Debatt om rekrutteringsutfordringane

Fylkesstyret i Utdanningsforbundet Vestland er svært uroa over dei låge søkartala til lærarutdanningane i fylket vårt. Rekrutteringsutfordringane er alvorlege både i barnehage og skule. Det var difor viktig at HVL arrangerte politisk debatt på campusa i Sogndal, Bergen og Stord onsdag 23.august. Tema for alle debattane var kva kommunane kan gjera for å at det skal bli meir attraktivt å jobba i barnehage og skule.

Ved Campus på Kronstad hadde både studentar og tilsette møtt opp i tillegg til tillitsvalde frå fylkesstyret og lokallaget Bergen.

Dekan ved fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Asle Holthe starta arrangementet i Bergen med ei innleiing som skildra den dramatiske situasjonen godt. Mange ledige studieplassar ved alle lærarutdanningane,  samstundes som for mange ikkje opplever barnehage og skule som gode arbeidsplassar. Dekanen peika på både lønn og betre rammevilkår som viktige tiltak for å snu utviklinga. Lokalpolitikarane frå Bergen hadde mange lovord om jobben som vert gjort i barnehage og skule. Av tiltak som vart trekt fram i debatten var mellom anna at bemanninga i barnehagen måtte styrkast, det måtte satsast på opprusting av barnehagebygga i Bergen og dokumentasjonskrava og rapporteringa må reduserast for at dei tilsette skal få meir tid til borna. Av tiltak i skulen var mange opptekne av å få fleire yrkesgrupper inn i skulen for å rydda i oppgåvene. Skulebygga må rustast opp og politikarane må gi lærarane tillit og ikkje detaljstyra skulen.

På Stord  innleia prodekan  for strategiske satsingar; Sigurd Sandvold med å peika på at studenttalet ved HVL på Stord var ein del av ein nasjonal trend, og at dette ville føra til born og unge framover ikkje vil få kvalifiserte lærarar. Sandvold peika på framsnakking av læraryrket som eit tiltak, i tillegg til at barnehage og skule må opplevast som gode arbeidsplassar med synlege rektorar og styrarar som har god relasjonskompetanse.

I trappeamfiet på HVL sitt campus på Rommetveit hadde både studentar, tilsette og lokale tillitsvalde møtt opp. Politikarane i panelet var opptekne av rekrutteringskrisa i barnehage og skule. Tiltak som vart løfta fram var tiltak for å auka grunnbemanninga, samarbeid mellom høgskulen og kommunane, og tiltak i studentmiljøet for å trekka fleire studentar til Stord. Å avlasta lærarane ved å nytta andre yrkesgrupper i skulen, mellom anna for å møta utfordringa med vald og trugsmål i skulen var og tiltak panelet var opptekne av.

Utdanningsforbundet var og tilstades i Sogndal. Seks av dei ni partia som stiller til val i Sogndal møtte opp til debatt, Ap, H, Frp, Sp, V og SV. Politikarane var samde om at læraryrket er noko av det viktigaste me har. Dei ynskte å vera med å snakka opp yrket og ikkje minst å framsnakka Sogndal som studiestad. Fleire peikte på trongen for meir ressursar til skule og barnehage, eit mål om auka bemanning og å få andre yrkesgrupper inn i skule og barnehage. På direkte spørsmål frå leiar i Utdanningsforbundet Sogndal, Steinar Øydvin, om ein faktisk var villig til å prioritera skule og barnehage når budsjettet skal balanserast, var det få konkrete lovnader å få.

Takk til HVL som inviterte inn til debatt. Det vil visa seg ved neste høve om partia held lovnaden om å syta for auka bemanning!

Utdanningsforbundet vil følga med både i lokal-og fylkeslag etter valet når kommunebudsjetta skal vedtakast. Rekrutteringskrisa i barnehage og skule er eit samfunnsproblem som krev handling. Utdanning er eit politisk ansvar.

Utdanningsforbundet Vestland oppmodar alle om å nytta røysteretten !