier at delegasjonen er godt i gong med arbeidet, og skal representere fylkesårsmøte på best mogeleg vis.

Det er mange saker som skal diskuterast og som ein skal gjere vedtak i, mellom anna kontingent og ressursfordeling i organisasjonen og vedtektsendringar. I tillegg kjem dei viktige politiske sakane som er førande for arbeidet i neste landsmøteperiode.

Landsmøtesakene er publisert på nettsida til Utdanningsforbundet. Meir om sentralstyret si endeleg innstilling til sakene  kan du lesa her.

Neste delegasjonsmøte vert i midten av oktober. Då skal vi dykke endå djupare ned i dei politiske sakane.

Delegasjonen frå Vestland:

Steinar Strømsli

Mildrid Kronborg Økland

Anita Holm Cirotzki

Marit Himle Pedersen

Bjørn Olav Tveit

Sabine Exner

Tore Roth Blokhus

Hilde Omdalsmoen Fidje

Berit Dale

Heidi Irene Rennestraum

Solfrid Furre

Stian Jakobsen

Kristine Berdal

Ane Kristine Aadland

Kåre Grevle

Linda Solemdal Solhaug

Odd Arild Viste

Bente Myrtveit

Synnøve Kirkebø

Første vara:

Frode Wollberg