Anekdoter frå landsmøta

Nestleiar i Utdanningsforbundet Vestland, Mildrid Kronborg Økland, har delteke på alle landsmøte i Utdanningsforbundet unntatt i 2006.

Nestleiar Mildrid Kronborg Økland har delteke på alle landsmøte i Utdanningsforbundet unntatt i 2006. Då var ho i foreldrepermisjon. Vi utfordra nestleiaren vår til å reflektere kring landsmøta opp gjennom tidene.

- Det har jo vore ein viss variasjon i organiseringa av møta, frå innslag av gruppearbeid i 2012, morgonseminar, eksterne innleiarar i nokre saker og til den meir tradisjonelle gjennomføringa med innlegg får delegatane på talarstolen. Forbundet har landa på det siste på dei siste landsmøta. Delegasjonane har opp gjennom tidene gjeve uttrykk for at meiningsutvekslinga skal gå føre seg i plenumssalen.

Mildrid viser fram eit knippe landsmøtepermar, som ho enno har liggande i hylla på kontoret sitt i Bergen.

- Det har jo heldigvis skjedd ei forenkling av dokumenthandtering og avstemmingsmåtar gjennom å digitalisere dette. Det er eg glad for, samtidig som eg likar at ein viser stemmesetel samtidig – då er det lettare å få oversikt over kva salen meiner i sakene.

Er det noko du hugsar som særleg minnerikt?

- På landsmøtet i Lillehammer i 2009 var det stor aktivitet knytt til lanseringa av forbundets politikk i dokumentet Morgondagens barnehage og skule. Det var mykje drakamp og over 600 forslag til endringar. Eg var i redaksjonskomiteen for saka og eg hugsar vi jobba gjennom to netter. Landsmøtet landa omsider saka. Under festmiddagen siste kveld innleia toastmaster Ingunn Alver med at vaskepersonalet meldte at det stod att ein hordalandsdelegat på talarstolen. Det er klart – eg har jo alltid vore del av den største delegasjonen på landsmøte. Det vises sjølvsagt att i talelista. Men eg synes delegasjonane frå vest har hatt med seg eit gjennomarbeidd mandat gjennom årsmøtevedtak og eg synes ikkje vi tek ordet i utrengsmål.

Er det nokre hendingar eller saker du vil trekke fram særleg frå landsmøta?

- Kravet om sentral lønnsdanning er ein gjengangar og det er ofte uttrykt frustrasjonen hos mange delegatar at vi i politikkdokumentet vårt på den eine sida er tydeleg på dette kravet, samstundes som vi skal legge til rette for god opplæring av dei tillitsvalde i lokale forhandlingar. Elles var det knytt stor spenning til valet av leiar i 2009, som Mimi Bjerkestrand gjekk seirande ut av. Det var også ei viss spenning på landsmøtet i 2015, då eit magevirus slo ut fleire delegatar. Men vi kom i hamn den gongen også, men ikkje før kl. 18 siste kvelden.

Vi utfordra Mildrid på om det er særlege saker ho brenn for?

- Som nestleiar i Vestland, har eg eit særleg ansvar for å sjå heilskapen, for å organisere arbeidet i fylkeslaget og for å bistå lokallaga i deira arbeid. Då er det viktig å setje seg inn i vedtekter og retningslinjer, men også vere interessert i prosessar som driv organisasjonen framover. Derfor er delen om organisasjonen i utvikling særleg viktig, meiner eg. Det er her vi legg grunnlaget for ein god organisering av arbeidet, med mål om at medlemmer og tillitsvalde skal ivaretakast på ein god måte, uansett tariffområde og medlemsgruppe. Dette ligg i botn for å kunne bistå i lov- og avtaleverk, for politikkutvikling og for å vere ein synleg aktør både i samfunnsdebatten og i møte med arbeidsgjevar på alle nivå.

Har du nokre gode råd til dei som er heilt ny som delegat?

- Ikkje ver redd for å ta ordet. Du vil kanskje oppleve at nokon er ueinig med deg, men folk klarar å skilje sak og person. Følg særleg godt med i avstemminga under sak om vedtektsendringar og høyr etter kva dirigentane ber deg om før du stemmer. Her har heilt sikkert mange gått på ei blemme opp gjennom tida. Sist, men ikkje minst: Sov frampå siste veka og hugs danseskoa til landsmøtemiddagen.