Er du vår nye kandidat til Leiarråd eller Pensjonistråd i Utdanningsforbundet Vestland?

Utdanningsforbundet Vestland har i desse dagar sendt ut brev til alle lokallaga der vi ber om innspel til kandidater til Leiarrådet og Pensjonistrådet. Frist for attendemelding er sett til 1.oktober.

Nominasjon av kandidatar til leiarrådet

Fylkesstyret gjorde 8.9.2023 vedtak om oppretting av leiarråd.
Leiarrådet skal setjast saman slik at det representerer leiarmedlemmar frå alle medlemsgruppene, frå ulike verksemds- og avtaleområde, og ulike typar lokallag. Leiarrådet skal drøfte leiarfaglege, utdanningspolitiske og tariffmessige spørsmål og gje råd til fylkesstyret og til sentralt leiarråd.

Leiarrådet skal drøfte organisasjonen sitt arbeid for å rekruttere og ta vare på leiarmedlemmane og gje råd til fylkesstyret og til sentralt leiarråd.

Leiarrådet vil gjennomføre minst to møter pr. semester. Rådet vil sjølv ta stilling til om møta skal vere fysiske eller digitale eller ein kombinasjon av desse.

Nominasjon av kandidatar til Pensjonistråd

Fylkesårsmøtet vedtok i sak 7, Retningslinjer for arbeidet i kommande periode, at det skal oppnemnast eit pensjonistråd i fylkeslaget.

Storleik på rådet, samansetjing og møtefrekvens:
• 6 medlemmer og 3 varamedlemmer.
• Pensjonistrådet peiker sjølv ut leiar av rådet.

Det er ønskeleg at fleire medlemsgrupper er representert og at samansetjinga speglar geografien i fylket. Det er viktig at medlemmene i pensjonistrådet er engasjerte og har høve til å møte både i digitale og fysiske møte. Møtefrekvensen for medlemsrådet er 2-3 møter i halvåret.

Ta kontakt med ditt eige lokallag og meld di interesse dersom du ynskjer å bli medlem i eitt av råda. Veit du om andre aktuelle kandidater kan du gjerne sende ei melding og tipse lokallaget ditt.