Ekstraordinært årsmøte og medlemsmøte torsdag 11. april.

Publisert: 15.04.2024

Lokallaget gjennomførte val- og medlemsmøte torsdag 11.april. Møtestaden var Voss gymnas, og vala vart gjennomført etter godt arbeid frå valnemnda. Etter vala var unnagjort, inviterte me til medlemsmøte med Ingrid Helleve, professor em., UIB som gjest. Tema var å få fram profesjonen si røyst innan skule og barnehage.

Lærarane veit kva som skal til for å ha gode skular og barnehagar, difor må me sikre at lærarrøysta innan skule og barnehage blir lytta til. Mange utanforståande meiner mangt og mykje om barnehage og skule, og me har politikarar som meinder dei skal styre utviklinga.
 - No er det på tide at samfunnet lyttar til lærarane!
Det vart eit godt medlemsmøte om profesjonsrøysta der Ingrid Helleve, hadde ei flott innleiing omkring tema.. I innnleiinga viste ho utviklinga som har vore siste tiåra, kva forskinga seier nyttar og innleiinga gav eit godt grunnlag for diskusjonen etterpå.
Forskinga seier utviklinga må kome frå skulen og barnehagen, med rettleiing utanfrå. Ikkje slik det har vore over fleire år, der det eine utviklingsprosjektet etter det andre har blitt initiert ovanfrå/utanfrå, utan at ein får gjort ferdig det prosjektet ein held på med.
Gode innspel frå møtedeltakarane på eit svært viktig tema.